lørdag 23. januar 2010

I BADSTOVA

Me gjekk oss ein ettermiddagstur i dag, Anne og eg. På hålska var det nok med fire kilometer, bort vegen i Valo, rundt sjukehusområdet og heim att. Stilt og fint vêr, om lag overskya og eit par kuldegrader.
   Før me gjekk heimanfrå, sette me badstoveomnen på, og etter turen sette me oss inn der og sveitta ei stund før me tok kvelden. Det gjorde inderleg godt både for kropp og sjel, både spaseringa og økta i badstova.
   Me har skam å seie ikkje brukt den fine badstova vår på aldri så lang tid. Anne rekna ut at sist ho var brukt, var i påskehelga, og då var det Tore som tok seg eit bad. Då ho var ny, gjekk me der fleire gonger i veka. Det var rett etter påske i 1988. Eg snikra og stod på nede i kjellaren den våren, laga matbu og ei bu til, og så badstova. Eg hugsar eg heldt på med finishen i påskehelga. Og nokre dagar etter påske var omnen og alt på plass og rommet teke i bruk. Samtidig gjorde me oss fortente til ein omgang i badstova med hyppige trimøkter, joggeturar eller skogsvandring. Me vart så spreke at ...  Men etter som åra gjekk, vart det sjeldnare og sjeldnare med joggeturar, ja, fjellturane vart det og mindre av. Og endå sjeldnare med badstovebad.
   Om det vert ein ny vår med trimming og badstove? Eg lovar ingen ting!

3 kommentarer:

  1. Feil. Sist den var i bruk, var då eg brukte den hausten 2008. Trur ikkje eg brukte den i påska 2009.

    - Tore.

    SvarSlett
  2. Eg har ikkje vore i badstove på år og dag. Men i føremiddag var det ikkje langt unna. Iallfall kjendes det slik ut her i Thailand

    SvarSlett
  3. Men du, Gunnar, er vel blant dei få utanom huslyden som har fått bade deg i badstova vå ...

    SvarSlett