torsdag 4. mars 2010

TILBAKE TIL KVARDAGEN

Sjokket ved å vere heime att etter ei veke utanfor heimen vart så stort at eg har ikkje kome meg i gang att med blogging før no.
   Me var i Austevoll nokre dagar og kjempa mot snøplaga. Først skufla me vekk fleire kubikkmeter med snø så me fekk den kjære bilen vår inn til huset. Så opplevde me at neste morgon var det like mykje snø der, og me laut til att å spa og koste. Det same hende neste dag og. Utanom det hadde me meir enn nok med å følgje med på og heie på idrettsfolka våre i Vancouver og der omkring. Me fekk jamvel tid å kose oss, lese, løyse kryssord, prate, ete og slappe av. At me i tillegg hadde eit par dagar med magesykje, trur eg me hoppar glatt over. Det var noko drit, rett og slett.


   Deretter vart det trondheimstur og fleire dagar med born og barneborn. Laurdagen feira Sigurd og Frida felles bursdagsfest. Frida var seks den 21. februar, Sigurd fyller fire den 11. mars, så denne feiringa blir årleg lagt til ein dag imellom desse datoane. Og alle våre etterkomarar var til stades i tillegg til nokre av morssleka. Mor til dei to små er frå Surnadal.
   Så kom me oss omsider heim att måndag kveld, og no er det allereie snart fredag                                                                                        
                                                                                                

1 kommentar:

  1. Ja tida går som kniv i smør. Stundom tregt og hakkete, andre tider snøgt og glatt.
    Men etter ein vinterferie som du beskriv, er det ikkje rart du treng ei tid til restitusjon

    SvarSlett