Hin dagen skreiv eg om lydar i gamleløa vår i Flekke. Det skal eg gjere i dag òg.
Me var tre brør som fekk ein etterpåsleng av ei syster, og eg kan tenkje meg at ho var tre-fire år då me sat der alle fire i høystålet og pusta ut etter eit gasta tak i strevet med hesjing og turrhøy. Og no vert jentungen litevetta utlevert, men det får ho tole.
Best som det var, begynte ho å gaule: "Kille, kille, kille, kille..." Og det heldt ho på med, same om me spurde kva det var for noko. Det kunne knapt vere naudrop heller, for ho såg blid ut, berre ropte sitt "kille, kille, kille" med skingrande småjenterøyst. Først flirte me av påfunnet, men vart nesten urolege då ho ikkje ville gje seg med sitt "kille, kille, kille". Hadde det tørna heilt for jentebarnet?
Like brått som det heile begynte, stansa "killinga", og ho forkynte med eit stort glis: "Da seie måsen!"
Synd me ikkje filma episoden og sende snutten til Ylvisane. Forresten, dette var lenge før dei var påtenkte. Ei heller jutjub. Og slett ikkje videofilming i gamle løer.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar