onsdag 30. oktober 2013

UNGKALVANE I BRAKKO

Eg skal prøve å lage eit oversyn over personalet som hausten 1973 gjekk til si gjerning for å banke rein ånd inn i skoltane på unge kvinnheringar. Først må eg nemne rektor Leiv Døssland, som trass i namnet ikkje var frå Uskedalen, men frå Sunde. Då eg gjekk på Firda Gymnas på Sandane i Nordfjord, var han ein vel omtykt adjunkt der på huset, som hjelpte oss litegrann med russerevyen me hadde der for nøyaktig femti år sidan i desse dagar. Hausten 1972 tok han farvel med Firda og gauv laus på oppgåva med å få i gang eit gymnas i heimbygda hans. Fru Eldbjørg var sjølvsagt med på lasset. Ho var ikkje tilsett på skulen, men stilte opp når det trongst eit tak, og det gjorde det ofte. Til dømes var det ho som pynta pianokrakken i songtimane til Døssland. Litt kontorarbeid tok ho òg.
   Så var det eit sprang i alder på meir en eit kvart hundreår til den nest eldste læraren i heil stilling: Leiv Guddal. Han var ein seig kar som heldt ut på skulen fram til Statens Pensonskasse tok på seg å brødfø han. Han òg var og er kvinnhering, han underviste i engelsk, norsk og tysk, rykte opp  gradene og var rektor i årevis på det som etter nokre år vart Kvinnherad vidaregåande skule.
  Me hadde ein timelærar i religion som ikkje var så mange år yngre enn Døssland: Trygve Teigen. Han rekna seg ikkje heilt ufortent som ein av skulen sine åndelege fedrar, sidan han som politikar var med og drog i trådar som førte til at bygda fekk gymnas.
  Ole Per Tau frå bygda eit kort stykke utanfor Stavanger med same namn som etternamnet hans  var ein høgt skatta språklærar som fekk ansvaret for mykje av dei framifrå fransk- og engelskkunnskapane som grodde fram i unge kvinnheradssinn på syttitalet. Etter fem år forlét han oss dessverre til fordel for heimbygda si.
   Ei dame som var innom og doserte litt tysk, heitte Jorun Stangnes Norum. Ho hadde elles si gjerning på ungdomsskulen. Kvar ho vart av i verda, anar eg ikkje.
   Så var det realistane: Trond Vikane frå Herand er ein av dei legendariske lektorane i realfagf som dominerte dette fagområdet i mange år. Han heldt det gåande på denne skulen til han møtte den same lagnaden som Leiv Guddal: Statens pensjonskasse.
   Magnar Velsvik  frå Voss var med oss berre eitt år. Han var den yngste av oss i heile stillingar, og den som først forlét oss. Litt motvillig, faktisk. Han stortreivst i bygda og på skulen, men fagkombinasjonen gjorde at han laut vike plassen. Ingen av oss hadde faste stillingar då, berre på åremål i påvente av ny lov om vidaregåande opplæring. Magnar døydde dessverre altfor ung. Det gjer meg vondt. Eg hadde god kontakt med han i fleire år etter at han drog. Så dabba kontakten av. For nokre år sidan oppdaga eg dødsannonsen.
   Tre personar i andre jobbar steppa inn som gymlærarar dette første året eg var der: Tore Kjell Olsen, betre kjend som sjåførlærar, Torfinn Myklebust, ein allsidig mann som hadde mange jern i elden, men som no er død, og så ei dame frå Nord-Noreg, fru Kristensen. Førenamnet hennar hugsar eg ikkje.
   Har eg fått med meg alle no?  Viss eg har gløymt nokon, får du bruke kommentarfeltet.
  Og bortsett frå sjefen sjølv var det altså ein flokk med ungkalvar. Leiv G. var 33, Trond og Ole Per var 30, eg var 28 og Magnar endå eit år eller to yngre. Kunne slikt gå bra?

