søndag 31. januar 2010

SNØMOKING OG VEGBYGGING

Eg kunne ha vorte vegingeniør, eller kanskje vegarbeidar. I natt kom det heise med nysnø, og i dag føremiddag laut eg ut og moke og feie. Det er kjekt arbeid, arbeid du ser raske resultat av (i motsetnad til læraryrket). Då eg var smågut, likte eg godt å svisje med feiekosten i nysnøen og lage vegar mellom husa: frå stovetrappa og til skytja, bort på do, ned til stabburet og frå kjøkkentrappa og bort til "hovudvegen". Eg var vegkonstruktør, og det oppstod vakre, gåbare vegar i alt det kvite.
   Nede i hustveittunet hadde dei fått tilkøyrt ein kjempediger sandhaug då dei skulle byggje nytt hus. Der heldt eg meg stundom i lag med sonen i huset, Knut David, eitt år yngre enn eg. Mens eg bygde vegar, køyrde han med bilane sine. Grei arbeidsdeling, eg likte best å byggje vegane, han likte best å bruke dei.
   Men Knut'n vart ikkje yrkessjåfør, og eg vart ikkje vegingeniør.

lørdag 30. januar 2010

POPULÆRT SAMTALEEMNE

Me var på Husnes ein liten tur i dag, Anne og eg, og der trefte me min gode kollega Willy, snart sekstito år. Nokså snart kom samtalen inn på pensjonering og pensjonar. Willy var ikkje heilt sikker på kva han skulle gjere, bli AFP'ar slik som eg, med 60 % jobb og 40 % pensjonist, pensjonere seg heilt eller halde fram som før ei stund.
   Før me for heim og feira laurdag, var me innom Valen matsenter. Eg ville gjerne ha Dagbladet, for i laurdagsmagasinet er det eit skikkeleg kjekt kryssord som eg plar kose meg med i helgene. Der trefte eg Astrid og Jon-Inge, som eg har kjent godt i ein mannsalder minst, men som eg ikkje treffer så ofte lenger. No har dei fylt sekstito begge. Samtalen kom raskt inn på det populære emnet pensjonering: "Er du i full jobb enno, eller  ...? Og så snakka me om stoda, utveksla røynsler og skisserte framtidsplanar.
   På skulen går det nesten ikkje ein dag (dei dagane eg er der) utan at nokon spør om kor lenge eg skal halde på, eller ber om råd når det gjeld pensjonering. Jaja. Noko skal ein snakke om. Sjølv kan eg ikkje hugse at eg snakka noko særleg om emnet før eg brått hadde kasta meg ut i AFP-livet.

søndag 24. januar 2010

HEIM MED BOKREOL

Takka vere god og sløydopplæring i Fjaler kom eg heim med sjølvsnikra bokhylle utpå vinteren i 1959. Eg trur mamma og papen tykte ho var bra og, så ho fekk plass i stova og vart kalla bokreol. Det var fortent, det var ei stor hylle. Det trekvite møbelet med mosegrøne kantar stod nok ikkje heilt i stil med dei tunge, mørke eiketremøblane som mamma og eg kjøpte i by'n då eg var seks år. Men ho kom til nytte, og der stod ho i mange, mange år etter at eg hadde flytt or heimen og fått andre bokhyller. Til dømes stod ho der då me laga til konfirmasjon for syster Liv i mai 1971. Her er konfirmanten, Anne og vesle Rune i gang med å brette serviettar, trygt plasserte framfor bokreolen.
   Men det var berre byrjinga. Ikkje før me tømde huset i 1997 forsvann reolen frå plassen sin etter trettiåtte år attmed skjenken. Nesten kvar gong eg var heime i åra mellom 71 og 97, spurde papen om eg ikkje ville ta med bokreolen. Og kvar gong spurde eg om dei ikkje ville ha han, om dei helst ville at eg fjerna han. Og svaret var at det var heilt greitt for dei at han stod der han stod, og nyttig var han. Eg vart aldri klok på om han helst ønskte reolen ut or stova, eller om han var redd for at eg skulle miste han på ei eller anna vis. Eg trur kanskje det siste. For då me delte innbu og lausøyre i 97, passa han på å minne oss om at det var Reidar'n si bokhylle.
   I 1997 hamna reolen hos Vegard, og seinare, då Vegard drog til Trondheim, hamna han på Bønes hos Tore. Som du såg på bloggen hin dagen: I full bruk.

