fredag 31. desember 2010

RATTKJELKEN

Då rattkjelkane kom på moten midt på femtitalet, tok handelsmann Odd heim to eksemplar av sorten til butikken sin i Flekke. Den eine hamna hos nevøen hans, Erik Sølvberg. Den andre kjøpte papen vår til gutane sine. Rattkjelken vår vart litt plaga av meigskjørheit etter kvart.  Meigjernet rauk, vart sveisa i hop, men rauk på nytt. Kjelken til Erik hadde betre jern, men treverket forfall med tida.
   Til slutt gav eg opp håpet om å få fiksa kjelken vår til rennbar stand. Då gjorde eg ein grei handel med Erik. Eg kjøpte kjelkevraket hans for ti kroner. Det kan ha vore første året mitt på realskulen, og eg var enno ung nok til å ha glede av kjelkerenning. Så gjekk eg i gang i snikkarbua vår, som var i eit siderom på låven (skurelemmen, det vil seie lemmen over vognskuret.) Der stod høvlebenken, der hadde papen ein del verkty, og der låg det ein slump fjøler som eg gjorde meg nytte av. Eg reiv av alt det skrøpelege treverket på Sølvberg-kjelken, saga, slissa, høvla og pussa.  Nokre nye skruar måtte eg og koste på meg. Til slutt fekk vidunderet eit par strøk lakk, og der stod han og blenkte, rattkjelken, så god som ny.
   Men då lakken var turr, var vinteren så godt som over, og kjelkeføret med den. Kjelken vart sett på vent. Det gjekk nesten eit  år, og det vart vinter og kjelkeføre atter ein gong. No var det diverre slik at eg òg var bortimot eit år eldre og hadde ikkje lenger den same gleda av kjelkerenning. Det å verte vaksen er sterkt oppskrytt. Mange barnslege gleder går dukken i  den prosessen. Likevel vart kjelken til glede og nytte. Syster Liv vart etter kvart stor nok til å renne på rattkjelke. Og med broren/kjelkebyggjaren si hjelp fekk ho mang ei kjelkeferd før ho meistra kunsten på eiga hand.
   Seinare trur eg nok at niesene mine i Flekke nytta seg av kjelken før han vart kondemnert for godt. Ja, kanskje dei eldste sønene mine så vidt fekk oppleve han?

  
Du får orsake meg for det skrøpelege biletet eg har av rattkjelken min, men du ser kanskje at det er ein kjelke? Frå jula 1964, med mi åtteårige syster bak rattet.

torsdag 30. desember 2010

KJELKEFØRE

Me bur på ein stad der det er råd å sigle på kjelke. Det har eg ikkje gjort denne jula. Men eg sigla på akebrett i slutten av februar då me var i Trondheim.
   Vinteren som beit seg så fast her allereie i november, har opna for strålande kjelkeføre ned vegen i byggjefeltet. Spesielt den nedste delen er svært trygg med tanke på bilar, og her har det vore ein hektisk kjelketrafikk no i jula. Ungar, småbarnsforeldre med avkom og besteforeldre med kjelkeglade barneborn har utfalda seg på det lystelegaste. Dei brukar både gammaldagse trekjelkar med og utan ratt, og meir moderne av plast. Men rattkjelken vår ligg godt forvart øvst oppe under garasjetaket. Me har ikkje hatt ungar i den rette alderen på besøk denne jula.
   I barndomsbygda mi, Flekke, var det framifrå vilkår for kjelkerenning, anten me rende ned Tunbakken og Gòta eller i andre bakkar kringom. Og så var det riksveg 570, som for mange år sidan miste nullen og nøyer seg med talet 57. Frå Stav til Flekke var det ein samanhangande unnabakke - rett nok svært slakk dei fleste stader, men dog: Meir enn tre kilometer var denne kjelkeløypa. Ikkje strøydde dei med salt eller sand, og på svært glatte dagar når bilistar og fotgjengarar forbanna føret, for me ungane eller halvvaksne styvingane i flokk og rad med rattkjelkar og andre kjelkar innover så langt me gad dra doningane våre, sparka frå og fekk oss ei lang ferd fram att til vegeskiftet. På nokre slakke strekningar, til dømes frå Tyrvedalsbrua og forbi Instekvia, var det oftast nødvendig å sparke frå litt viss me ikkje hadde topp glid. På somme kjelkar sat det både to og tre, og på den lange Hustveit-kjelken gjekk det nesten eit heilt blandakor. Dei sprekaste labba og drog kjelkane heilt opp til Stav. Det hende seg og at folk som gjekk på realskulen i Dale, tok med seg kjelkar med skulebussen om morgonen, parkerte dei på Stav, gjekk av bussen på heimvegen og rende heim. Eller er dette noko eg har drøymt? Me snakkar trass alt om hendingar som ligg minst femti år tilbake i tida.
  

mandag 27. desember 2010

PÅ RØYSEKATTJAKT

Eg las og las om friske, norske gutar som tente seg nokre kroner og stor heider med å veide på dyr og fugl i skogen: rev, mår, røysekatt, rype og storfugl. Bøkene til Halvor Floden, Ivar Strompdal, Knut Gjengedal og Mikkjel Fønhus var fulle av slike karar, som vinters dagen spente på seg skiene, drog til skogs og sette snarer og feller. Då måtte no eg kunne gjere noko liknande? No hadde eg lite greie på jakt og fangst, og det var smått om slik tradisjon heime. Men eg hadde sett røysekatt oppe under Hellaren rett over tunet vårt i Flekke. Under Hellaren var det ei stor urd, som sikkert var ein perfekt heim for røysekatten. Eg måtte prøve.
   På ei eller anna vis hadde eg lært å lage røysekattfelle. Ho såg slik ut:
         
Eg fann ei skikkeleg god og tung steinhelle. Så hadde eg altså smidd til tre spiler. Nr. 1 heldt steinen oppe. Den hadde eit godt hakk som spil nr. 2 støtta seg på. Spil nr. 2 kvilte på underlaget. Åtepinnen hadde to funksjonar. Først og fremst var det der at røysekatten skulle finne godbiten, som så skulle verte hans bane. Men åtepinnen var dessutan tilsmidd slik at han heldt dei to andre spilene på plass. Eg var på stabburet og skar ein ørliten fleskebit, fann ei øskje fyrstikker inne med omnen og tok utstyret med til skogs. Ja, steinhella låg allereie klar på åstaden. På tredje eller fjerde forsøket fekk eg fella til å stå. Det skulle lite til før hella datt ned om ein var bort i åta. Fleskebiten vart lett svidd og lukta freistande. Så var det å gå heim og vente.
   Neste dag var eg oppe og såg. Fella var ramla ned. Med bankande hjarte letta eg på steinen. Ikkje noko vilt å sjå, berre ein flatklistra fleskebit. Nytt forsøk. Ny dag.  Etter skuletid opp og sjå. Nei, i dag stod fella slik eg hadde forlate henne. Dette jegerlivet var hardt og fullt av vonbrot. Men eg gav ikkje opp. Eg kveikte ei fyrstikke og gav fleskebiten ei ekstra oppfrisking. Det lukta pirrande.
   Tredje dagen låg steinen nede. Spennande! Eg letta opp, og jamen var det fangst! Ei spissmus! Eg kjende ei viss glede over at fella faktisk fungerte. Men eg var ikkje ute etter spissmus, så vonbrotet var større enn gleda.
   Etterpå fortalde eg jakthistoria til Peter Kåre, syskenbarnet mitt. Men han var imponert, han. Fella fungerte jo fint! Iallfall på mus.

søndag 26. desember 2010

HEIMEMUSA OG FJELLMUSA

Både i går og i dag gjekk yngsteguten Tore og eg ein god skitur innover Handelandsdalen. I går var det ikkje mange som hadde vore føre oss, og mykje av siste biten byttest me om å brøyte ny løype.I dag vardet eit godt spor heile vegen. Tore knipsa nokre herlege vintermotiv.
   Då me kom tilbake til Feto i dag, såg eg ei lita mus som baska på i laussnøen. Ho bykste nokre sprett framover, tok enkelte pauser og kom seg om sider  fram til den hola i snøen der ho truleg feira jul. Og forsvann før Tore kom på plass og kunne fotografere henne.
   Eg reknar med at det var ei fjellmus. Eller skogmus, viss det er noko som heiter slik. To av  favoritteventyra til ungane våre var Heimemusa og fjellmusa og Katten og musa som budde i lag. Då me budde på studentbyen på Natland i Bergen og eldsteguten Rune var to-tre år, tok han ofte eit raskt avbrekk i uteleiken, kom på døra og ville ha opplese det sistnemnde eventyret. Så i full fart tilbake til kompisane.
   Det er noko yndig sympatisk med desse småmysene. Ikkje rart at Alf Prøysen med Musevisa si gjorde det vanskelegare å rydde vekk desse beista frå hus og heim. Eg vart glad då eg såg musa ved Feto og unnte henne både langt liv og god helse. Ho har sikkert funne seg ein grei heim, langt frå kattar og musefeller. Ved Feto, eit par kilometer inne i dalen, har folk frå Valen sjukehus bygd ei kvile- og grillhytte der turfolk kan setje seg, ete nista, skrive seg inn i turboka og jamvel grille ein pølsestomp om det er ønskjeleg. Det vankar ofte ein smule til musa på ein slik stad.
   Men for heimemusa kan eg for min del styre mi begeistring. Eit par gonger på dei tjuesju åra me har budd her, har me opplevd å få mus i kjøkkenskåpet. Då er eg nådelaus, må eg tilstå. Første gongen var eg dårleg førebudd, men kom meg omsider på butikk og kjøpte to musefeller. Sist det hende, vart moroa kortvarig for den stakkars musa. Då eg opna kjøkkkenskåpet under vasken, pila ho inn i  stova og gøymde seg bak veggseksjonen. Så sette eg opp ei musefelle med freistande agn, kanskje ein ostebit, eg hugsar ikkje sikkert. Det gjekk toppen fem minutt, så vart freistinga for stor for den vesle musa. SMAKK! sa det i fella. Det var det heile. Eg vil ikkje ha mus i mtt hus. Men gjerne i  Handelandsdalen

fredag 24. desember 2010

REPETISJONAR

Eg er lærar, har juleferie og kan ta meg tid til å reflektere over livet og lærargjerninga. Det med repetisjon er svært sentralt i yrket vårt. Som i livet. Elevane må få friska opp det nyleg innlærte skal det sitje. Sitje ei stund iallfall. Og ei repetisjonsøkt til i høveleg avstand frå den første, gjer prosessen endå meir effektiv.
   Livet er òg avhengig av repetisjonar. I dag har me ein av dei. Julafta. Her har me nokre rituale som tek seg opp att år etter år. Ungane er dei  verste. Me må for all del ikkje prøve å kutte ut risengrynsgrauten med mandel, eller endå verre: pinnekjøtet.
   No har Vårherre - eller ein av hans undersåttar, han som ordnar med vêret - fått det for seg at me skal ha mengder av snø i jula. Det vart gale i fjor, og i år er det endå verre. Og jula er ikkje innringd enno. Truleg har dei skamlytta på Irving Berlins heilage julesalme om White Xmas. Denne jøden som slett ikkje brydde seg om jula. Nett som Jesus, som òg var jøde og ikkje feira jul, det me veit.
   Eg sjekka bloggen frå i fjor på solvendingsdagen, mest for å unngå å gjenta meg sjølv. Eg såg det at eg gjerne kunne ha kopiert det meste og brukt i år òg. Til min skrekk og gru såg eg at eg allereie i fjor skreiv om blårevføre (blårævføre), slik at det eg skreiv hin dagen, var den reine repetisjonen. Slik kan det gå med ein bloggar som er for mykje opphengd i fortida. Det skal noko til å halde styr på kva ein allereie har sleppt ut i cyberspace.
   Vel, mykje av dagen i går og dagen i dag har gått til å moke snø. Om att og om att. Når trappa opp i vegen var gåandes i, og eg hadde brøytt farbare stiar rundt huset og bort vegen, og eg glad og nøgd med innsatsen gjekk inn att i den varme stova, gjekk det ti minutt, så var alt like tilsnødd igjen. Gong på gong. I dag tidleg var det endå verre enn nokon gong. I dag har eg dessutan grave fram og aust båten Sofie Karoline, som ligg og duppar nede ved moloen. No kan skuta få ei fredeleg jul, og det håpar eg de andre får òg. Snart set me på grauten, så då vert det ikkje lange stunda før saueribbene kjem i gryta, og etter kvart alle dei andre repetisjonane.