tirsdag 29. oktober 2013

FLYTTESJAU

Det første året mitt og det andre året til gymnasklassane i Kvinnherad kunne starte opp. Det gjekk nokre dagar i kummerlege kår. Klasserom nr. 5 på Undarheim skule fungerte som lærarrom, kontor, arbeidsrom for lærarar, lager, bibliotek og plass til læremiddelsamling. Stakkars 1R, dei laut ha undervisninga nede i bomberommet til så lenge.
   Men så opprann dagen då me kunne flytte inn i Gymnasbrakko! 1R fekk det største og lysaste klasserommet av alle: Det store enderommet inn til venstre i brakko. Rett nok laut dei låne det ut når Eldbjørg og Leiv Døssland hadde sine legendariske songtimar der inne.
   Apropos songtimar: Rektorparet gjekk til si gjerning på Husnes i sann folkehøgskuleånd. Fru Eldbjørg Døssland var oppvaksen på ein folkehøgskule, dotter til rektor – orsak: folkehøgskulestyrar! – Martin Birkeland på Fana folkehøgskule. Song var eit viktig oppsedingsgrep i det skuleslaget, og dei to musikk- og songglade idealistane ville gjerne føre denne arven vidare inn i den høgare skulen. Difor stod det eit piano nede i bomberommet. Det skulle flyttast over i klasserommet i Brakko. Me lærarane, fem i full stilling utanom rektor, tok oss av flyttinga av alt som var. Det einaste eg hugsar, var flyttinga av pianoet. Du veit sikkert kor krevjande det er å flytte slike instrument, gu’gje dei hadde brukt munnharpe til songakkompagnement! Det skjedde ikkje noko høgdramatisk, men eg hugsar at då me etter eit fælande strev og mykje innvendig banning (me torde ikkje banne høgt, me visste ikkje då at Døssland var humanetikar) fekk pianoet ut or hovudbygget og ut på plassen. Då gjekk det lettare, og Ole Per utbraut: ”No går det så fint at me kan gå like til Rosendal med det!”
   Snart var alt og alle på plass: Døssland fekk sitt kontor inst til høgre, læremiddel og utstyr vart sortert og lagra, gangen vart til bibliotek, og inne i det store midtrommet kunne me setje oss ned med nista vår eller halde lærarråd når det trongst. Eller berre preike drit om elevane våre eller kva det no var.
  Og når kulturen kravde det, vart det kulturkveldar og andre samkomer i rommet til 1R, der pianoet stod. Til dømes med Olav H. Hauge nokre år etter innflyttinga.

mandag 28. oktober 2013

GYMNASBRAKKO

Slik ser gymnasbrakko ut i dag.

Eg har truga med å skrive om saker og ting som hende for tretti-førti-femti år sidan. Så no kjem det nokre glimt frå brakkelivet på syttitalet.
   Ordet brakke assosierer me gjerne med to forhold: tyskarar og rallarar. Under krigen smelte tyskarane - eller like gjerne krigsfangar eller nordmenn som jobba for okkupantane, opp brakker i hopetal. For det første hadde dei brave krigarane allereie bomba eller brent ned ein del hus her og der. Så noko måtte kome i staden. For det andre var det på det meste om lag 350 000 tyskarar her i landet på slutten av krigen, for det meste soldatar. Dei stakkars folka laut jo ha ei stad å bu. Og for det tredje oppretta dei ein del fangeleirar der brakkene stod på rekkje og rad.
   Mange av tyskarbrakkene vart brukte og misbrukte i fleire tiår etter krigen, ja, det finst visst framleis ei og anna i full bruk.
   Rallarar - anleggsarbeidarar - også kalla slusk - vart eit vanleg fenomen her i landet frå slutten av attenhundretalet. I dei første tiåra etter 1900 aula det av dei: Bergensbanen og andre jernbaner og vegar vart bygde, fossefall lagde i røyr og stolte fabrikkbygningar reiste seg i Odda, Notodden, Høyanger, Sauda og kvar det no var. Og brakker laut klare seg for dei som bygde landet så lenge de bygde. Når ein jernbanestubb eller ei demning var ferdig, kunne rallaren så å seie ta brakka på ryggen og flytte henne til ein annan anleggsplass. Ei brakke er rask å reise og rask å plkke ned, og i våre dagar kan dei faktisk vere både funksjonelle og trivelege. Eg vil tru at anleggbrakkene langs den nye jernbana over Hardangervidda var både gisne og utrivelege. Men det var før mi tid.
  Kvar vil eg hen med dette? Jau, då eg kom og begynte som lærar på det som den hausten fekk namnet Kvinnherad gymnas, var ei nesten nybygd brakke, fin og trekvit, eitt av dei husa som omkransa skuleplassen på Undarheim skule. Byggverket vart kalla Gymnasbrakko i mange år etter at me flytte ut våren 1979. Så om eg har budd fint lite i brakke, har eg arbeidd ein del år i eit slikt utskjelt hus. Ja, mens dei for fem-seks år sidan pussa opp den vidaregåande skulen på Husnes og bygde eit nybygg i same slengen,  underviste eg og fleire med meg ein del timar i nokre brakker som dei kom trillande med, og som vart fjerna etter at dei hadde gjort like for seg.
   Gymnasbrakko står ved  Undarheim skule enno, og har tent ulike pedagogiske føremål i førti år. Som så mangt ein sleit med i gamle dagar, står brakketida i syttiåra i ein eigen, rosa glans. Med rette og urette.

