torsdag 4. februar 2010

THAILAND

Når ein ikkje har noko å skrive om, får ein skrive om noko anna. Eg har nemnt i eit innlegg nyleg at me har kjentfolk på langferie på hi sida av verda: i Thailand. Det morosame er at me bloggar og les og kommenterer innlegga til kvarandre. Og no har forsyne meg Gunnar lagt inn link til min blogg, så då kan ikkje eg vere dårlegare:

   http://gunnares.blogspot.com/

   Og du treng ikkje sjå etter noko nytt inlegg på sida mi før over helga, for i morgon forlet me heimen for nokre dagar og kjem att måndag. Men for alt eg veit, kjem Gunnar med kommentar til dette og!      
   Då hadde eg noko å skrive om i dag og! God helg!

1 kommentar:

  1. Eg skjønar ikkje at du tør å reise frå hus og heim. Sjansen for at alt snør ned og forsvinn, er overhengande så vidt eg forstår.

    SvarSlett