Gledeleg jul!

onsdag 22. desember 2010

GODT EG ER FRISK

For då er det ikkje så farleg om det er eit stykke veg til sjukehus. Heller ikkje om eg vert så kritisk låk at dei må sende meg med helikopter.
   Me har eit lokalsjukehus på Stord. Viss det passar med snøggbåten, tek det bortimot ein time å kome dit. Skal me køyre sjølve, går det nesten halvannan time. Så har eg ei lita sak som fører til at eg ikkje får traktement på Stord, men må til sjølve sjefsforetaket i Helse Fonna: Haugesund sjukehus. Dit har eg køyrt tre gonger på ei god veke. Kvart besøk har teke toppen eit kvarter. (Då reknar eg ikkje tida på venterommet.) I dag var det unnagjort på under ti minutt. For å få denne vesle sjekken reiste eg heimanfrå klokka ti, tok ferja til Skånevik, som forresten gjekk om Matre på den turen, så om lag ni mils køyring til sjukehuset, og omsider heimtur der eg laut innrette meg på kvart på fire-ferja. Heime vel halv fem. Seks og ein halv time spandert på ein liten timinutts sjekk i nase og svelg. Kan godt hende at dei kunne ha fiksa dette på Husnes (ti minutt å køyre.)
  Eg klagar ikkje, eg berre nemner det. Sidan eg er frisk og kjekk (tja, iallfall bråkjekk stundom), er det greitt nok med ein haugsundtur eller tre i veka. Men tanken går til sjukehusdebatten, som har rasa i det siste og plaga det største regjeringspartiet. Eg er sanneleg ikkje sikker på kva eg skal meine. Det eg likevel ser, er at feige politikarar frå dei fleste parti har gitt frå seg styringa og overlate den til helseforetaka, som skal drive som om dette først og fremst er butikk. Såleis prøver Stoltenberg å ro som aller mest i motvinden til skuta hans legg seg heilt på tverke; han skuldar på foretaka som han har vore med å etablere. Siv Jensen var på Husnes for nokre dagar sidan og sa (viss ho er rett sitert i Kvinnheringen) at ho støtta lokalsjukehusa, og at fagfolk og ikkje politikarar skulle styre helsevesenet. Såleis greidde ho å seie ja og nei til lokalsjukehusa i same setninga: dersom fagfolka får styre (økonomar? legar?), er lokalsjukehusa dømde til å verte fjerna eller i beste fall reduserte til eit minimum. Tyngda av desse "ekspertane" ønskjer seg store einingar med sentraliserte funksjonar og kostnadseffektiv drift. Men det torde ho ikkje seie.
   Forresten: Vert eg skikkeleg sjuk, trur eg at eg vil få kome til Haukeland. Eg er ikkje eit hår betre enn Jensen. Eg er for og imot alle alternativa.

tirsdag 21. desember 2010

DEN STORE BULKEDAGEN

Eg greier ikkje å dy meg, eg lyt hengje ut broder Steinar ein liten smule. Ikkje for å hengje han ut, men altså: I kveld hadde dei eit lite innlegg i dagsrevyen om den store bulkedagen, 22. desember, altså i morgon. Det gjer dei rett i. Det er den dagen i året det er registrert mest bulking på bilar. Folk hastar av garde til butikken, glatt er det og ofte laber sikt. Så går det slik det må. Denne åtvaringa frå NRK kan bli dyr for bilverkstadene, men spare bilistane og forsikringsselskapa for store summar.
   For noko slikt som førti år sidan var Steinar heime i Flekke og skulle feire jul. Han lånte bilen til vår bror Arne for å køyre til  Dale og kjøpe ei julegåve til bileigaren og familien hans. På vegen, som her og der var smal og svingete, oppstod det ein situasjon som påførte den lånte bilen ein høveleg bulk. Ikkje verre enn at Steinar'n fekk utretta ærendet og kjøpte ein vase eller noko slikt. Sjølvsagt gjorde han opp med broren sin for tort og svie på bilen. Men seinare når me sat i stova heime hos Arne, sukka Steinar og peikte på vasen: "Ditta e den dyraste julegåva eg noken sinne he kjøpt!"
   I morgon skal eg køyre til Haugesund eit nødvendig ærend. Eg skal  tenkje på NRK, bilen, føret, bror Steinar og vasen til Arne. Men julegåvene har eg allereie kjøpt.
 

mandag 20. desember 2010

KVA VISSTE ME, KVA ANTE ME?

Wikileaks har avslørt saker som har vekt stor brudulje. Men var det så overraskande?
   For det første: At supermakta USA gjer alt det som ei stormakt alltid har gjort for å halde fast på stormaktsstatus, spionert på vener som fiendar, pressa, lokka og intrigert. Var det nokon som trudde at våre gode vener i vest er velsigna med større moral enn andre makter? Det britiske imperiet? Romarriket? Sovjet? Det Tyske Riket? Ludvigs og Bonapartes Frankrike? Kina?
   For det andre: Går me rundt og trur at norske borgarar med utsikter til rikdom, spenning og  utfordringar er noko betre enn andre i andre land når det gjeld å utføre skjulte tenester for den som byr  høgast? Pensjonerte offiserar og politifolk kan knepa, er friske og oppegåande og synest sjølvsagt at det er gøy å samarbeide med den amerikanske ambassaden om snusing og smugkikking etter inkjeanande nordmenn som vekkjer mistanke eller mistanke om mistanke - eller rett og slett har meiningar dei ikkje likar.
   For det tredje: Me burde vite at einskilde innslag i embetsverk og ymse andre interessegrupper gladeleg brukar  list, makt og høve til å påverke dei folkevalde. Me som har levd nokre år, har sett den glimrande engelske serien om embetsmannen og ministeren - som etter kvart vart statsminister - og alle dei  krumspringa denne embetsmannen stelte i  stand for å få viljen sin igjennom. Berre skøy? Neppe.
   Makta vil fjerne peikefingeren i staden for snusket han peikar mot. Ikkje lat det skje!

søndag 19. desember 2010

ATTER EIN SKOLTESUNDAG

I fjor laut eg skrive om skoltesundag utan  skoltar. I år er det litevetta betre. Me har meiska oss med skoltar så vomma stod i  spenn. Noko liknande gjorde yngsteguten, Tore, som kjøpte seg ein skolt, drog til blåhuset vårt i Bekkjarvik, heldt helg der og kokte skolten sin i dag. Frå Trondheim kom det ei litt sår tekstmelding frå Vegard, som gjerne  skulle ha servert seg den same retten. Me trøysta han med at me ikkje åt opp alt og har gøymt ein bra slump som han får når han kjem heim til jul. Kva Rune har gjort med og tenkt om saka, har me ikkje fått rapport om.
   I år var det kjøpeskoltar av vossaslaget, svidde med skinnet på. Smakte gjorde det likevel. Passeleg salta og røykte. Om eg nokon gong kjem i gang att med flåing, er eit ope spørsmål. Men Tore var ikkje god på meg her i haust då han frette at eg hadde forsømt flåinga i år igjen.
   På Husnes var det ingen i grannelaget som hadde røykeri som me kunne nytte til å gje skoltane  ein siste finish før dei vart hengde til turk oppe på mørkeloftet våret i Furuvegen. Då rigga eg meg til med utegrillen vår, fekk skikkeleg fyr på han og fylte på med vått einebar oppå glørne til det vart ein dugeleg haug. Så kom rista, og oppå den stabla eg dei nysalta saueskoltane i ein endå dugelegare haug. Over det heile tredde eg den største kartongen eg fann i blindkjellaren, og der stod det provisoriske eldhuset mitt og osa ein time eller to. Det hende at elden slo opp i einebaret så dei nedste skoltane vart småsvidde før eg fekk sløkt. Desto betre tenkjer eg dei smakte!
   Naboar som gjekk etter vegen stansa opp og glodde fælt, og dei modigaste torde spørje kva i all verda eg heldt på med. Vår gode granne og bloggkollega Gunnar ( gunnares.blogspot.com) underheldt i neste juleselskap med at han ein sur haustdag, ein laurdags morgon då han glytte ut soveromsglaset, såg han at  han Reidar stod der i ausande regnvêr og grilla smalahove ute på plenen.
   Men skoltane smakte som dei skulle, dei fekk den sneven av røyksmak som høyrer til. Og så vart det skoltesundag av rette slaget! År etter år etter år.

onsdag 15. desember 2010

BLÅREVFØRE

Slike dagar som den me har hatt i dag - ja, eg kan leggje til dei siste dagane - hende det seg me hadde då eg gjekk på gymnaset òg. Eg budde ute i Bukta oppe i Mardal, og me hadde tre kilometer skuleveg å sykle. Vinters tid var det ikkje alltid noka enkel øving. Første kilometeren, før me kom ned til riksvegen ut til Rygg, var det ein uopplyst grendeveg, ikkje alltid godt brøytt, og strøing med salt eller sand var det ingen som tenkte på. Eg kan ikkje hugse at det førte til alvorleg forseintkoming, merkeleg nok. Men det kan vere minnet som sviktar.
   Me var tre gutar som haddde kvart sitt rom oppe i andre etasje. Vertsfolket var eit barnlaust par i førtiåra. Kvar morgon tok verten, han Magne, ein tur opp trappa og banka på dørene våre før han gjekk på jobb. Og når føret på vegen var for gale, brukte han å opplyse: "Dæ e blårevføre i dag!" Me skjønte kva han meinte, men eg er framleis usikker på kva uttrykket hans siktar til. Dei dreiv mykje med pelsdyravl i Gloppen den gongen, og det gjer dei sikkert enno, trass i all den avsky næringa vekkjer, spesielt i urbane strøk. Blåreven var eit populært dyr i desse farmane. Men han var vel aldri ute på glattisen? Blåreven stod trygt og turt i buret sitt, han. Kan Magne ha meint at dette føret lett valda ei blå ræv på dei som meistra det dårleg?
   Det er best å trø varleg, her er spøkje glatt ute no. Ekte blårevføre. Eller blårævføre?
                   
                          

tirsdag 14. desember 2010

STOREBROR HAR BURSDAG


For tretti år sidan fekk eg noko alvorleg å tenkje på. Eldstebroren fylte 40. Det var uverkeleg og nesten nifst  ha ein bror som forlet dei nokolunde ungdommelege trettiåra og gjekk inn i det nokså alderdommelege desenniet førtiåra. Det var eit varsel om at eg om fire og eit halvt år måtte gjennomomføre det same spranget.
   I dag fyller Arne 70. Det er ikkje fullt så nifst som den gongen i 1980. I helga var me i lag, alle syskena med kjærastar, ja, ikkje Liv, ho stilte singel. Sekstiniåringen var sprek og ungdommeleg i rørsler og hamlét. Det er ei trøyst for oss som òg er over den første ungdommen og vel så det.
    For snart seksti år sidan såg han slik ut når han klappa hunden vår, Lukki, i tunet heime i Flekke:


Til lukke med dagen, kjære storebror!

torsdag 18. november 2010

STELE PINNEN

No er vêret så bra at de kan gå ut og leike. Litt kaldt, kanskje, men der sola skin, er det ein god lunk.
   Sidan ingen protesterer mot reglane eg kjem med til barneleikane eg trur eg hugsar, dristar eg meg til å skrive om ein leik eg likte godt, men som eg har svært ulne minne frå. Så no tek eg og lurer meg til ein rekonstruksjon som kan vere nokolunde rett eller hakkande galen. Framleis er det lov å nytte kommentarfeltet viss du hugsar denne leiken.
   Me har altså med endå ein pinneleik å gjere. Eg har tidlegare skildra spenne pinnen, sprette pinnen og setje pinnen. No skal me stele pinnen.
   Me deler oss i to jamne lag, og alle smir seg ein pinne på to-tre desimeter og litt spiss i enden. Så finn me ei lita, nyslegen flate på bøen og fordeler oss på begge sidene av ein tydeleg strek. Å lage gode strekar på ei grasmark er ikkje alltid liketil, men de får bruke vitet og fantasien. Så set kvar og ein pinnen sin ned i bakken, og på signal er det då om å gjere å stele pinnane frå det andre laget og setje dei trygt ned på eigen banedel. Det laget som først mister alle pinnane sine, har tapt. Dessutan må den som mister pinnen sin, gå ut av leiken viss han ikkje har stole pinne frå ein motspelar. Dette er ikkje så lett som du trur. For mens du er på pinnerov, er det kanskje ein frå hitt laget som prøver å ta din pinne. Slåsting er ulovleg i denne leiken. Du skal ikkje stele ein pinne viss det fører til handgemeng. Dessutan skal du ikkje fyke på ein tjuv med ein stolen pinne og vriste han frå tjuven.
   Dette er slik det kan ha vore. I alle fall meiner eg det er mogleg å leike leiken slik eg har forklart. De kan gå ut og prøve i morgon viss vêret er like fint som i dag.

