tirsdag 25. juni 2013

TETTEGUBBEN

Tanken var at dette skal handle om tilknytingar mellom sniglar og sur mjølk med rømme på toppen. Då må eg nesten klargjere enkelte moment. Me har nyleg hatt jonsok, og jonsokdag hadde me her i huset mylse til middag, nett som i barndommen min heime i Sunnfjord. Rett nok kokte me ikkje mylsa sjølv, og det stod Vossadravle på den bytta me kjøpte. Men godt smakte det, nesten som heimekokt.
   Jonsokafta  var det rymmaske som stod på menyen heime i Flekke. Her må eg kome med ein språkanalyse av ordet. I normert språk kan denne fortreffelege retten heite rømmekolle eller mjølkering(j)e. Skulle me skrive rymmaske i normert form, kunne det verte ein rømmeask. Ein ask står i nynorskordboka, og tyder anten eit rankt og lyst tre, som du sikkert kjenner, eller ein bolle eller ei øskje opphavleg laga av trevyrke frå asken. Sidan eg no er langt inne i filologien, kan eg leggje til at ordet øskje/eske òg er avleidd av treslaget ask.
   Men rymmaske fekk eg ikkje jonsokafta, og har ikkje fått det på mange herrens år. Når mamma sette ned rymmaskar, var det ikkje i treskåler. Det høyrde ei fjern fortid til. Nei, ho henta fram det ho fann av glas- og steintyskåler, fylte dei med nysilt mjølk frå beista, og så var det berre å vente eit par dagar til mjølka var syrna. Her snakkar me sjølvsagt om upasteurisert og uhomogenisert mjølk, med andre ord eit reint naturprodukt. Såleis låg det ei god hinne av rømme på toppen når retten vart servert, derav namnet.
   Mange stader i landet snakkar dei om tettemjølk, som visstnok er noko liknande. Men då brukte dei å tilsetje litt bakteriekultur som dei hadde på lur, og som fekk mjølka til å arbeide seg sur på ein særskild måte. Dette kan du prøve å finne ut om sjølv, eg må snart kome til poenget med dagens tekst.
   Eg meiner å hugse bitar av noko som mamma har fortalt, og som kanskje skjedde i ei bygd ikkje langt frå barndomsbygda mi. Dei fekk byfolk på besøk og sette fram herlege rømmaskar til dei. Gjestene var tyrste og svoltne i sommarvarmen og åt av hjartans lyst. Men så fekk ein av dei ein slimut klump i skeia og lurte på kva i all verda det var. "Å nei, det er berre tettegubben, det. Han behøver du ikkje ete!" sa mor i huset. Tettegubbe? Jau, dei sleppte ein snigel opp i rømmasken for å få rett gang på syrninga av mjølka.
   I alle dei år ar eg trudd at dette var ei skrøne. For ordens skuld: Mamma brukte ikkje tettegubbar. Men no har eg leita på nettet og sett at det har gått rykte om ein slik framgangsmåte somme stader i landet. Difor håpar eg at du, kjære lesar, kan hjelpe til og hente fram opplysningar om liknande døme på edel matkunst.
   Kanskje sniglane kan brukast til noko likevel? Bon appétit!

mandag 24. juni 2013

MOLOSERVITUTTEN

Me har vore i retten. Me tretten fredsæle grannar her på berget laut svare for oss i jordskifteretten onsdag. Det handla om fortøyning av båtar i hamna vår. I denne prosessen, som har vart i snart to år, har eg lært mykje om havrett. Og om juss. Eg ser for meg at eg bør verte oppringd til hausten når den nye regjeringa Solberg/Jensen skal skipast. Dei treng ein havrettsminister. Ein veit ikkje kva vår kjære sjøfarts- og fiskerinasjon kan kome ut for, og eg kan ikkje hugse at me har hatt havrettsminister sidan salige Jens Evensen sine dagar.
   Så vil kanskje somme meine at eg ikkje er medlem i noko av dei to partia. Men kva skjedde då Jens vart utnemnd? Eg meiner å hugse at han ikkje melde seg inn i Ap før dei spurde han om han hadde lyst på jobben som statsråd utan departement. Kvalifikasjonane mine  kan det ikkje lenger vere tvil om, og dei står seg same kva parti som styrer landet. I pausen den dagen saka gjekk, drøfta advokaten vår og eg korleis rangordninga her i verda er skipa. Me vart om lag samde om at den er slik: Høgast rår pengane, så advokatane, så Gud, og heilt i botnen demokratiet.
   Eg har lært mange og viktige ord i desse åra mens me har kjempa for rettane våre i hamna. Det viktigaste er det du finn i overskrifta. Du skal få litt hjelp av nynorskordboka:
   servitutt m1, n1 (gjennom ty, frå lat av servus 'slave, træl') hefte på fast eigedom som gjev ein annan enn eigaren ein viss bruksrett eller rett til å nekte visse disposisjonar. Døme: Eit servitutt som gjev grannane vegrett over garden.
   I vår sak har me fått medhald i at eigedomsrett til sjøgrunnen utanfor tomtene til tre nausteigarar ikkje kan hindre oss i å leggje båtar der. Saka endte med forlik, så no må  eg kome vidare i min juridiske karriere før det vert for seint. Eg vart trass alt eit år eldre den dagen me sat i retten.
   Eit anna viktig ord me har lært takka vere denne prosessen, er tilflot og tilflotsrett. Det er så vanskeleg at ikkje eingong Nynorskordboka har funne noka forklaring.
   Men eg veit.