mandag 22. februar 2010

VINTERFERIE

Til informasjon for dei som les dette: I dag fer Anne og eg på vinterferie. Først til Austevoll, og torsdag til Trondheim. I den perioden har eg ikkje tenkt å røre ei datamaskin, så no vert det bloggpause.
   Det har lava ned med snø sidan natt til i går, så i år kjem det til å likne på vinterferie. Men me tek ikkje med oss ski denne gongen, trass i rikeleg med snø. Så får me sjå kva me finn på å fordrive tida med. OL er ikkje over, jamvel om det har vore litt medaljetørke no eit par dagar. Men enno er det håp.
   Ein god grunn til å reise til Austevoll i dag, er at feiaren der ute har tenkt å vitje oss i morgon. Så han har nok ikkje teke seg vinterferie enno.

1 kommentar:

  1. Ønskjer dokke ein god vinterferie. Klokt å reisa vekk, så ein slepp all denne måkinga. Går ut frå at du har alliert deg med naboen ...

    SvarSlett