mandag 15. november 2010

PÅ FORUNDRINGSSTOL

No er eg på tunn is, for eg er ikkje heilt sikker på detaljane i denne leiken. Så det er framleis lovleg å bruke kommentarfeltet nede på sida.
   Me ser for oss eit juleselskap eller liknande. Det kan godt vere både små og store med, tanter, onklar, besteforeldre og syskenborn. Ein av gjestene sit på ein stol - forundringsstolen - og ventar på å få høyre kva folk meiner om henne. Ein annan gjest går rundt og får folk til å kviskre ein karakteristikk, kva dei tykkjer om den som sit på stolen. Det kan gå på utsjånad eller veremåte, karakter eller karakterbrest. Det er lov, ja nærast ein fordel for leiken, at du lyg ein del. Kjem du med krenkjande utsegner som ligg nær sanninga, kan festen vere spolert. Finn heller på noko spinnvilt, eller sei noko pent. Hugs at det er ein leik, og at me skal ha det kjekt.
   Når alle har kviskra vurderinga si til den som samlar i hop påstandane, går vedkomande til personen på forundringsstolen og seier: "Ja, no  har eg reist langt og lenger enn langt, og alle så snakkar dei om deg." "Kva seier dei, då?" spør den på stolen. Og får til dømes høyre som så: "Jau, somme seier at du har så forferdeleg lang nase, andre seier at du er dum som ein sau, nokon seier at du er eit uvanleg snilt menneske, enkelte seier at du lagar så gode kaker, ... "  Forteljaren siterer i veg, og når han har sitert alle, skal den på forundringsstolen velje ut den verste eller den beste karakteristikken og prøve å gjette kven som har sagt det. Og når ho kjem fram til den rette, skal vedkomande i forundringsstolen.
   Skal tru om det ikkje var om lag slik?

søndag 14. november 2010

BLINDEBUKK

Denne klassikaren er det i grunnen unødvendig å presentere. Likevel: Det er grått og surt ute, regnet piskar rutene, jula nærmar seg, så me kan trene på juleleikar.
   Me bind eit solid skjerf om hovudet på ho eller han som skal vere blindebukk, og augo må vere godt skjulte. Så snurrar me blindebukken rundt eit par gonger, kanskje litt ein veg, så hin vegen, så stakkaren mister retningssansen. No skal bukken famle seg fram til han får tak i nokon. Og ved hjelp av krafsing, tukling og kniping skal han gjette kven det er. Den som vart fanga og fekk sin identitet avslørt, vert blindebukk neste gong.
   Enkelt og greitt!

lørdag 13. november 2010

FIRE ORD I ØYRO

I dag har det vore ein grapsen, grå innedag. Då kan det passe med ein inneleik. Leiken høver godt i eit juleselskap med besteforeldre, onklar, tanter, syskenborn og kanskje endå fleire i tillegg til kjernefamilien. Det er ein grei leik på det viset at dei fleste kan sitje i ro i sofaen og knaske neter eller skrelle ei appelsin mens leiken pågår. Eg var på ekskursjon til Oslo denne veka i lag med ein liten flokk elevar som fekk vitje Storting, NRK og meire til. Allereie då me steig av flytoget og kom inn i hallen på Oslo S, møtte blikket vårt eit vakkert pynta juletre. Eg var forferda over all den julestasen som allereie var å sjå i byen. Det var ei alvorleg påminning om at helga nærmar seg med stormskritt, og at me bør øve på juleleikar. Du kan godt få med deg store og små og prøvekøyre denne leiken i morgon på farsdagen, om de er mange nok til stades. Eg meiner det bør vere minst fire, helst fleire, men teknisk sett  er det mogeleg med berre tre.
   Det må vere to som går og kviskrar mens dei andre sit i ro. Det er og råd å bruke fire stykke til denne jobben, noko som er ei grei løysing dersom det er  eit stort selskap. Me ser for oss at alle skal fortelje om ei reise dei har gjort, og om det dei har opplevd på den reisa. Den første som går og kviskrar, fortel kvar den enkelte har vore. Den neste fortel kven me møtte der. Den tredje fortel at den reisande fekk eitkvart av den ho møtte. Den fjerde fortel kva gåva vart brukt til. Viss det er berre to som går og kviskrar, kjem den første med opplysning ein og tre, den andre med opplysning to og fire. Me bør ha fire viktige reglar i hugen: 1:  Dei som kviskrar, skal ikkje samarbeide, dei skal ikkje røpe for kvarandre kva dei seier. 2: Dei som får opplysningane, må ikkje gjenta høgt det dei høyrer. 3:  Kviskrarane skal bruke fantasien så frodig dei berre vinn. På det viset vert det skapt historier som skal få oss til å le høgt og lenge. 4:  Dei som sit i ro og får informasjon, må skjerpe seg og hugse kva som vert kviskra.
   Når kviskringa er over og alle har fått sine fire ord i øyro, fortel ein og ein om ferda si. Då kan det verte til dømes slik: "Eg  kleiv opp på stabburstaket. Der møtte eg dronning Sonja. Ho gav meg ein grisehale, og den brukte eg til å pusse tennene med." No bør alle le, og så går turen til neste som fortel om sin tur. Og når alle er ferdige, har me høyrt om allslags utrulege eller trulege reisemål: Folk har klatra opp i  lyktestolpar eller krope ned i lomma til bestefar, vore i Moskva eller rett og slett gått og lagt seg i si eiga seng. Den same variasjonen er lovleg når det gjeld personar frå samtid og fortid, frå dikting eller kvardagslivet, ja, kanskje både dyr og skrømt.
   Får håpe at folk ikkje er så utskjemde med allslags reiser i våre dagar at dei ikkje finn hugnad i å leike Fire ord i øyro.

søndag 7. november 2010

SLÅ BALL

Dette er ein svært universell leik. I England kallar dei det cricket, i Amerika baseball. Rett nok er reglane litt meir innvikla i dei landa enn dei reglane me brukte. Etter det eg hugsar, var det om lag slik:
   Me hadde eit innelag og eit  utelag. Ballbana var markert med ein tydeleg strek i kvar ende. Innelaget heldt seg bak streken i eine enden. Utelaget opererte mellom strekane. To gjenstandar var heilt nødvendige: ein liten gummiball eller tennisball og eit balltre. Me hadde eit anna ord for eit balltre: ei spò. Ò-en er uttalt slik som i òg=også, ikkje som o i sol. Eg finn ikkje ordet i noko oppslagsverk, så eg lurer på om det er eit lokalt fjalerord. Det er eit greitt, lite ord som me godt kan bruke om slike trelurkar. I Nynorskordboka er det eit ord som kan liggje til grunn: ei spode, som mellom anna kan tyde ein torvspade eller ein bakstefløy.
   Vel, ein deltakar på innelaget tek spòa i eine neven, ballen i hin neven, dengjer til ballen så han fyk langt ut på bana og legg på sprang til den andre enden av bana. Viss han har gjort eit gasta slag og er rappføtt, rekk han fram og tilbake før utelaget veit ordet av det. Men utelaget kan få tak i ballen, kaste og treffe den som spring. Då spring utelaget inn og vert innelag. Og omvendt. Det same kan skje viss nokon på utelaget grip ballen i lufta etter eit slag.
   Dersom du slo så skrøpeleg at du ikkje fekk deg til å springe etter slaget ditt, lyt du stå og vente til neste deltakar slår. Då kan de begge springe. Du treng ikkje springe tilbake frå streken på hi sida av bana med ein gong, men vente til neste gong nokon slår.
   Eg er litt usikker på om innelaget fekk halde på til dei vart utslegne - anten ved at nokon på utelaget tek ballen i lufta ved eit slag eller treffer ein som skal springe. Eller var det slik at dei fekk halde på så lenge dei som hadde slege, greidde å kome att og fram og demed vart kvalifiserte til å slå ein gong til når det vart deira tur att?
   Slikt kan ein lure på ein sundagskveld mens ein sit og skriv.

lørdag 6. november 2010

HAUK OG DUER

Når du har lært deg å leike Bjørn og øyker, er  det lett å leike Hauk og duer. Den vanlegaste staden å leike Hauk og duer var på isen, anten me var på Flekketjørna, Ilkjenstjørna eller på fjorden. Is var det visst nok alltid om vintrane i femti- og sekstiåra, og med skeiser fastsurra på beksaumstøvlane var Hauk og due ein fin aktivitet som alle kunne vere med på. Hovudforskjellen mellom denne leiken og Bjørn og øyker var at her trong me ingen strek der øykene kunne springe bakom og kjenne seg trygge ei lita stund. Og korleis kunne ei due halde seg bak ein strek? Eller ein hauk, for den del? Når den som var vald til hauk, ropte: "Alle mine duer, flyg ut!" måtte duene passe seg, elles vart dei fanga og omskapte til haukar. Eg meiner å hugse at det var tre klapp på ryggen eller på andre kroppsdelar som måtte til. Viss me heldt oss på Flekketjørna, gjekk dette greitt. Ho var ikkje så stor, så fluktrutene var avgrensa for duene.
   Dette må ha vore ein importert leik. Det fanst hauk i  Flekke, til dømes var det ein sporvehaukfamilie som stundom bygde reir i hamrane ovanfor bøgarden vår (innom Hellaren, rett ovanfor Preikestolen, for dei  lokalkjende.) Men duer? Det trur eg var ein ukjend fugleart for oss. Likevel gjekk leiken heilt greitt.




                Du ser Fjekketjørna (Flekkekjønnja) innanfor den raude markeringa og Ilkjenstjørna med blå markering. Begge utan is!

torsdag 4. november 2010

BJØRN OG ØYKER

Dei påstår at det går ein bjørn laus i indre Kvinnherad. I dag har det vore store oppslag i media om eit sauekadaver og risping i borken på ei fure av klørne til eit stort dyr. Det skal kome villdyrekspertar til Rosendal og sjå på sakene.
   Imens kan me sjå nærmare på fleire barneleikar. På skulen leikte me mykje 'bjønnj å øykje'. Viss nokon stussar på kva ein øyk er, opplyser eg med ein gong at det er eit arbeidsdyr med hovar, lang nakke med ein like lang hårmanke, ein god lugg som kunne rekke nedover augo, og ein fyldig hale som for det meste var danna av lange, stive hår som kallast tagl. Ordet øyk heng språkhistorisk i hop med ordet åk. Desse dyra er lite brukte til arbeidsdyr i våre dagar her til lands, men dei er desto meir brukte til leik og sport. Dei har ein brei rygg som du kan ri på, og dei lèt seg temje. Desse dyra kan verte bra store, og det er lite truleg at ein bjørn kunne hamle opp med ein vaksen øyk. I folkeminnesamlingar finst likevel ein del forteljingar om kamp mellom øyk og bjørn. Så det kunne vel hende at dei kom i klabeit med kvarandre.
   I min barndomsdialekt var øyk ei samlenemning for eksemplar av arten, særleg då om dei vaksne dyra. Ein øyk av hankjønn vart kalla hingst viss han ikkje var kastrert. Vanlege hanøyker som skulle nyttast til arbeid, var kastrerte og omtalte som hestar. Hokjønnsøyken var ei merr. I fleirtal sa eldre folk `mara, me yngre sa vel helst `merra med tonelag to for å skilje ordet frå bunden form eintal, som heitte ´merra med tonelag ein. På same vis som store delar av landet brukte me ikkje -r i fleirtal av substantiv. Her viser aksentteiknet [´] at ordet har aksent 1, og [´] at det har aksent 2. Meir om tonelagsskilje: Uttalen av ordet jenta (ung dame) skil seg frå ordet gjenta (repetere) på det vis at jenta har aksent to, og gjenta har aksent ein. Du må bruke a-ending i jenta for at det skal vere eit minimalt par, som det heiter. Berre tonelagsskilnaden skil orda når me seier dei. Strilar og finnmarkingar har ikkje tonelagsskilnad i sine dialektar, så dei høyrer ikkje forskjell.
   Men du kan godt hoppe over denne språklege utgreiinga og berre lese om leiken. Den tek til med at ein av oss var bjørn og stod i eine enden av skuleplassen. Dei andre var øyker og stod i den andre enden. Me hadde rispa ein tydeleg strek i grusen for å vise kvar me skulle stå. Så ropte bjørnen "Kom!" Eller: "Alle mine øyker spring ut!" Då måtte øykene springe til den andre enden, og bjørnen skulle prøve å fange så mange som mogleg før dei kom seg velberga over streken. Når ein bjørn fekk tak i ein øyk og gav han tre klapsar, vart denne øyken også bjørn og kunne vere med og ta opp jakta på dei andre øykene. Slik heldt me på. Når dei øykene som ikkje var tekne, var komne seg over streken, gjekk bjørnane (no var det sikkert fleire,) bak til hin enden av plassen og ropte. Slik heldt me på til alle øykene var tekne til bjørnar.
   Det var ein grei friminuttsleik, både gutane og jentene var med, og me rakk gjerne å fullføre før lærar Årøy bles i fløyta si for neste time. Mosjon vart det og.

