lørdag 30. januar 2010

POPULÆRT SAMTALEEMNE

Me var på Husnes ein liten tur i dag, Anne og eg, og der trefte me min gode kollega Willy, snart sekstito år. Nokså snart kom samtalen inn på pensjonering og pensjonar. Willy var ikkje heilt sikker på kva han skulle gjere, bli AFP'ar slik som eg, med 60 % jobb og 40 % pensjonist, pensjonere seg heilt eller halde fram som før ei stund.
   Før me for heim og feira laurdag, var me innom Valen matsenter. Eg ville gjerne ha Dagbladet, for i laurdagsmagasinet er det eit skikkeleg kjekt kryssord som eg plar kose meg med i helgene. Der trefte eg Astrid og Jon-Inge, som eg har kjent godt i ein mannsalder minst, men som eg ikkje treffer så ofte lenger. No har dei fylt sekstito begge. Samtalen kom raskt inn på det populære emnet pensjonering: "Er du i full jobb enno, eller  ...? Og så snakka me om stoda, utveksla røynsler og skisserte framtidsplanar.
   På skulen går det nesten ikkje ein dag (dei dagane eg er der) utan at nokon spør om kor lenge eg skal halde på, eller ber om råd når det gjeld pensjonering. Jaja. Noko skal ein snakke om. Sjølv kan eg ikkje hugse at eg snakka noko særleg om emnet før eg brått hadde kasta meg ut i AFP-livet.

1 kommentar:

  1. Norsk AFP i Thailand er tingen. Vore på restaurant i kveld og ete god middag og drukke 0.66l 5,5%pils for tilsaman kr 22. Men pengar er jo ikkje alt.
    Sol og glede , 25 grader klokka 23.15 og venlegsinna medmenneske er og eindel.
    Og så er det alle utfordringane: lingvistiske, kulturelle og trafikale.
    Ei herleg blanding av å vera nøgd og å kjenna på problem som må finna si løysing. Då er eg lukkeleg anten eg er her eller der.

    SvarSlett