lørdag 23. januar 2010

I BADSTOVA

Me gjekk oss ein ettermiddagstur i dag, Anne og eg. På hålska var det nok med fire kilometer, bort vegen i Valo, rundt sjukehusområdet og heim att. Stilt og fint vêr, om lag overskya og eit par kuldegrader.
   Før me gjekk heimanfrå, sette me badstoveomnen på, og etter turen sette me oss inn der og sveitta ei stund før me tok kvelden. Det gjorde inderleg godt både for kropp og sjel, både spaseringa og økta i badstova.
   Me har skam å seie ikkje brukt den fine badstova vår på aldri så lang tid. Anne rekna ut at sist ho var brukt, var i påskehelga, og då var det Tore som tok seg eit bad. Då ho var ny, gjekk me der fleire gonger i veka. Det var rett etter påske i 1988. Eg snikra og stod på nede i kjellaren den våren, laga matbu og ei bu til, og så badstova. Eg hugsar eg heldt på med finishen i påskehelga. Og nokre dagar etter påske var omnen og alt på plass og rommet teke i bruk. Samtidig gjorde me oss fortente til ein omgang i badstova med hyppige trimøkter, joggeturar eller skogsvandring. Me vart så spreke at ...  Men etter som åra gjekk, vart det sjeldnare og sjeldnare med joggeturar, ja, fjellturane vart det og mindre av. Og endå sjeldnare med badstovebad.
   Om det vert ein ny vår med trimming og badstove? Eg lovar ingen ting!

torsdag 21. januar 2010

EIGA BOKHYLLE

Viss du las førre blogg, veit du at bokhaugen min voks. I tillegg til bokpakkar frå Norsk Barneblad kom det stundom ei bok som jule- eller bursdagsgåve. Så hadde eg ein onkel i by'n med ei pen samling, og eg tillet meg å tigge ei og anna bok frå samlinga hans.
   Men kvar skulle eg gjere av bøkene? Late dei liggje og slenge? Nei, bokhylle ville eg ha. Og løysinga var sløydtimane. Dei var samla opp til ei fjorten dagars økt. Læraren var faktisk frå Kvinnherad og ambulerte mellom skulane i Fjaler.
   Sløyd var det faget som hadde desidert høgast status blant gutane på skulen. Mens me gutane var i kjellaren og snikra, hadde jentene syskule - eller kalla dei det handarbeid? Kanskje det faget hadde like høg status blant jentene?  Sjølv var eg ein middels god snikrar og hevda meg nok meir i andre fag. Men i sjuande klasse sette eg mykje inn på å sikre Mykje godt og få meg ei skikkeleg bokhylle. For ordens skuld, og for moderne lesarar: Her var det ikkje snakk om å skjere til ei hobbyplate, her var det å skjere opp uhøvla fjøler, høvle dei til og lime i hop. Og trettenåringen, som aldri har kunna teikne, rissa opp sånn sirka korleis han ville at hylla skulle sjå ut. Lærar Wang redigerte og finteikna, godkjende prosjektet og gav gode råd og vink. Og eg høvla og høvla.
   Det er få sjølvgjorde produkt eg er meir fornøgd med enn bokhylla, som framleis er i full bruk heime hos yngste sonen, Tore.

onsdag 20. januar 2010

PENGAR OG BØKER

No har me snart ikkje plass til fleire bøker i huset. Bokhyller kvar du snur deg. På veggen ovanfor her eg sit og skriv, er det ei lang rekkje med barnebøker. Og det er ikkje den einaste hylla med slike bøker. Mesteparten av dei er ungane sine. Men ein bra slump har eg frakta med meg heimanfrå.
   Det kom ikkje berre blod og sveitte ut av vedsaginga på Flekke skule. Når årsoppgjeret kom, sat eg der med ein formue på hundre kroner. Papen overrekte den raude pengesetelen og nemnde i forbifarten at det var han som laut skatte av han. Eg nytta pengane på beste vis: Kandissukker og bøker. Mest det siste, vågar eg å tru. Og litevetta hamna nok på ei raud postsparebankbok. Inger Hustveit limte sirleg inn inskotsmerke, skreiv tekst, signerte og stempla.
   Men ein bra slump gjekk til boktinging frå Norsk Barneblads forlag. Eg fylte ut postgiroblankett, skreiv opp kva bøker eg ville ha, gjekk i posten, betalte og gjekk heim og venta. Viss eg tinga for minst førti kroner, fekk eg 25 % rabatt og bøkene portofritt tilsende.
   Det var nesten julehøgtid den dagen pakken kom, bøkene utpakka og klare til å slukast. Dei handla om alt mogeleg, frå ville ferder i Sibir, maktkamp i svensk seinmellomalder, ungar i norske skogsbygder og fiskevær, riddarar og røvarar i England og rampungar ved Mississippi. Somme av bøkene las eg om att og om att, og dei vandra på utlån hos andre gutlarvar i Flekke. Det kom mykje varme ut av vedsaginga.