tirsdag 2. november 2010

BYTE NAMN


Desse blogginnlegga mine har handla om likt og ulikt, men dei fleste innlegga har nok vore tilbakeskodande, må eg seie. Tankar om då. Og viss du har vore innom og lese i det siste, har du forstått at eg har hekta meg opp i leikane me praktiserte då eg var litt yngre. Som sagt er eg open for innvendingar, variantar, supplement og rettingar til det eg skriv. Eg kjem trass alt inn på leikar eg ikkje har praktisert på tett oppunder eit halvt hundreår. Det trur eg gjeld den eg skal skildre i dag: Byte namn.
   Det er nokre forhold som bør liggje til rette viss leiken skal fungere optimalt. For det første er det ein stor fordel at talet på deltakarar er eit oddetal. Me skal nemleg sitje parvis, og så må det vere ein til overs. For det andre er det ein føremon at me ikkje sit så tett og oversiktleg at me har full kontroll over kvarandre. Elles mister me overraskingsmomentet, som kan setje farge på leiken. For det tredje passar leiken best når det er jamn blanding av gutar og jenter. For det fjerde er det greitt om ein er vorten såpass gammal at ein tykkjer det er kjekt å sitje med nokon av det andre kjønnet.
   Til punkt to: Eit høystål i ei halvmørk løe er svært eigneleg.  Då sit ein mjukt og  godt, me slepp å fryse, me kan spreie oss bra, og me ser ikkje så tydeleg andre enn den eine som ein sit med. Eit alternativ er ein turr bakke med tuer og busker ein halvmørk, lunka seinsommarkveld.
  Når alle har sett seg, byter kvart par namn seg imellom. Deretter ropar den som ikkje har partnar, eit namn. Den som no har fått det namnet, krabbar bort til den som ropte, og så byter dei namn. Slik held me på, og du skal vere klår i  hauet viss du held styr på kven som er kven etter ei stund. Du ropar Knut, og der kjem ho Kari. Den neste ropar Solfrid, og der kjem han Peter.
   Er du heldig, får du sitje ei stund med nett den du har mest lyst å sitje med, heilt til ein av dykk vert oppropt. Men eg hugsar ein gong i Hustveit-løa at ein deltakar omsider fekk sitje med nett ho som han gjerne ville sitje med. Brått vart han oppropt med det namnet han nett hadde bytt til seg. Det vart stille i  løa. Den som ropte, gjentok namnet. Då kom det borte i ein krok: ”Hald kjeft!”

lørdag 30. oktober 2010

LEIKE SLENGJE

Denne leiken er så merkverdig at eg lurer på om det var me ungane heime i Flekke som dikta han opp. Først vart ein av oss utnemnd eller vald til slengje. Det gjekk ut på at ein skulle slengje dei andre i tur og orden slik at dei datt om koll. Den som slengde, skulle gå rundt og evaluere dei som låg på bakken, og peike ut den som låg styggast eller finast, alt etter kva me hadde vorte samde om før slenginga. Det var kjekkast å bruke varianten med å dette stygt, og den som då låg mest forkrøpla, hadde vunne og skulle få slengje neste gong.
   Me kom som regel heim til mammene våre med nokså skitne klede når me hadde leikt slengje.

torsdag 28. oktober 2010

SETJE PINNEN

Pinnar kan brukast til så mangt. Men denne leiken er mykje enklare enn dei to andre pinneleikane eg har skrive om. Så er han kanskje ikkje så kjekk, men grei nok til ei avveksling. Det er ein føremon at deltakarane er nokolunde jamgamle og samstore, elles kan det oppstå misnøye. Ei løsying er å dele deltakarane inn i ulike klassar viss mange i ulike storleikar er med.
   Alle går og skamfer ein busk, skjer seg pinnar på ein to-tre desimeter og spissar dei i enden. Så finn de ein grøn bakke med nyslege gras viss det er i den årstida. No i oktober kan du leike denne leiken berre du finn ein stad der pinnane lett kan setjast i jorda. Så blir de einige om kvar de skal stå og set eit merke der. Leiken går ut på å tøye seg fram og setje pinnen så langt framme som du greier utan å dette. Den som får pinnen til å stå lengst unna merket der de står, har vunne. Så enkelt er det. Det finst ein annan variant: Du hoppar på ein fot framover så langt du vinn og set pinnen så langt framme som du formår. På den måten kan ein liten sprett oppnå likså gode resultat som eit langt og stølt rekel.
   Enkelt og greitt, ikkje sant? Men litt keisamt i lengda, kanskje.

onsdag 27. oktober 2010

SPRETTE PINNEN

Viss du no har leikt ’spenne pinnen’ og steinane med pinnen ligg der enno, kan du lett gå over til å leike ’sprette pinnen’. Det er ein komplisert leik med vanskelege reglar, og eg er redd for at eg er litt i tvil om somme av dei. Men lat oss prøve:
   Me spelar med to lag. Laga kan variere i storleik, ja det er i praksis mogeleg med lag med ein einaste deltakar. Eg vil likevel tilråde at du får med deg fleire. Det eine laget er ute mens det andre er inne. De må dra ein strek eit par meter utanfor steinane med pinnen, og utelaget står då utanfor streken. Det er ein fordel om de vel ein stad å leike der det er litt plass. Dette er definitivt ingen inneleik!
   Så må de smi dykk ei  alen, ein kjepp på oppunder ein meter. Ikkje tenk på lengdemålet alen, ei gammal norsk alen var 62,75 cm, eller to fot, eller 24 tommar. Opphavleg var det lengda på armen frå albogen til fingertuppane, noko som for min del faktisk er berre halvmeteren. Snikkarane og tømrarane i gamle dagar må ha vore velvaksne karar. Men altså, alna i ’sprette pinne’ vert litt for kort viss ho berre er 62,75 meter. Ta iallfall åtte desimeter.
   Kvar deltakar på innelaget skal prøve å kome seg gjennom tre øvingar: sprette, slå og dirkle. Først legg han pinnen, som kanskje er tjuefem til tretti cm lang, over steinane og spretter med alna så han fyk langt bortover der utelaget står og ventar. Viss nokon på utelaget tek pinnen i lufta, får dei poeng, og den som sprette denne gongen, får ikkje halde fram. Men viss pinnen landar, skal alna leggjast over steinane, og ein på utelaget skal prøve å hive pinnen og treffe alna. Går det vel, er det og poeng å hente, og den som sprette, er ferdig. Men viss pinnen ikkje treffer alna, kan ho som sprette, måle opp kor langt midten på pinnen ligg frå midtpunktet mellom steinane. Ho måler opp med alna, og innelaget får eit poeng for kvar alnelengd.
   Deretter skal pinnen slåast med alna. Den som kom vellukka frå sprettinga, hiv pinnen litt opp i  lufta og dalgar til han med alna. Akkurat som i stad kan utelaget fange pinnen og får då ein pen poengsum. Viss ikkje, skal pinnen kastast mot steinane. Ho som slo, har no lov til å slå pinnen langt vekk om ho greier det. No og måler ho opp med alna kor langt pinnen ligg frå steinane. Men om den som heiv pinnen, er viss i kastet og ho med alna ikkje treffer, så pinnen hamnar mindre enn ei alnelengd frå steinane (målt frå midtpunktet mellom dei), er ho som slo, ute av leiken.  Viss ikkje, held vedkomande fram og prøver seg på fase tre. Det heiter dirkling. Då hiv ho pinnen litt opp i lufta – eller slepper han lett ned på alna - og slår varsamt slik at ho kan treffe pinnen fleire gonger mens han er i  lufta. Greier ho i tillegg å slå pinnen langt vekk etter fire-fem småslag eller fleire, (det me kallar dirkling), er det ein kjempefordel. For no kan ho måle  alnelengder frå pinnen til steinane og gonge med talet på vellukka dirklingar (= slag på pinnen mens han var i lufta). For å få poeng no, må du  ha vore borti pinnen minst to gonger. Derimot vert det bra poenghaust viss du har dirkla fire gonger og i tillegg greidde å slå pinnen eit stykke vekk.
   Så er det den neste på innelaget sin tur. Og når alle har vore i elden, går innelaget ut og utelaget inn. Trur eg. Men dette er svært usikker på. Var det kanskje slik at innelaget måtte gå ut viss nokon på utelaget tok pinnen i lufta? Og kor mange poeng fekk ein når ein tok pinnen? No treng du ikkje lure så fælt på det. De kan heller verte einige om dette før de begynner. (Det er forresten viktig, ikkje begynn å krangle om slikt midt i spelet!) Eg foreslår at utelaget får ti poeng når dei tek pinnen ved spretting, tjue poeng ved slåing og femti poeng ved dirkling. Og at innelaget ikkje skal ut før alle på laget har prøvd seg. Men me held fast på det at aktørar på innnelaget går ut av spelet viss det går slik som skissert ovanfor.
   Når de vert leie av dette, kan de leike ’setje pinnen’.

søndag 24. oktober 2010

SPENNE PINNEN

Dette er ei slags vidareføring av gøymespel. Her og er det snakk om at ein deltakar skal leite opp folk som har gøymt seg. Men leiken er meir innvikla enn som så. Først må me rigge til to steinar med ein pinne over. Har me to mursteinar, er dei nett passelege, iallfall om me legg dei på sida med ein avstand på tretti-førti centimeter. Oppå der ligg pinnen. Så skal den som står, både vakte pinnen og leite opp folk. Det er ein krevjande jobb. I motsetning til gøymespel er det her nødvendig å sjå minst halve personen. Og gjer du det, må du springe det du vinn og ta pinnen før den du har avslørt, når fram og spenner han langt bort i haugane. Rekk du pinnen først, ritar du mellom steinane og forkynner at vedkomande er teken. Slik held me på til alle er fanga. Men så kan det hende at nokon greier å spenne pinnen. Og då er alle dei som til då er tekne, frie til å gøyme seg på nytt. Det må dei gjere før du rekk tilbake til steinane med pinnen og strekar mens du forkynner namna på dei som ikkje har kome seg i skjul. Greier du så å avsløre alle, kan me ta ei pause, eller den som først vart teken, lyt stå og vakte pinnen neste gong.
   Dette er definitivt ikkje nokon leik som passar innandørs, men det er råd å prøve. Då må iallfall krystallvasane berast ut på kjøkkenet.

