søndag 31. januar 2010

SNØMOKING OG VEGBYGGING

Eg kunne ha vorte vegingeniør, eller kanskje vegarbeidar. I natt kom det heise med nysnø, og i dag føremiddag laut eg ut og moke og feie. Det er kjekt arbeid, arbeid du ser raske resultat av (i motsetnad til læraryrket). Då eg var smågut, likte eg godt å svisje med feiekosten i nysnøen og lage vegar mellom husa: frå stovetrappa og til skytja, bort på do, ned til stabburet og frå kjøkkentrappa og bort til "hovudvegen". Eg var vegkonstruktør, og det oppstod vakre, gåbare vegar i alt det kvite.
   Nede i hustveittunet hadde dei fått tilkøyrt ein kjempediger sandhaug då dei skulle byggje nytt hus. Der heldt eg meg stundom i lag med sonen i huset, Knut David, eitt år yngre enn eg. Mens eg bygde vegar, køyrde han med bilane sine. Grei arbeidsdeling, eg likte best å byggje vegane, han likte best å bruke dei.
   Men Knut'n vart ikkje yrkessjåfør, og eg vart ikkje vegingeniør.

1 kommentar:

  1. Nei det er ikkje mange som blir det ein skulle vore. Men den glupe meistrar det meste. Så og med Reidaren.

    SvarSlett