mandag 18. januar 2010

UVØRDEN VEDSAGING

Denne vinteren har det gått unna på veden, som ligg pent oppsaga og oppkløyvd i garasjen. Ein del av veden har me kjøpt ferdig kappa og klar til fyring. Men ein bra slump har me knerta sund sjølve frå tre som er felte i grannelaget. Det er eit godt og sunt arbeid som me burde drive meir med.
   For tre år sidan bles det ned to digre bjørker like attmed tomta vår i Bekkjarvik. Grunneigaren har gjeve oss fullmakt til å nytte alt slikt der oppe ved eigedommen vår, og bjørkene kunne ikkje liggje slik og sprikje. Det vart eit ryse arbeid både i vinterferien og i påska det året med å få alt oppkappa, bore på plass, oppkløyvd og i lad. Kaminomnen der i huset tek berre småved, ikkje store kubbar slik som vår omn heime. Det vart eit svært lad, som seinare om hausten kom i kjellaren. Og etter at svigermor forlét heimen, har det minka krafig på fyringa. Og der ligg veden. Det er godt å vite når me er der no vinterstid at ved har me plenty av.
   På Flekke skule i  gamle dagar var eg som før nemnt tilsett som fyrbøtar. Og som sagt: Eg kunne verte skikkeleg lei av all vedsaginga som følgde med. Spesielt dei vekene me hadde sløyd på skulen. Då heldt me til i kjellaren, og der var det ikkje elektriske omnar, og kjellaren var stor å varme opp. Rett nok heldt me oss i gang med kroppsarbeid: høvling, saging og pussing med meir.
   Men ved måtte sagast, og ein dag stod Trygve Leirpoll og eg og saga på skatak Sidan Trygve var med, må det ha vore i sjette, altså vinteren 1958. Saga gjekk i vill fart over vedskia, heilt til ho skvatt or faret og sneia neven min. Venstre tommel blødde stygt, og kort tid etter var eg på veg heim. Papen tok meg med til dokteren i Dale med tommelen min godt inntulla i ei fille. Papen tykte sikkert det var greitt med ein daletur til avveksling. Dr. Østby sette på eit par klemmer, og såret grodde fort. Men arra har eg, konferer nede til venstre på illustrasjonen. Nokre nervetrådar er sikkert komne i ulage, for tommelen  er framleis ekstra følsam der saga herja. Elles er fingeren heilt ok.

torsdag 14. januar 2010

SOL OVER TOFTEÅSEN


Stundom blir eg glad i hugen. Som i dag då eg kom heim frå jobb. Litt sein var eg, og tenkte på at no venta Anne utolmodig med middagen. (Det gjorde ho.) Men då eg svinga ned på berget, skein sola så blidt som eit barnebarn frå toppen av Tofteåsen. Ho stod der, raudkvit og rund og berre skein, og klokka var ti på halv fire. Sola klatrar Tofteåsen! Då har me ho ei god stund utover ettermiddagen. Eg bestemte meg for å klokke ho når ho gjekk ned, men det gløymde eg, dessverre. Om lag til fire, tenkjer eg? Ved vintersolsnu fer ho attom åsen klokka tre. Forresten, eg tok eit bilete frå hagedøra vår julafta som eg gløymde å leggje inn på bloggen den dagen. Her kan du få det, tre veker på etterskot. Sjå ovanfor, du. Tofteåsen ser du ikkje, men han begynner i høgre biletkant. Og no om morgonane er temperaturen såvidt under null her heime. Det går mot vår! Trur eg.
   (Ps: Viss du ser på dateringa på biletet nede til venstre, står det 2006. Det er feil, kameraet var feil innstilt. Skulle vere 2009.)