lørdag 23. oktober 2010

GØYMESPEL

Dette var og er ein svært populær leik, og kan drivast både innandørs og ute i det fri. Det beste er vel å gå ut, iallfall viss deltakarane er over bleiestadiet. Dersom det er fleire hus, busker, kratt og store steinar i området, er det ein fordel.
   Først må me velje ein som skal stå og finne ein stad der vedkommande står og tel og der det skal bommast. (Dette kjem me tilbake til). Ein husvegg eller ei utedør passar godt. Den som då skal begynne å leite, står der med hendene for auga og tel til hundre, til dømes. Eller kanskje til femti, viss det er avtalt. I mellomtida skal alle dei andre springe og gøyme seg. Nå så teljinga er fullført, ropar den som står: "Hundre! No kjem eg!" Deretter må han eller ho prøve å finne dei andre, og for kvart funn springe tilbake til ståplassen, klaske neven i veggen og rope "Bom for (+ namnet til den som nett var avslørt)!" No kan den som vart funnen, òg springe og bomme seg sjølv først, noko som er særs ærefullt. Det same kan ein gjere viss ein ser at det er mogleg å springe og bomme seg før ein sjølv vert bomma. Når alle er funne, er det den første som vart bomma, som må stå neste gong.
   Det lèt seg gjere for to personar å leike gøymespel, men helst bør det vere fleire. Men då syster Liv, elleve år yngre enn eg, var lita jente og absolutt skulle leike med broren sin, og då leikte me gjerne gøymespel. Så hende det at den store broren vart lei og tydde til det usle knepet at han istadenfor å leite, gjekk til sitt når ho hadde gøymt seg. Så varte det og rakk det, og jentungen kom surmulande og spurde kvifor eg ikkje kom og fann henne. "Men du hadde jo gøymt deg så godt at eg ikkje fann deg," sa eg.

søndag 17. oktober 2010

TIKKEN

No har eg tenkt å skrive om barneleikane eg hugsar frå eg var litt yngre. Nokre bloggar framover skal handle om det. Du vil nok sjå det som eit gammalmannsteikn at eg går i barndommen på denne måten. Sjølvsagt har du rett.
   Det er med desse leikane som med folkevisene, dei vandrar frå brukar til brukar, frå grend til grend, så dei finst i ymse avartar og variantar. Dessutan sviktar minnet mitt stundom, ja, det hender eg rotar vilt. Så det eg skriv, treng ikkje stå uimotsagt. Du har sikkert kommentarar, rettingar eller tilføyingar, men då finst her eit kommentarfelt under bloggsida.
   Eg begynner med tikken, eller tikkjinn, sa me, ein enkel, udødeleg leik som eg framleis leikar med dei minste barneborna. I bokmålslitteraturen er leiken helst omtalt som sisten. Hovudmønsteret er slik: Den som har tikken, skal vere borti ein av dei andre deltakarane og seie ”tikken!” Då er det vedkomande som har tikken og skal få fat i ein annan – eventuelt den som han eller ho fekk tikken hos. Slik held me på, me spring og hoppar til me vert leie. Leiken kan førast inne som ute. Viss de leikar han inne, bør knuselege koppar og vasar ryddast til sides før de set i gang.
   Det finst eit par variantar som bør nemnast. Nokre har den uvanen, vil eg seie, at det er lovleg å rope ”Fri!”, og då er vedkommande ute av leiken til ho eller han varslar ny deltaking. Dette er ein litt feig måte å sleppe unna tikken på.
   Heime brukte me stundom ein variant som kanskje var heimelaga: ”Tikkjiin dar du fekk ’an”. Då skulle den som fekk tikken, gå med eine handa og halde seg på den staden på kroppen der handslaget med tikken var avlevert. Då kan du tenkje deg at me prøvde å treffe kvarandre på hælen eller andre stader der det vart svært vanskeleg å halde hi handa på mens ein jaga etter eit nytt offer. Endå festlegare var det å treffe unemnelege kroppsdelar, slik at den uheldige laut springe rundt med neven planta nett der.
  Neste gong skriv eg om gøymespel.

lørdag 16. oktober 2010

KARTOFFELVEKA ER SLUTT

Om me ser vekk frå helga me er inne i, tok potetferien slutt i går. Og då åt me jamvel opp resten av potetene frå eigen åker. Gårsdagen var forresten ein orgie i kortreist mat. Eg drog garn om morgonen og fekk eit par lyrar, eit par torskar og fire krabbar. Så alle sjødyra var nok ikkje på haustferie. Då vart det middag med nytrekt og nykokt torsk med heimepoteter og kryddersmør med oregano, timian, grasløk, basilikum og dill, alt frå vår eigen krydderproduksjon. Og om kvelden var det først litt blåskjel som eg plukka med meg etter garndraginga, og kokt krabbe. Tore kom heim om kvelden og gjorde ære på kveldsmaten i lag med oss. Vinen var fransk.
   Poteta kom frå Amerika i lag med tobakken, og ho har kanskje redda like mange liv som tobakken har teke. Det vart slutt på hungersnaud i landet etter at poteta fekk skikkeleg plass i dei norske åkrane. Irane har eit litt anna syn på henne. Potetpesten for litt over hundre og seksti år sidan førte til naud og elende på øya, med sveltedaude og masseutvandring som følgje. Men då hadde dei vant seg til å livnære seg og i altfor høg grad stole på denne rotknollen.
   Ordet potet kjem av eit vestindisk ord for søtpotet, som ikkje er nett det same som vanlege poteter. Det er litt pussig at me ikkje har same ordet som danskane, endå me delte konge, skriftspråk og presteutdanning med dei på den tida potetprestane lokka bøndene til å prøve denne merkelege voksteren. Me har visstnok arva ordet frå engelskennene, som deler det med spanjolar og portugisarar. Danskane seier stundom potet på spøk, men et helst kartoflar. Ordet har ingen ting med mannfolktøflar å gjere. Dei har lånt ordet frå sine sørlege grannar. Kartoffel skal ha samanheng med eit italiensk ord som betyr trøflar. Skal tru om nokre fule italienarar har narra dumme tyskarar til å tru at dei fekk trøflar når dei fekk poteter? Nei, kanskje ikkje. Vokstrane har i alle fall det felles at dei er knollar som veks under jorda. Og italienarane held seg til patatas, som er nesten norsk, høyrer me.
   I somme norske bygder kallar dei denne nytteveksten for jordeple, og viss forveksling er utenkjeleg, seier dei berre eple. Det er eit godt ord, og franskmennene gjer det på same vis. Pomme de terre tyder rett omsett jordeple. Franske poteter vert til pommes frites, der endinga -es er stum i begge ledda. Ingen talefeil er verre å høyre enn når nordmenn trur dei apar etter franskmenn og like godt kuttar ut t-lyden i frites i lag med endinga. Det er nesten verre enn når dei uttalar entrecôte utan t eller seier Grenoble med endinga -el (vranglære frå Ellefsæter og Lillelien) i staden for å uttale namnet rett fram.
   Som sagt er potetferien over, og no trur du nok at læraren er lei av å ha fri og er i full gang med undervisninga si att. Men dette er berre folkeopplysning.

torsdag 14. oktober 2010

POTETFERIE

Me har hatt haustferie denne veka. Det som i gamle dagar vart kalla potetferie. I Danmark hadde dei kartoffelferie. Det rurale Danmark vart ille plaga av at landmandsbørnene rett og slett skulka skulen ei veke i oktober. Dei var nøydde til å vere med og ta opp kartoflane. Så innførte dei like greitt ein kartoffelferie utpå hausten.
   I vårt land var det og poteter å ta opp. Det var til dømes mange osloungar som drog på landet og tente seg nokre kroner på potetopptaking. Eg kan ikkje hugse at denne onna var grunn god nok til ekstra skulefri då eg var gutunge og me verkeleg laut leggje for dagen ein innsats for å få potetene or jorda. Men så gjekk me på skulen berre annankvar dag, så det var godt høve til å tyne litt arbeidsinnsats ut or oss likevel. Og ordet potetferie trur eg ikkje eg hadde høyrt før eg kom på gymnaset og me hadde månadslov i slutten av september. Kanskje me hadde to dagar fri, til og med?
   Ei heil veke skulefri om hausten er eit nokså ungt fenomen for min del. Eg torer ikkje tippe kva tid me innførte det på skulen vår, men eg hadde vore mange år i arbeid før ordninnga kom. Talet på arbeidsdagar har ikkje minka av den grunn; me har like mange undervisningsdagar no som for trettifem år sidan, til dømes.
   Me har ikkje teke poteter i haustferien. Dei tok me opp for nokre veker sidan. Då var me i Bekkjarvik i helga og henta årets grøde. Eit lite nybrot på tre-fire kvadratmeter gav oss eit par bytter gode poteter. I dag har me hatt nest siste resten til middag. Elles har det vore rolege dagar utan mykje å skrive om. Eg har sett og drege garn og teiner nokre gonger, men med magert resultat. Både fisken og skaldyra er tydelegvis bortreiste på haustferie.
  

tirsdag 12. oktober 2010

KVIT SKJORTE OG SLIPS

Eg putla med nokre gamel bilete og møtte meg sjølv som skulemeister og nittenåring på Nordanger skule på Radøy. Eg legg merke til at eg faktisk har kvit skjorte og slips på meg under den fine jakka som mamma har spøta.
   Nei, kvit skjorte og slips har aldri vore arbeidshabitten min. Langt ut på syttitalet og sikkert endå lenger var det ein heil del lærarar på vidaregåande skular som dressa seg svært opp når dei gjekk på jobb. Iallfall på det som før i tida heitte gymnas. Dei var jo lektorar eller til nød (slik som eg) adjunktar. Dei var med i Embedsmennenes landsforbund. Dei var embetsmenn. På sett og vis er eg ein av dei siste embetsmennene, om vi set godviljen til. Etter tre år som lærar eitt år i slengen var det departementet som i 1976 tilsette meg som adjunkt på Kvinnherad gymnas. Men det trur eg var siste året at departementet hadde det endelege ordet. Sidan den tid har fylka fiksa denslags sjølve. Og no er det fleire år sidan me vart utelukka frå statleg tariffoppgjer og flytte over til KS.
   Men kvit skjorte og slips vart ikkje uniforma vår på Kvinnherad gymnas. Rektor Leiv Døssland gjekk støtt i blå busserull, og dei fleste av oss andre gjekk nokså halvkvardagsleg kledde. Slik har me halde fram. Skulen miste forresten den akademiske dominansen etter få år. Det vart ein kombinert vidaregåande skule med eit breitt spekter av både lærarar og elevar. Også i klesvegen. Dressar ser me lite til.
   Men kvifor går den unge jyplingelæraren på Nordanger med kvit skjorte og slips? Sanninga er at biletet er arrangert. Bror Steinar besøkte meg denne helga, og no er det sundag. Det er berre oss to i klasserommet. Det med kleskodane på femti- og tidleg sekstital fortener nokre ord. Me stasa oss opp med kvit skjorte og slips både laurdags kvelden viss me skulle på dans, og om sundagane. Det var helg. Helg var noko anna enn kvardag. Til og med me unggutane dressa oss litt opp då.
   Men eg gjekk trass i alt med strikkejakke denne sundagen.

mandag 11. oktober 2010

DRISTIG I KLESVEGEN

Nei, det er eg ikkje kjend for. Ikkje dei siste førtifem åra. Ein fordel med å rykkje opp frå å vere elev til å vere lærar hausten 1964, var at eg fekk pengar om hendene. Eit stykke ut i september fekk eg tre månadsløner på ein gong. På den tida var lærarar tilsette frå og med juli månad. Så då eg drog heimom første helga i oktober, var eg ein rik mann, tykte eg.
   Sundags kvelden var det tid for å dra tilbake, sjølv om eg hadde fri måndagen òg. Sognebåten klappa til kaia i Bergen tidleg måndags morgon, og eg drog opp i Edvard Griegs vei til bror Steinar, som putla og studerte realfag i Bergen. Bror Arne hadde òg skulefri, han dreiv som lærar i Dale. Men han nytta helga til ein bytur i lag med Ola Espedal. Det store, store på turen deira var at Ola kjøpte seg bil.
   Men eg òg var og handla. Eg fornya den sparsame garderoben min, no då eg var vorten rik. Om det var same gongen eg kjøpte ny blådress og laminert frakk (à la Fleksnes), er eg ikkje sikker på. Dei innkjøpa tok eg meg iallfall råd til dette året. Sikkert er det at denne måndagen i oktober kjøpte eg meg bukse i svart-kvitt pepitamønster og ei svart fløyelsjakke. Før eg drog ut att til skulehuset på Radøy, var eg oppom Edvard Griegsvei og trefte begge brørne mine. Sjølvsagt tok eg på meg dei nyinnkjøpte kleda og synte meg fram. Habitten skilde seg nok ut frå det me var vane med å ta på oss. "Er det ikkje fint, då?" spurde eg, då eg sakna dei spontane reaksjonane. "Javisst er det fint," sa Arne. "Men torer du verkeleg å gå med det, då?"