lørdag 26. oktober 2013

SAUP

Då syskenbarnet Ove fylte femti rett etter tusenårsskiftet, skreiv han ein sjølvbiografisk song på femti vers som han framførte i bursdagslaget mens han klimpra på trekkspel attåt. Heilt mot slutten - i vers 47 og 48 - mimra han litt om maten heime på Ilkjen og konkluderte med
   
     -"å, kor eg saknar saup"!
     - saknar eit spann med saup.

(Sitert utan løyve frå forfattaren.)

   No trengst det litt folkeopplysning: Her er det snakk om den beste tyrstedrykken som finst - eller fanst.  Men han er ikkje å få kjøpt her i landet. Kanskje hos nokre lokale matprodusentar, om me leitar gurndig. Bror Steinar inspirerte meg til å skrive om denne vidunderdrykken då han skildra Jørgina i går.
   Nemner du ordet saup for folk no til dags, er det små sjansar for at dei forstår.  Du kan prøve å omsetje det til kinnemjølk eller kjernemelk, og då er det nokre få - men ikkje mange - som skjønar litt meir. Det handlar altså om restproduktet når ein kinnar smør; ei væske som både på smak og utsjånad liknar på surmjølk. I alle fall viss du kinnar smøret frå rømme, slik det vart gjort før i tida.
   Tidleg på femtitalet slutta me å produsere smør heime og leverte direkte til det nybygde Bygstad meieri. Mjølkespanna stod først til kjøling i kjelda til dess me trilla dei i ei handvogn bort i riksveg 570 og sette dei på den nybygde mjølkebukken i lag med spanna frå Garatunet og Finntunet.
Bror Arne balar med meierispanna
Så kom mjølkebilen og lempa dei inn, køyrde til Dale og fekk dei om bord i båten til Bygstad, der dei i neste omgang vart skyssa opp på meireiet på ein eller annan måte. Korleis dette kunne løne seg, må ein lure på. Eit par år seinare var vegen frå Dale til Bygstad fullført, så transporten vart enklare. Så bygde dei eit meieri med avgrensa produksjon i Dale: Skummestasjonen. Då fekk spanna våre mykje kortare reise.
   Bror Steinar bommar litt når han seier at det minka på saupdrikkinga etter at me begynte å levere mjølka til meieriet. Nei, slett ikkje! Me hengde ei lita trespil på eitt av spanna der Papen hadde skrive: SAUP ATTENDE. Då kom spannet heim fullt i meierisaup. Me snakkar om trettiliterspann. Det var eit billeg produkt å kjøpe, og det me ikkje drakk sjølve eller brukte i brød og saupsupe, gjekk i kalvane og grisen. Men sant skal seiast: Det var ikkje fullt så godt som saup frå heimekinning.
   Ja, saupsupe var ein høgt skatta matrett, spesielt om sommarkveldane når me var tyrste og svoltne. Det var fort gjort å koke opp ei panne med saup, hive oppi nokre skeier mjøl og late det putre litt før me supplerte med ei teskei salt, sette produktet på bordet, auste opp og sukra det godt i den djupe tallerken. Tre-fire store tallerkar gjekk gjerne ned før ein var forsynt.
   I barndomsheimen til førnemnde Ove kinna dei i mange år etter at me gav oss. Skulle ikkje forundre meg om dei stundom gjer det framleis. Og viss sauphungeren vart for overhendig når eg var heime på ferie i Flekke, gjorde eg meg ærend til onkel Anders og tante Målfrid og spurde forsiktig om eg kunne få eit glas saup.
   Danskane og tyskarane kan kunsten framleis. Når me kjem over danskegrensa på sommartur i bil, trillar me inn på ein butikk og kjøper kærnemelk. No er visstnok den vanlegaste kjernemjølka der i landet laga om lag som skumma surmjølk eller Cultura her i landet, altså av separert mjølk og ikkje frå kinninga. Men om du leitar, finn du "Gammeldags kærnemelk", og då begynner det å likne på noko. På  det saupet me drakk heime. Når me så kjem over tyskegrensa, må me leite etter Buttermilch.
   Eg nemnde forresten Cultura. Og her har me eit produkt som liknar mykje på saup. Cultura naturell, vel å merke. Forferdeleg namn, men godt å drikke!
   Kanskje eg skal prøve å koke saupsupe  av det ein kveld?