onsdag 13. januar 2010

KULDEN GJEV SEG IKKJE

Men så har han mykje å ta att etter mange mildvêrsvintrar. Og eg som tenkte at eg skulle fotografere til pynt på julekortet rosene våre og dei spanske margerittane som dreiv og blomstra ute i hagen tidleg i desember. Den gong ei. I staden går det hardt på veden. Men eg  trur han skal halde sesongen ut. Skjønt, kven veit?  Viss jula varer heilt til påske, vert det vel vinterkulde til 17. mai.
   Då eg klatra opp i femte klasse (eller femte skuleåret, skulle eg seie,) arva eg jobben som fyrbøtar på Flekke skule. Brørne mine hadde hatt jobben før, men no var Steinar begynt på realskulen. Forresten var både jobben og løna mindre dette året. Dei hadde skrudd opp elektriske omnar, så dei fleste dagane slapp eg fyre. Men høgste vinter heldt ikkje omnane standarden som lærar Sigurd Årøy hadde sett. Var det for kaldt, skulle eg fyre i omnen. Han definerte ein minimumstemperatur som me kunne lese av på termometeret oppe ved tavla. Var det atten grader, tru? Seksten? Hugsar ikkje sikkert. Men det eg hugsar, var at han begynte dagen med å sjekke gradestokken, og låg søyla under det definerte minimum,  bles han i hendene, og eg fekk tilsnakk viss det ikkje var fyr i omnen.
   Frå min synsstand var dette eit heft. Med til jobben høyrde sjølvsagt vedsaging, og det tok tid og krefter. Og ved skulle berast inn or skytja ved enden på skuleplassen, og så kom putlet med å få fyr i omnen. Det var mange andre gjeremål eg sette meir pris på om morgonen før me skulle begynne med bibelsoga. Så viss eg såg at gradestokken låg rett under den fastsette grensa, lurte eg meg til blåse litt på han nett då Årøyen kom i gangen. Dermed steig søyla litt, Årøyen godtok varmenivået og slapp å blåse i nevane. Ikkje hugsar eg at me sat og fraus heller.

tirsdag 12. januar 2010

MEIR OM DETTE VATNET

I går var eg inne på dette med vatn som utvidar seg når det frys, noko eg meinte måtte vere ein feil ved skaparverket. Men no har eg tenkt meir på saka, og eg innser at det har visse fordelar. No ligg Opsangervatnet vakkert islagt med glade ungar på skeisetur. Viss frose vatn ikkje hadde ordna seg slik det gjer, måtte det ha frose nedanfrå og opp. Me kunne ikkje gått på isen før vatnet hadde vorte botnfrose. Isfjella i Arktis hadde sokke heilt til botnen og pressa vatnet opp, eller noko slikt. Eller at isen då  hadde smelta etter kvart som han sokk til botnar. Såleis hadde havet stige og kystlinja vår lege oppe i fjellsidene, og eg er ikkje sikker på om me kunne ha  bygt der me bur på  Eikelandsberget. Ikkje kunne eg hatt båten i moloen. Kanskje me hadde bygt  ovanfor riksvegen, der me i si tid sonderte litevetta kringom ein eigedom.
   Som alle veit, var det mykje meir vinter i gamle dagar når me ser vekk frå denne vinteren. Slik også i  Flekke. På ein ungdomslagsfest midt under ein kuldebolk vinterstid hadde Asbjørn og Kåre i Vellereina og Olemann Hellebust ein sketsj, som vanleg. Asbjørn var kjerring og klaga seg for kallen - Olemann - om at vatnet var frose. Om Olemann kunne ordne med det. Etter passeleg med om og men hadde Olemann henta Kåre, som var røyrleggjar. Han kom med utstyr og bad om å få tilvist åstaden for uhellet. Då kom Asbjørn med nattpotta og viste han. Vatnet i potta var frose. Teppefall og  applaus.

mandag 11. januar 2010

DETTE VATNET, DENNE FROSTEN ...

Skal tru om det er ein feil i  skaparverket, dette at vatn utvidar seg når det frys. Dei fleste materiar minkar volum i kulde, har eg lært. Det gjer visstnok vatn og, ned til fire grader pluss, då begynner det å utvide seg. Til stor fortredelse for oss viss ølflaska eller vassrøyret frys. Kan det vere noko meining i slikt?
   Ute i Bekkjarvik står det eit blått hus som Anne og borna våre eig. Huset er bygt på slutten av femtitalet, uisolert og med enkle vindauge. Sist me var der nokre veker før jul, sette me på ei aning med varme i inste stova, kjøkkenet og på det vesle badet nede. På badet oppe er det ein liten lekkasje i sisterna, så det piplar jamt og trutt. Men sidan det vart ein lang og seig vinter i år, tok angsten oss meir og meir, så torsdag ettermiddag drog me ut, gram i hu og med bange aningar. Men takk og lov! Det kom villig vatn ut or alle kranar utanom vasken og badekaret oppe på det største badet. I dassen pipla det som før. Humøret steig kraftig, og no var hovudproblemet å få såpass varme i huset at det var til å halde ut. Det vart koselegare og koselegare utetter kvelden, og omsider kom vatnet att i kranane på badet og.
   Før me drog heim i går, sette me på meir varme: ein varmeomn i kjellaren og  varme på øvre bad. No trur me nok me slepp engste oss til neste gong, så no kjem det nok skikkeleg mildvêr. Og straumrekninga skal nok auke, det same gjeld elektrisitetskonsumet i landet. Men det som for alvor fekk opp hustemperaturen i helga, var fornybar energi frå sjølvhoggen ved.

søndag 3. januar 2010

IT'S NOW OR NEVER

Men kvar har bloggskrivaren tenkt seg av i dag då, med ein slik tittel? Jau, det handlar om ei femtiårig 7. sans-dagbok, ein skrøpeleg, gammal radio, ein umåteleg populær radiostasjon og ei umåteleg stor rockestjerne. Og ein femtenåring.