søndag 10. oktober 2010

STRÅLANDE HAUSTTUR

Eg hamna på Nordanger skule nordaust på Radøy hausten etter at eg var ferdig på Firda gymnas. Eg var erstatningslærar, som det heitte. Mange i min generasjon hadde ein liknande karriere. Slett ikkje alle hadde såpass som artium, så eg vart ikkje møtt med så stor skepsis som eg burde ha fortent.
   Første veka i oktober hadde me månadslov både laurdagen og måndagen, og eg hadde lyst heim til Sunnfjord ein tur. Det var ikkje så enkelt. Viss eg tok buss og båt til Bergen for å hive meg på sognebåten, måtte eg skofte mesteparten av dagen. Men det dukka opp ein ide, eg hugsar ikkje om det var min eigen. Eg kunne borde Sognefjord oppe i Nordhordland. Eg skreiv brev til selskapet, og jau! Eg kunne ta ein lokalbåt frå Radøy til Rongevær, og då hadde eg god tid til å borde. Eg måtte innfinne meg ute i leia på eit oppgjeve klokkeslett. For dei som ikkje har vore med på slikt og knapt har reist med ein fjordabåt: Når du bordar, går du om bord i ein båt frå ein annan i open sjø.
   Når eg sit og skriv om dette no, kjem det seg sikkert av at me har haustferie og eit strålande vêr, nett slik som for førtiseks år sidan då eg fekk gamlelæraren på Nordanger til å køyre meg bort i Valdersneset til nordgåande damp då skuledagen var slutt fredagen. Så tøffa me langs strendene, så tøffa me langs land og rakt til havs, der eit solbada og haustfarga Rongevær dukka opp i synsranda. Det er ei klyngje med små og større øyar nord i Austrheim. Der rutebåten la til, var det ein butikk og ein huskrull. Eg rusla inn på butikken og spurde om råd: Om dei visste om nokon som kunne skysse meg ut i leia når sognebåten var ventande? ”Du lyt spørja han der borte!” sa dei og peikte på ein eldre kar i ein liten motorbåt ved kaia. Eg så gjorde, og det var ikkje nei i hans munn. ”Men fyst so gar me heim te kåno å fær oss kaffi, Sognefjord e’kje ventandes på ei goe stond,” la han til. Så vart eg med han over til naboøya, der kona med undrande blikk såg at kallen hennar kom til tuns med ein framandkar. Kaffi og kaker fekk eg, hyggjeleg og venleg var drøsen, dei hadde vel ikkje framanfolk innom dørstokken kvar dag, vil eg tru.
   Og då tida og timen var der, reiste kallen seg, henta huva og tok meg med ned i støa. Me hadde god tid der me låg og venta på Sognefjord, og imens heiv gubben ut snøret og halte opp ein fisk eller to. Der kom Sognefjord majestetisk sigande i den glitrande kveldssola, sakka farten og fekk signal frå oss, og opp ein leider kleiv eg då eg hadde betalt for meg og sagt farvel til skysskaren. Fem kroner foreslo han, men eg gav han ti. Eg trefte kjentfolk om bord, og sjølvsagt undra dei seg over at eg kom stigande rett opp frå havet, så å seie.
   Av alle turar eg har hatt, er dette ein av dei mest eventyrlege. I alle fall blenkjer han i minnet.

tirsdag 5. oktober 2010

LÆRARDAGEN

Dette visse eg ikkje då eg gjekk på arbeid i dag og skulle ha sju undervisningstimar; fem i mine eigne fag og to vikartimar for ein kollega. Men då eg var innom direktoratet no i kveld, fann eg dette:
  
   Gratulerer med dagen, lærere! 5. oktober er Verdens lærerdag, og vi feirer alle nåværende,     
   forhenværende og kommende lærere!
   Send et e-kort til læreren i ditt liv!
 
Men her sit eg og har ikkje fått eit einaste e-kort, kva no det er for slags kort. Eg får kanskje gå tilbake og trykkje på koplinga og sende eitt til meg sjølv, slik gubben Sindre Piltingsrud på gamleheimen i Aukrusts Flåklypa gjorde kvar jul. Nei, då var det ikkje e-kort, men julekort, sikkert med ein nisse, ein kjelke med juletre og full snøvinter. Eller englar og sauer. Ja, skal tru korleis desse e-korta ser ut? Vent litt ...
   Mens me ventar på at kortet skal kome fram til rette vedkomande, kan eg skrive litt til. Læraren i mitt liv?  Favorittlæraren min? Det var eit vanskeleg spørsmål. Grannekona Sigrunn i Flekke kunne gjerne nemnast. Ho tente som blottande ung frøken på Flekke skule eit år lenge før ho og Oddgeir'n flytte til Flekke og overtok nabobruket. Ho hadde ansvaret for småskulen då eg gjekk i tredje. Ho var kjekk og grei, ho, og me lærte det me skulle og vel så det. Men eg hugsar fint lite frå det året, kanskje fordi det var eit heilt greitt skuleår. Dei andre seks åra på Flekke skule hadde me sjølvsagt Sigurd Årøy. Me lærte mykje rekning og norsk rettskriving med han. Han skal ha ros for at han sleppte Peter Kåre og meg laus i ymse rekneverk på eiga hand når me kjeda oss i reknetimane. Realskulen? Gymnaset? Universitetet? Bevares, eg har hatt mange bra lærarar, og sjølv har eg nok lånt ein og annan idé frå mange av dei. Og lånt idear frå somme om kva eg ikkje skal gjere som lærar. I staden ar eg utvikla mine eigne uvanar, som eg ikkje kjenner eller forstår, men som elevane mine kan sladre om når eg ikkje er til stades. Kanskje. Men eg trur ikkje eg skal peike ut nokon som "læraren i mitt liv". Det måtte i så fall vere mamma og papen. Og Anne. Kanskje sønene mine. Storebrørne var gode lærarar. Likkjesysta òg.

   Og så dette kortet, då. Slik ser det ut, og i tillegg er det plass til påskrift.



Men det endelege kortet med helsing frå meg til meg er ikkje kome fram enno, to timar etter at eg prøvde å sende det. Fattar ikkje kva epostbodet tullar med. Då får eg nøye meg med å vise sjølve illustrasjonen og kanskje kome tilbake til saka ein annan dag.

mandag 27. september 2010

SYNDEFALL

No må eg tilstå at eg har brote lova. Freistinga vart for stor.
   Her i Hordaland ligg mange av ferjeleia slik til at dei er omkransa av blanda krattskog, deriblant hatl. I helga var me innom åtte ferjeleie, og det kunne lett ha vorte to til viss me ikkje av praktiske årsaker hadde køyrt om Tysse på veg til by'n. Det er hatlar og nataskog like ved dei fleste av desse åtte ferjeleia, iallfall ved sju av dei. I Bergen var me og Tore av garde og opplevde komikarane Rune Andersen og Espen Beranek Holm, overnatta hos Tore og for til Austevoll laurdag. Der tok me opp potetene, eit par bytter med Kerrs Pink og mandelpoteter.  Men så var det desse netene då. Når det er strålande haustvêr, du har litt for god tid til ferja og du ser at det er nataskog like ved, vert freistinga for stor. Eg kom i skade for å ta med nokre neter i lommane mine og heim til nataknekkjaren. Tenner er så dyre i vår tid at eg helst ikkje vil øydeleggje fleire enn eg har gjort i år. Eg laut ut med ein liten formue i sommar for å få erstatta ein toårsjeksel som var betent i rota og knakk sund i kruna. Hadde tennene våre vore unge og sterke, kunne me ha ete netene på staden utan å bryte lova.
   Eg vurderer å skulde på freistarinna som minte meg på denne haustlege delikatessen i ein kommentar til ein tidlegare blogg. Og den freistarinna heiter ikkje Eva, det er systera, ho heiter Randi.

tirsdag 21. september 2010

NYELUKKIEN

For tretten år sidan skreiv eg ei lita avhandling om hundane i heimbygda mi. Dette skrivet har vore distribuert i papirformat til eit fåtal utvalde. Eg har vore sterkt innstilt på at eg ikkje skal gjenta noko frå den boka i bloggen min. Men no har eg rekna ut at det i desse dagar er akkurat femti år sidan me fekk i hus den hunden som er omtalt nedanfor. Då gjer eg eit prinsippavvik og kopierer direkte frå "Hundeliv i Flekke". Dei som har denne trykksaken, kan sleppe å lese.

NYELUKKIEN

Ein fin haustsundag i 1960 kom mamma or Hoja med stjerner i auga. Frøya hadde to halvvaksne hundsungar, og den eine av dei hadde ho tinga, for han var så lik den Lukki som me hadde hatt, kvit og fin. Eg kunne reise opp dagen etter og hente han. Eg var ikkje nokon smågut lenger, gjekk andre året på realskulen og greier, men å få ny hund var ei kjøle god nyheit. Så etter middag steig eg på sykkelen og trødde opp i Grønneset, ropte “Båååt!” tre gonger, til Teodor’n kom fykande ned bakkane og skauv båten ut. Litt seinare på ettermiddagen var hunden plassert oppi ein dynamittkasse med nokre fjølbitar spikra over, så eg kunne få han med meg på sykkelen. Eg kan godt røpe med ein gong at dette var ein makelaust snill hund som fann seg i det aller meste.

   Turen gjekk utan komplikasjonar av noko slag. Verst var det for litjesysta, som no var fire år og hadde fått lov å gå ned til Anne-Sofie og vente på meg der nede. Det vart ulideleg lenge å vente for ein fireåring, som dessmeir vart øye pissetrengd og laut late det gå i buksa til slutt. Men der kom broren syklande med ein kasse på bagasjeberaren, og lukka var uendeleg då ho fekk sjå eit kvitt hundefjes med ein brun snut under loket.

   Det var ikkje diskusjonar eingong. Hunden skulle heite Lukki etter mormora. Han (no og kjem eg til å bruke hankjønnsformene, trass i at dette og var ein hohund) – han var nesten like kvit som bestemora, men ikkje heilt. Då han kom, var han strengt teke for stor til å verte opplært på ein ny plass. Hundsungar vart helst leverte lenge før dei var så store; Lukki var nesten utvaksen.

   Første natta fekk han overnatte på lemmen der eg sov. Såpass omtanke måtte nykomlingen få. Det gjekk bra. Eit par gonger var han bort til senga mi og peip, men stort sett roa han seg. Og det var likt til at han fort fann seg til rette i den nye heimen. Men treninga for å verte sauehund gjekk berre så måteleg. Han var for snill til å gøy noko særleg, sprang helst etter sauene og heldt kjeft. Dessutan berekna han ikkje så godt kva tid sauene var komne langt nok så det kunne passe å snu. Men ein viktig grunn til at Lukki ikkje vart den sauehunden me vona, var etter mitt syn Finnsauen.

   Finnsauen tok ikkje tukt. Han gjekk ovanom garden på vår side av merket, og tok det ikkje nøye om me prøvde å jage han. Han tasla motvillig inn att om gjerdet, men kom att med ein gong. Men no hadde me altså fått hund, og den prøvde me mot det forbaska beistet. Ikkje tale om. No prøvde Lukki så godt han kunne å gøy, stod ein meter frå Finnsauen med kjeften vend mot han og nigøydde. Sauen stod like forherda og beitte. Og etter eit bel vende han seg mot den stakkars hunden og stampa bestemt i bakken så hunden kvapp attlengs tre-fire meter. Enno gav ikkje Lukki opp, men prøvde å bruke målet sitt på nytt. Ingenting nytta. Og det skulle ikkje undre meg om hundesjølvkjensla fekk ein alvorleg knekk av dette.

   Det er og det å seie om nye-Lukkien at han var makelaust snill og godlidande, faktisk endå snillare enn mormora. I alle fall med meg, som vart utropt (av meg sjølv) som eigarmann til dyret. Såpass måtte eg ha sidan eg sykla han heim den gongen og tok meg mykje av han det første året han var Ovaihoja. Det einaste høvet eg hugsa at gamle-Lukkien glekste og ville bite, var når han hadde nyfødde hundsungar og eg kom og ville sjå dei. Men nye-Lukkien fann seg i det og.

   Lukki fekk seg mykje mosjon av å springe etter fugl. Om sommaren når det kom måsar på bøen, sleit han og sprang langs etter bakkane og gøydde på fuglen, sjølv om dei fauk høgt over han. Eg veit ikkje om det var med ei lita von om å fange ein måse ein vakker dag, eller om det berre var for å kompensere for det dårlege inntrykket han gav som sauehund. Det hende seg når han skulle skunde seg under ei hes at han skalla i ein hesjestaur så det song. Men han gav ikkje opp, han tana og sleit seg vidare.