fredag 25. oktober 2013

GEORGINER OG JØRGINE



Bror Reidar har kvesst pennen og er på banen att etter ein lang bloggtørke, og det er bra.
I april for vel to år sidan var veslesystra og eg på sykkeltur til Bekkjarvik og hefte vekk sjølfolket medan dei heldt på å plante ut ein haug georginerøter. Det enda med at eg fekk 4-5 røter i gåve, og som til no har vore ut og inn i terrassekassen der dei har blømt så høveleg. Når det no er tid for å ta dei inn, kom eg til å tenkje på at Georgine og Jørgine visseleg har same rot.
På garden heime i Flekke levde to gamle damer i min oppvekst: Maria og Jørgina. Ifølgje SSB finst der no berre 6 kvinner i landet som heiter Jørgina, men heile 89 med namnet Jørgine. No var rett nok Jørgina døypt Jørgine ifølgje kyrkjeboka, men sjølv signerte ho som Jørgina. Som ung var Jørgina nokre år i Amerika, tilliks med fleire av syskena, andre Flekkingar og ei mengd nordmenn som vandra ut. Så fekk ho tæring, og drog heim ”for å døy i gamlelandet”
Etter opphald på Luster Sanatorium, noverande ”Harastølen” vart ho likevel frisk og levde til ho var langt over 80.
Når eg tenkjer på Jørgina, minnest eg henne først og fremst i to-tre situasjonar, alle har med sylting og suppe å gjere. Ho sat ved stovebordet og reinska (N)juper, som me kalla det – du er venteleg meir fortruleg med ”nyper”.  Ho delte njupene i to og skar vekk rusket med kniv, og så brukte ho ei hårnål til å fjerne ”lusa”. Og så skreiv ho etter kvar økt opp talet på njuper – visseleg hadde ho sans for statistikk. Statistikk førde ho også når ho reinska bringebær. Det ho då talde var makkane, som ho samla på ein papirbit til dei vart så mange og ustyrlege at ho laut rope på ein av oss ungane for hjelp til å bere dei ut!
Attende til njupene som vart nytta til syltety og gjerne til saftsuppe. Suppe høyrde til ved middagsmåltidet i min oppvekst. Det kunne vere saftsuppe eller mjølkesuppe, alt etter kva hovudretten var. Men det var også slik at me ungane ikkje var like glad i all slags suppe. Jørgina hadde eit fast uttrykk: ”Supa æ go’e den, berre et”! Men mamma hadde seinare dette å fortelje:
”Reidaren brukte å rope ned og spurde kva suppe me skulle ha i dag. Og var svaret ”melkesuppe”,  nekta han å stå opp” (Orsak, Reidar). Bror Reidar vart forresten ein klyppar i å lage saupsuppe til kvelds om somrane. Og med godt med sukker i, kunne me seie med Jørgina, at suppa var god. Berre synd at det vart sjeldnare med saup etter at me tok til å levere mjølka og slutta å kinne smør!
Jørgina var fødd i 1882, og var såleis 60 år eldre enn meg. Men eg kan ikkje seie at eg kjenner meg på langt nær så gammal som eg tykte ho måtte vere når ho var på min alder! Så gjeld det å halde liv i georginene, dei er vare for frost!

MEIR MIMRING?