Dagboka eksisterer, men har ikkje mykje tekst anna enn dei første dagane i det nye året 1960. Og så er her eit par lister ved slutten av året og starten på det nye året 1961. I heimen til eigarmannen til den sjuande sansen var det kjøpt ny, god radio med FM-band, så no slapp me å leite opp Vigra på mellombylgja når det var skeiselaup eller nyheiter. Den gamle radioen baud på meir skraping og ulyd enn på genuin radiolyd. Men eg fekk på eit vis liv i han og flytte han opp på rommet og bortåt senga. Eg vreid søkjaren heilt ned til høgre og fann stasjonen.

Ute i den vide verda, nærmare bestemt Luxembourg, hadde engelskmennene stasjonert ein radiosendar som spydde ut popmusikk til alle tider på døgnet. Det var ikkje berre i vårt land det var kringkastingsmonopol, men for kreative engelskmenn var dette ei ikkje-sak. Dei laga programma i London og sende dei til vêrs i det vesle, men liberale landet som låg inneklemt mellom Belgia, Frankrike og Tyskland. Og kvar sundags natt, om eg hugsar rett var det frå midnatt til klokka eitt, kom Top Twenty, poplista med dei tjue mest populære låtane den veka.

No skulle denne rapporten ha kome om eit år for å markere femtiårsjubileum, men eg greier ikkje å dy meg så lenge. Juledag 1960 og første nyårsdag 1961 gjekk Elvis Presley til topps med "It's now or never". Elvis var nett komen heim frå militærteneste i Tyskland, og der i landet hadde han mellom anna høyrt den italienske songen "O sole mio". Dermed fekk han laga engelsk tekst (som ikkje liknar det minste på originalteksten) til tonen og song så det ljoma. Han hadde og plukka med seg ei tysk folkevise og song ei blanding av engelsk og eit slags tysk: "Muss i denn, muss i denn zum Stetele hinaus..."

Og der i senga, med den gamle radioen som kjelde, førte eg listene over Top Twenty siste sundagen i 1960 og dei to første sundagane i 1961. Her er dei ti beste den nyårsdagen:

1: It's now or never (Elvis), 2: Save the last dance for me (The Drifters), 3: Poetry in Motion (J. Tillotson), 4: I love you (Cliff Richard), 4: Lonely Pup (Adam Faith), 6: Little Donkey (Nina og Fredrik), 7: Strawberry Fair (Anthony Newly), 8: Goodness Gracious (Sophia Loren og Peter Sellers), 9: Man of Mystery (The Shadows), 10: Rocking Goose (Johnny and the Hurrycanes).

fredag 1. januar 2010

NYTT ÅR

Det vart eit nytt år denne gongen og. I går kveld sat me heime, Anne og eg, til klokka var nesten tolv. Me gjekk ut og ned på berget og såg på fyrverkeri, ønskte gode grannar nytt år og sette oss inn til Beate og Jon ei stund. Der var fleire andre kjenningar samla. Me sat ikkje lenge før me rusla heim til oss sjølve og sette oss til å sjå resten av ein dansk film som gjekk på ein eller annan kanal. Så det vart seint nok før me tok natta.

Dagen i dag har vore lat og svært lik mange andre nyårsdagar: Sein, god frukost, nyttårskonsert frå Wien, hopprenn i Partenkirchen, kokt kald laks med agurksalat og rømme + pluss plommedessert (desserten er ikkje bomfast tradisjon), middagskvild, kaffi og julekaker og talen til statsministeren. Som venta snakka han om sysselsetjing og sjukelønsordninga. Og sidan me har litt rikeleg med mjølk som har gått ut på dato, har eg kokt kakao til kvelds.

I dag har eg hatt litt gangsperr etter ein god skitur i lag med Tore i går. Me burde sjølvsagt ha kome oss ut i dag og, men vips! Så var det kveld og i seinaste laget. Ikkje for det, fullmånen glitrar flott i kveld. I natt lurte han seg bak eit tynt slør av skyer så me såg han nesten ikkje. kanskje for at fyrverkeriet skulle få kome meir til sin rett.

Godt nytt år!