   Sprintertaktene synte han og når eg hadde vore vekke og kom heim. Først gøydde han slik han skulle når det kom framandfolk til gards, men når han hadde identifisert meg, vart han så gild at han sprang i full fart lange stykke i sikksakk etter bøen før han roa seg.

   Noko av det kjekkaste han visste, var å vere med papen til Flekke. Det fekk han ikkje lov til, og når papen var kommen bort med Storehogen med hunden diltande etter, jaga papen han heim. Men i staden for å lyde og halde seg med husa smaug Lukki seg bakom Gamlestaua, ålte seg langs Ospåkeren og lurte seg på ei eller anna vis over i Tunbakkurda og ned til Flekke. Så kom han glad og fegen med halen i hundre til møtes med papen når han kom ned i vegeskiftet.

   Nyelukkien fekk og hundsungar, men eg kan ikkje hugse at me avhenda nokon av dei. Marknaden for slike dyr var slakkare i sekstiåra enn i femtiåra. For det første vart det mindre vanleg med hund på gardane, for det andre fekk folk finare vanar og kjøpte seg rasehundar. Som om det har funnest likare og reinare rasehundar enn Lukkiane våre med avkom! Men det var stadig snakk om å setje på ein ny hund som kunne alast opp til ein skikkeleg sauehund. Stakkars Lukki, eg håpar ho var lukkeleg uvitande om den brutale sanninga: At borna hennar etter kvart vart eit dødeleg trugsmål mot henne.

  
Mor Lukki ("Nyelukkien"), dotter Bassa og katten Mons

mandag 20. september 2010

HEIM FRÅ FEST

Ein liten analyse har konkludert med at dette som kjem no, kan ha hendt i desse dagar for femti år sidan. Men eg kan ta feil. Det kan ha vore på vårparten i 1961. I alle fall må det ha vore skuleåret før eg begynte på gymnaset i august 1961.
   Det var laurdagskveld, og lite aktivitet i bygda. Ikkje var det dans i Dale eingong. Bror Steinar gjekk siste året på gymnas i Bergen og var heime på månadslov. Knut David, Peter Kåre, Kåre Hellevik, Steinar og eg gjekk og trødde nede i vegen og lurte på kva me skulle finne på. Det var dans i Bjordalen, men opp dit var det halvanna mil, og me var ikkje særleg mobile nokon av oss. Hadde me vore rike, kunne me ha teke drosje, men ...På ein eller annan måte dukka det opp ei løysing.  Ein lastebil dukka opp og skulle den vegen. Kåre, Knut, Steinar og eg slo følgje. Me vagla oss bak på lasteplanet. Siste biten til det nedlagde skulehuset i Bjordal laut me gå. Det var mørkt og vått, me bomma på vegen, og Kåre steig ut i ei grøft. Han vart dyvåt, men kva gjorde vel det? No såg me danselokalet rett der framme, og Kåre, framleis ein framifrå dansar, dansa sikkert av seg væta.
   Så hugsar eg eigentleg ikkje noko særleg, me såg vel på livet, dansa og skravla slik  me brukte å gjere i slike høve. Nei, det som gjer at eg minnest nett denne turen, er at me slett ikkje hadde fiksa oss skyss heim Og ingen med bil skulle vår veg, iallfall ikkje nokon som hadde plass til fleire. Så me tok beina fat då festen var slutt og klokka var nærmare fire.
   Men unge og spreke som me var, gjekk den halvanna mila unna før dagslyset braut skikkeleg igjennom.  Og då Steinar og eg gjekk gjennom grannetunet og var nesten heime,var Olai'en i  Gara på veg og skulle mjølke kyrne.

fredag 17. september 2010

ALDER, AKT OG ÆRE

No skal eg krype til korset. Eg har gått rundt og kunngjort i aust og vest (og litt i nord òg) at eg er den eldste på arbeidsplassen. Folk kan undrast på om det er skryt eller syting. Så fekk eg greie på i dag at så ikkje er tilfelle. Eg har loge for dykk. I god tru. Her er ei dame, jamvel kollega, som er eit par månader eldre. Det visste eg ikkje. Ho ser no ut som ho er mykje yngre enn eg. Ikkje kan eg fortelje kven det er heller, eg likar ikkje å utlevere folk på det viset. Og så skal me ikkje syngje ut om alderen på damer, har eg lært. Dama har ikkje vore så mange år på skulen vår, så eg er framleis den som har lengst tenestetid her, gu'beire.
   Det gjer godt å vite at eg har folk kring meg som ikkje er så unge som eg. Får berre vone at det ikkje går ut over ære og aktelse. Me ungdommar vert så lett oversedde, eller hundsa og jagde på. Men eg må jo ta det og, no når eg slepp det tunge ansvaret med å vere nestoren på huset. Heretter skal eg helse med eit djupt bukk når eg treffer Marit Helvik og halde henne høgt i akt og ære.
  

onsdag 15. september 2010

TEPPEFALL

Først vil eg fortelje om ein episode då me var på turne med russerevyen vår i hine hårde dage. Eg hadde mellom anna som fast jobb å passe sceneteppet. Spesielt viktig var det å få teppet på plass etter kvart nummer, så dei på scena ikkje vart ståande der og gape. Eg trur det var på Folkets Hus i Høyanger at dei hadde teppet på ein rull, nett som eit rullegardin, berre mykje større og tyngre. Til vanleg var det noko tungt å få det opp, mens det kunne gå litt for raskt den andre vegen. Under eit nummer i den utmerka revyen vår merka eg at teppet hang fast høgt der oppe på rullen. Eg hadde vel teke litt for hardt i då eg heiste det opp. Her var gode dyr rå, som papen stundom sa. Eller at rådyr var gode. Han spelte seg litt med denne vendinga, papen. Eg greidde på ein eller annan måte å klatre opp langs scenekanten og fekk lirka laus teppet akkurat då det måtte ned. Ingen merka noko, verken i salen eller på scena, bortsett frå mine gode kolllegaer og russevener som heldt til bak scena med ymse praktiske oppgåver i kulissane. Dei såg på klatringa mi som ein heltedåd.
   Ei av fleire manndomsprøver me vart konfronterte med i ungdomslaget då me kom der som fjorten-femtenåringar, var å lage program på lagsmøte og medlemsfestar. Dermed måtte me opptre med både lånte og heimespøta innlegg. Ein gong hadde Knut David Hustveit og eg laga ein sketsj med nokre småmuntre innslag og replikkar det var råd å humre av. Men me hadde ikkje eit sluttpoeng, slik ein vellukka sketsj bør ha. Og Peter Kåre Igelkjøn, som skulle dra teppet, hadde sikkkert ikkje fått gode nok instruksar. Så då Knut david og eg strengt teke var ferdige, vart ikkje teppet drege føre. Me prøvde fortvila å spele vidare, seie noko glupt, før endeleg Peter'n - full i flir - fekk farten opp. Det var flautt, og folk i salen lo visst meir av fiaskobiten av framføringa enn av sjølve innhaldet i sketsjen. Men dei var gilde og sa etterpå at sketsjen var god den, det gjorde ingen ting om finalen vart som han vart.

tirsdag 14. september 2010

LIVETS DANS

Å vere med i ungdomslaget førte til tøffe utfordringar for fjortenåringen den gongen ved inngangen til sekstiåra. Å ha ansvar for lagsavisa Bondeguten var ein tøff start, og meir kom etter kvart. Men det var ei sak som ungdomslaget åleine ikkje kunne ta ansvar for. Tvert imot var laget ein medhjelpar, ein som tok del i problemløysing. Det hadde seg slik at kunsten å danse og kunsten å halde om ei jente var tvingande nødvendige skulle ein vere ein fullgod mann. Og den første av desse kunstane var eit nødvendig vilkår for å få oppleve den andre, slik eg såg det. Men korleis i all verda skulle eg greie å tileigne meg slik lærdom? Eg hugsar at bror Arne hadde ei lærebok i dans med heim ein gong, anten han no hadde lånt eller kjøpt henne. Han nynna med seg sjølv og prøvde å trø etter anvisningane i boka. Slike bøker hadde ikkje eg fått fat i. Så då ungdomslaget klemde til med kurs i folkedans første vinteren eg var med, møtte eg opp med glede og store forventningar. Det gjekk vel nokolunde, eg hugsar verken store triumfar eller sviande nederlag frå desse kurskveldane.
   Overføringsverdien til den praksisen me møtte på laurdagsdansane, var avgrensa. Ikkje heilt irrelevant, men heller ikkje fullgod. Ein og annan rheinlenderen spelte dei, og vals, sjølvsagt. Valsen var forresten ikkje heilt enkel i førstninga. Og songdansar som ”Eg ser på deg” og ”Eg veit ei lita jente” var ikkje aktuelle på dansefestane. Swing og tango var me ikkje borti på kurskveldane, men dei var populære på laurdagsdansane.
   Ei anna tøff utfordring for oss gutane var at det var me som laut by opp. Det kosta ein del. Iallfall når du visste at det kunne verte meir stauring enn dansing. Jentene slapp billeg, tykte eg og fleire med meg. Dei dansa med kvarandreog lærte på det viset, men det kvidde me gutane oss på. Og jentene vart oppbydde. Dei fleste. Dei kunne seie ja eller nei. Dei kunne seie at ”du får føre, eg e’kje så flinke” viss guten var ein smule erfaren på golvet.
   Ja vel, det gjekk seg til etter kvart med dans og jenter, trass alt. Og no kan me innrømme at dei jentene som sat og ikkje vart oppbydde, truleg hadde det verst. Eller kanskje dei gutane som aldri våga tenkje seg tanken å danse med ei jente.
   Men korleis finn ungdommen kvarandre notildags, når dei ikkje dansar lenger?

mandag 13. september 2010

GUTAR OG KJØLNE KATAR

I går då eg skreiv om lagsavisa i Flekke ungdomslag, tenkte eg fælt på det namnet avisa fekk då ho vart skapt for godt hundre år sidan. (Viss eg ikkje hugsar feil, var det i 1909. Nei, eg hugsar sjølvsagt ikkje at ho vart til, men eg har bladd i den eldste handskrivne avisprotokollen!) Det er den haken med namnet Bondeguten at me ungar av hankjønn i Flekke, var ikkje gutar. Me var katar, anten me no var bønder eller ikkje. Ein kate-katen-kata-katanje. Eg har ikkje granska utbreiinga av dette målføreordet, men eg tvilar på at det var særleg kjent utanfor heimekommunen vår. Og om det var utbeidd i heile Fjaler, er eg òg usikker på. Kanskje lesarar av dette kan supplere med opplysningar? (Sjå kommentarfeltet nedanfor.) Derimot har eg snappa opp at ordet har funnest i fleire bygder på Nordvestlandet, utan at eg har høyrt det i bruk andre stader. I Flekke var ordet gutar stundom brukt om ungkarar, men sjeldan om ungar. Dei tre gamle ugifte brørne på grannebruket ”i Gara” kalla me ofte for garagutane. Forresten er det sagt at gamle far deira, Søren, kalla eldste sonen Ola for sveinen og dei to andre for gutane.
   Viss eg her i Kvinnherad – til dømes i historietimen i morgon – tiltalar ein elev og seier at ”du er ein kjølen kate”, vert nok dei som høyrer etter kva eg seier, nokså undrande i blikket. Adjektivet og gradsadverbet kjøle er sterkt utbreidd blant dei som seier kate. Som adjektiv tyder det fæl, som adverb svært. Det går an å seie at ”dæ kjøle hett” ein glovarm sommardag. Og me kan seie ”ein kjølen varme” utan at me motseier oss sjølve. Det er eit sømmelegare synonym for ordet jævla. Men me flekkingar har ikkje monopol på ordet kjøle. Svigerdotter mi frå Surnadal på Nordmøre brukar kjøle (med tjukk l) i tide og utide. Flott!
   No sit eg her i god avstand frå barndomsbygda Flekke, der eg ikkje har budd fast på 49 år. Kanskje alt dette eg har skrive om ovanfor har endra seg. Kanskje hugsar eg feil på somme punkt. Så viss du har rettingar eller tilleggsopplysningar, lyt du berre bruke kommentarfeltet. Det er forresten fullt lovleg og hjartans velkome for deg som ikkje er flekking å bruke det òg.