Bloggsida mi heiter "Tankar om no og då", og her burde jo ikkje berre vere mimreinnlegg.Eg har spart lesarane mine for til dømes politiske framstøyt og og andre smakebitar frå vår samtid. Eg kunne nok ha hatt god lyst til å kommentere både stortingsvalet og aktuelle saker, og det kjem eg sikkert til å gjere av og til. Men eg har ikkje så mange lesarar at det er nødvendig å støyte dei frå meg på grunn av mine dårleg grunngjevne amatørfunderingar omkring politikk og den slags.
  Derimot er det velkjent at folk i min høge alder tyr lett til gamle minne når dei uttalar seg, og det kjem eg heilt sikkert til å gjere meir av. Til dømes er det freistande å bruke jubileumsknepet, og skrive om hendingar som feirar runde år. Kva med tjueårs- og tiårsminne? Der er eg nesten blank. 1993 og 2003 var tydelegvis ikkje så minnerike år. Hende det ingen ting dei åra? Truleg ikkje så store vendingar i livet mitt. Men for det som hende for femti, førti og tretti år sidan, stiller det seg annleis. I 1983 fullførte me bygginga av huset vårt og flytte inn her på Eikeland. Så der finst det ein del minne. For førti år sidan flytte me til Husnes, og eg begynte min lange lærarkarriere der i bygda. Hausten for femti år sidan begynte eg på siste året mitt på Firda gymnas, Jon Lyng hadde ein gjestevisitt som statsminister før Gerhardsen kom att, og to månader etterpå vart president Kennedy skoten. (Nei, der er ikkje nokon samanheng mellom desse episodane!) Fleire av desse sakene har eg teke føre meg i tidlegare blogginnlegg, og eg skal prøve å unngå repetisjonar. Men nokre av desse emna vil eg følgje opp litt grundigare. Og litt mimrepolitikk i forbifarten: For femti år sidan var det ein heidersmann i Sunnfjord som heiste flagget på halv stong den dagen Gerhardsen laut gå, men heiv det til topps i flaggstonga då han kom att etter fire veker. Der hang flagget og blafra heile natta.
   Eg såg ingen flagg på verken heil eller halv stong den dagen Stoltenberg gjekk av. Men så var ikkje han Einar Gerhardsen.

 

torsdag 24. oktober 2013

WHAT DOES THE FOX SAY

Hin dagen skreiv eg om lydar i gamleløa vår i Flekke. Det skal eg gjere i dag òg.
   Me var tre brør som fekk ein etterpåsleng av ei syster, og eg kan tenkje  meg at ho var tre-fire  år då me sat der alle fire i høystålet og pusta ut etter eit  gasta tak i strevet med hesjing og turrhøy. Og no vert jentungen litevetta utlevert, men det får ho tole.
  Best som det var, begynte ho å gaule: "Kille, kille, kille, kille..." Og det heldt ho på med, same om me spurde kva det var for noko.  Det kunne  knapt vere naudrop heller, for ho såg blid ut, berre ropte sitt "kille, kille, kille" med skingrande småjenterøyst. Først flirte me av påfunnet, men vart nesten urolege då ho ikkje ville gje seg med sitt "kille, kille,  kille". Hadde det tørna heilt for jentebarnet?
  Like brått som det heile begynte, stansa "killinga", og ho forkynte med eit stort glis: "Da seie måsen!"
  Synd me ikkje  filma episoden og  sende snutten til Ylvisane. Forresten, dette var lenge før dei var påtenkte. Ei  heller jutjub. Og slett ikkje videofilming i gamle løer.

tirsdag 22. oktober 2013

GODLYD

Eg snakka med Steinarbror på telefonen i dag, og me kunne ikkje unngå å nemne det hissige regnvêret som gjesta både Valen og Bergen i natt og i dag tidleg. Steinar'n klaga over den øyredøyvande tromminga frå regnet. Eg meinte likevel at det kunne vere ein godlyd, å høyre kor haustregnet piska når ein sjølv kunne prise seg lukkeleg for å vere inne i ei lun og tett stove.  Då laut Steinar nemne kor regnet kunne tromme så ofseleg på bølgjeblekktaket i gamleløa heime i Flekke. Dette hadde han kome i hug i dag då uvêret velte over Åsane. "Ja, men det var ofte ei herleg stund å kjenne seg turr og trygg nede i turrhøyet når me høyrde korleis regnet herja på låvetaket," meinte eg. Då la Steinar til: "Ja, men det å høyre merra i stallen tyggje og knuspre i seg turrhøy, var ikkje det ein vakker og trygg godlyd?" Ja, sjølvsagt var eg einig. Og så minte eg om lyden av lukkelege svaleungar oppe i reira på takbjelkane når foreldra kom heim med nebbet fullt av fluger og mygg til kveldsmat.
   Lydane sit fast i øyro våre etter dei femti åra  som har gått sidan me slutta å ha turrhøy i gamleløa, og lukta av turrhøy kjem og kitlar i nòsa når me tenkjer på dette.
   Forresten har eg brukt emnet i eit gammalt blogginnlegg som du finn her!