søndag 12. september 2010

BONDEGUTEN

I fjor på denne tida nemnde eg i bloggen at det var femti år sidan eg var nykonfirmert, og då kunne jyplingen begynne å gå på dans og vere med i ungdomslaget i Flekke. Vegen var kort, ungdomshuset ligg i lett høyrbar avstand frå heimetunet. Men eg trur ikkje eg skreiv om Bondeguten i fjor.
   Laget hadde ei lagsavis i form av ein tjukk, handskriven protokoll. På kvart lagsmøte var det eit høgdepunkt når siste nummer av bladet vart opplese. Mykje av innhaldet var bygdesladder i kraftig parodiert form. For sarte sjeler var det stundom for mykje, eg vil tru det var enkelte som kvidde seg på å gå og høyre korleis dei vart uthengde. Pressens faglige utvalg vart ikkje kopla inn, men burde stundom ha vore det.
   Redaksjonsansvaret gjekk på omgang, men det var ikkje alle som hadde særleg skriveevne eller fantasi, så innhaldet ymsa litt. Det hende seg at det dukka opp ei avskrift av ei Norsk Ukeblad-novelle. Men det var og folk som knapt hadde fått meir enn Godt i stil hos lærar Årøy, som blomstra når dei sat og dikta i hop skrøner i Bondeguten.
   Lagsbladet til Flekke ungdomslag er ikkje eineståande. Tvertimot, eg har seinare fått høyrt om mange ungsomslag som har hatt nærsagt identiske lagsaviser: tjukk handskriven protokoll, masse sladder, parodiar og satiriske innslag og redaktøransvar på omgang.
   Utpå vinteren 59/60 var det min tur. Eg fekk den tjukke boka med dei mange tomme sidene med meg heim. Men kva skulle eg skrive om?  Eg var tom for idear og full av prestasjonsangst. Så det enda med at eg skofta neste lagsmøte, og der sat folket og gjekk glipp av Bondeguten den sundagen, mens eg gjekk glipp av møtet. Eit par av dei eldre ungdommane tykte nok at dette var for gale og ville hjelpe den stakkars jyplingen, så ein vakker dag kom det ein tjukk konvolutt i posten med ein godt ihoptråkla satirisk reportasje om nyhende i bygda. Men då hadde den ferske lagslemen allereie kvitta seg med skrivekrampen. Eg hadde loge i hop ei lang historie om korleis flekkingane gjorde det i vinterleikane i Squaw Valley. Dei fleste som sat i salen, hadde vore med på ei eller fleire øvingar og hevda seg bra. Dermed vart det ein lang og rikhaldig Bondegut denne sundags kvelden. Ein av dei snille.
 

onsdag 8. september 2010

MØNSTERMAST


Anne og eg er på ein liten kvelds- og sopptur rett ovanfor riksvegen her på Eikeland. Der snor den gamle postvegen seg opp gjennom skogen og over Eikelandshaugen. Kvelden er mjuk og mild, men me må skunde oss før det vert for mørkt til å finne sopp. Forresten, det kunne nesten ha vore det same med soppen, me finn nesten ingen ting.  Me får likevel med oss nokre få eksemplar så me får ein smakebit til kvelds og fylt eit lite beger til frysing.
   Men inne i skogen er det noko anna som dukkar opp. Ein telefonstolpe i eit gammaldags steinfundament. Slik såg pålane ut der dei stod på line innetter Stavsdalen attmed postvegen heime i Flekke. Og her står dei attmed den gamle postvegen mellom Bergen og Stavanger. ”Jag har bott ved den postveg i hela mitt liv…,” kunne eg ha sunge.
   Det slår meg at fundamentet er av den gamle sorten, men stolpen er nokså ny, er fullrigga med kablar og gjer nytte for seg. Pålen fell heilt naturleg inn mellom dei ranke furetrea omkring. Steinmuren som kviler kring foten hans, er lødd opp i ein pynteleg firkant, og steinane kan godt ha vore henta på staden. Mosen gror over dei, nett som på knausane omkring. Kultur og natur i skjønn harmoni.

Ei mønstermast, etter mitt syn.

mandag 6. september 2010

MYKJE LØYE I SJØEN

Dæ mykkje stykt i sjyen, sa gubben, han såg kjerringa bada. Ein idiotisk og ufin vits, meiner du, og eg er hjartans einig.
   Å setje garn er ein terapeutisk hobby, og på slike solfylte dagar som i dag var det ein fest å dra garna og plukke ut fisk og skaldyr. Berre synd at det har vore lite mat i krabbane me har fått i det siste.
   I dag kom det opp eit vesen som eg først trudde var ei flyndre. Men då eg såg den lange halen, skjønte eg at det var noko anna. Fisken har venger, men flyge kan han ikkje. Det var ei lita rokke, også kalla skate. Flat som ei flyndre, men med augehol og kjeft på undersida av hovudet. Piggane på den lange halen skal ein akte seg for.
   Ei dame eg snakka med i dag, fortalde at dei hadde fått ei skate heime hos henne ein gong, men då dei skulle dra henne opp i båten, begynte ho å yngle. Den skatearten før levande ungar, fann dei ut. Så dei vart så rørte at dei sleppte fisken og ungane utpå att.
   Eg er så forherda at eg avliva dyret, skar av hovud og hale, fjerna magen (ikkje teikn til ungar i denne kroppen, nei) og tok beistet med heim. No er ho djupfrosen, og ein vakker dag skal Anne prøve å forvandle henne til ein lekker rett. Skatevenger skal vere ein delikatesse, har me høyrt.
   Men middagen i dag, då? Jau, då var det nytrekt torsk, ein som i storleik var perfekt tilpassa appetitten vår. Endå var det nokre fiskar til ... Og kveldsmat.

søndag 5. september 2010

EPLEHAUSTEN



Eplehausten i år er så som så, og på biletet ovanfor ser du heile avlinga. Håkonsapalen er på full fart opp att etter at han for to år sidan vart skoren ned nesten til bakkenivå. Den halvmeter høge stuven har skote mange nye renningar, og kvar av dei har produsert mange nye skot. Trass i omhyggjeleg beskjering i vår er han tett og frodig. Men det kom ikkje ein einaste blome på han i vår, og såleis er det ikkje å undrast at han ikkje ber frukt



   Den vesle nyplanta discoveryapalen produserte tre vakre og gode eple i fjor, første året me hadde han. Då skreiv eg i bloggen at det vert nok fleire i åra som kjem. I vår blomstra han pent, og det laga seg til nokre knytingar. Men ein sein julidag bles det opp til stiv kuling. Apalen stod og stritta imot lenge, så sleppte han det eine eplet etter det andre før vindròsene tok slutt. Att  heng det eitt einsleg eple, og  eg fryktar at det attpå til er makkete. Men det heng der no. Så me lyt berre vente til neste haust. Kanskje det vert eit kronår for begge aplane?

lørdag 4. september 2010

NATAKNEKKJARSUITEN, TREDJE SATS: I NATASKOG

Då eg voks opp, var sundagane om hausten fulle av sol og frukter. Folk gjekk i flokk og rad langs den trondhjemske postvegen og inn i natateigen vår, som ligg like ved vegen inst i utmarka til Randi niese og gudbarn. Dei fylte lommene, ja, somme hadde med seg ryggsekk eller posar og raska i hop. Det kom til og med folk frå Dale og forsynte seg. Papen mumla rett som det var om kva lova sa om slik åtferd, det var jamvel straffbart. Folk hadde lov å plukke neter som dei åt på staden, men ikkje lov å plukke med seg heim. Sant nok, berrre sjå i straffelova, § 400:  Den, som paa uindhegnet Sted plukker vilde Nødder, som paa Stedet fortæres, eller vilde Bær, Sop eller Blomster eller optager Rødder af vilde Urter, bliver ikke at straffe. Bær og sopp kan du ta med deg, men ikkje neter. Basta! Slik er det framleis. Men eg trur knapt papen hevda sin rett overfor straumen av gode grannar som hadde lyst på neter. Og truleg var det nok til oss alle.
   Papen vart tikjend eigedomsretten over desse skrinne urdene med hatleskog ved utskiftinga av utmarka midt på trettitalet, og var berre småfornøgd med det. Han ville heller hatt meir tømmerskog eller godt beiteland. Men i dei gode nataåra under krigen tente dei seg nokre kroner på nataplukking. Papen fekk jamvel ordna med kjøp av eit par beksaumarar då han selde ein slump neter til disponenten på skofabrikken. Neter var ei bra salsvare før i tida, og det er nok ein grunn til at neter har eit sterkare rettsvern enn bær. I utgravingane på Bryggen i Bergen har dei funne mengder med nataskal frå mellomalderen. Forskarar har snakka om å analysere skala og prøve å finne ut kvar dei kom frå.
   Den enklaste måten å plukke netene på når dei var bra modne, var å riste godt på hatlane så netene datt av. Viss ikkje urda var for grov, kunne me lett plukke netene opp frå grunnen. Heilt oppe under fjellsida, i merket mellom oss og Stav, stod sjølvaste Spanskehatlen, kjend for sine store, flotte neter. Namnet alluderer til dei store kjøpenetene frå Spania som kom i butikkane til jul.
   Når vårsol i bakkane blenkte og snøen forsvann i natateigen, kunne me og finne neter som hadde overvintra. Ikornet, dalingane og flekkingane hadde sjeldan fått med seg alt. Eg var fleire gonger inn i teigen på vårparten og fylte lommane. Dei var nett like gode som om hausten, tykte eg.
   Men no er nataknekkjarsuiten min over. Lukke til med natahausten, Randi!

fredag 3. september 2010

NATAKNEKKJARSUITEN, ANDRE SATS: GRISEMAT OG JULEKNASK

Når netene blir brune og kulda setter inn...ja, då går det mot jul. Og då må me ha neter på bordet. Både valneter, paraneter og hatleneter. Helst sjølvplukka norske, men til nød importerte frå mellomhavsland som Spania, Italia, Marokko eller Tyrkia. Dei norske er sjølvsagt best, men dei er mindre, så me må knekkje desto fleire. Det kan me trygt ta oss tid til i jula.
   Netene haustar me i månadsskiftet september-oktober, eller når dei begynner å sleppe hamsen. Då har dei fått eit vakkert solbrunt skjær og er godt etande. Alle treng ikkje ha sleppt hamsen enno, du raskar med deg det du får opp i sekken din, går heim og spreier dei ut på ein turrlun og luftig stad. Legg dei t.d. opp på nokre gamle eksemplar av bladet Firda eller til nød Bergens Tidende. Etter eit par veker modnast dei slik at du lett får alle netene ut or hamsen. Dei som framleis sit fast, kan du trygt hive; dei er mest truleg tomme.
   No har du minst tre løysingar vidare:
   1) Du kan late dei liggje og turke vidare fram til julafta, ta dei fram og knekkje i veg. Då er kjernene bra innturka, men svært aromatiske.
   2) Du kan faktisk fryse dei. Då vert dei ikkje fullt så innturka, smaken vert friskare, men ikkje så konsentrert og kraftig som om dei får turke i fred. Skal du ha neter til påske, kan dette vere ein tanke.
   3) Du kan ta fram ein høveleg slump innturka neter likkjejulafta og leggje i vatn. Storejulafta om morgonen siler du av vatnet og let dei liggje til om kvelden etter at du har opna pakkane. Då får dei og litt av den ferske smaken som dei hadde då dei var nyplukka, eller om du hadde frose dei.
  Smak og behag får avgjere her. Eg ville nok ha valt gamlemetoden, altså nr. 1. Uansett: Knekk dei helst ikkje med tennene, iallfall viss du har gamle og slitne tenner, eller nykjøpte spinndyre.
   Men grisemat, kva har det med hatleneter å gjere? Jau, i nokre tronge bygder i Møre og Romsdal (kanskje andre stader òg) er det ein del lune, sørvende bratter med mykje hatl. Meir enn folk brydde seg med å hauste. Så tok dei grisene sine og flytte dei ut i marka så dei fekk gå og godgjere seg med neter. Svina kosa seg svært, nøffa, grov, åt og smatta, og feita seg opp på det reinaste kraftfôret før kraftfôr var oppfunne. Bøndene slapp å mòke og mate dei nokre veker, og når tida var mogen (netene hadde vore mogne lenge), fekk grisene kome heim for å verte slakta oppunder jul. Flesket smakte framifrå, det beste flesket sunnmøringane visste.
   Så då vart det dobbelt opp med natasmak på julebordet!