fredag 24. februar 2012

MORMONS BOK

Amerikanarane kan få ein presidentkandidat som er mormonar. Mitt Romney er ein søkkrik forretningsmann og vil bruke ein del av pengane sine i valkampar: Først vil han stå på for å verte kandidaten til republikanarane, dernest ta kampen opp mot Obama til hausten og kanskje få det ærefulle kvite huset i  Washington som bustad nokre år.
   Slik det ser ut no, har han gode sjansar til å nå det første målet. Det andre vert verre. Men du skal aldri seie aldri når det gjeld amerikansk politikk. Viss du hadde våga pengar på Obama for godt fire år sidan, hadde du sopt inn ein pen gevinst.
   Hadde Mitt dukka opp med meiningane sine i ein norsk valkamp, ville jamvel Frp ha rygga litt. I dei konservative krinsane i USA er han likevel sett på som ein radikal fusentast. I tillegg har han ein tvilsam religion. Men i motsetning til enkelte republikanarar snakkar han ikkje så mykje om kva han trur på. Han er i det heile ein høfleg og danna type som dei superkonservative synest er altfor kjedeleg. Rik og glatt. Då er det noko anna med råskinnet med det vanskelege namnet Newt Gingrich (håpar det vart rett), ein ubehøvla horebukk og flåkjeft som får sjølvaste C.I. Hagen til å framstå som ein sundagsskulegut. I motsetning til mormonaren Romney har han hatt opptil fleire fruer og sikkert like mange elskarinner. Mormonarane meiner som kjent at Gud synest det er greitt med fleirkoneri. Men det er Mitt og ikkje Newt som er mormonar.
   Republikanarane har fleire eksentriske kandidatar, og han som for tida er mest i vinden, er den fanatiske bibelfundamentalisten Rick Santorum, ei slags krysning av Finn Jarle Sæle og Børre Knudsen. I desse dagar leier han over Romney på meiningsmålingane. Enn så lenge. Men ekspertane trur at det er mormonaren Mitt som er den einaste som kan slå Obana i det endelege oppgjeret.
   Religionen til mormonarane er eit underleg ihopekok. For om lag 180 år sidan skreiv amerikanaren Smith ei tjukk bok og påstod at ho var omsett frå eit oldtidsspråk og skrive på gamle gulltavler som ein engel skaffa han. Boka handlar om eit samfunn på austkysten av dagens USA for eit par tusen år sidan og var etterkomarar av ein  utvandra stamme frå Jødeland. På mirakuløs vis hadde dei hamna i "God's own country" der mellom anna Jesus stakk innom rett etter døden og oppstoda, før han slo seg ned for godt i himmelen. Engelen sytte for at gulltavlene forsvann så snart Joseph Smith hadde omsett stoffet til gangbar engelsk: Mormons bok.
   Mens eg studerte i Bergen, vart eg ein dag hukka av eit par venlege ungdomar som ville selje meg Mormons bok i norsk utgåve. Prisen var latterleg låg, og eg slo til. Eg hadde framleis bra plass i bokhylla mi. "Men du må be Gud om å hjelpe deg til å forstå teksten skikkeleg når du les,"  sa dei velmeinande ungdommane.
   Eg hadde så nær spurt om boka var så dårleg skriven at det var nødvendig  med hjelp ovanfrå. Men det sa eg ikkje, eg takka og bukka.
  Boka har kvite permar, og eg tok ho fram og bladde litt i henne her om dagen. Eg treng tydelegvis guddommeleg hjelp for å få utbyte av lesinga. Likevel tykkjer eg at Mitt Romney er den einaste tilnærma normale kandidaten på republikansk side.

tirsdag 21. februar 2012

DEN SØRGJELEGE SOGA OM POSTKASSEN TIL RAGNAR HOVLAND

Me har hatt kulturfestival her i Kvinnherad, og eitt av innslaga var bokbad med forfattaren Ragnar Hovland.  Det første han spurde meg om då me treftest, var om eg hadde noko nytt å melde om den forsvunne postkassen hans.
   Då Sabine og Ragnar bygde seg hus og flytte inn her på berget for om lag tjueåtte år sidan, skaffa dei seg eigen postkasse, dei  til liks med oss andre. Ein pen, grøn og stor postkasse som kunne hyse tjukke manus i  retur. Etter nokre få år flytte Ragnar ut, og Sabine ikkje lenge etter. Huset vart selt, og nye eigarar flytte inn. Men postkassen til Sabine og Ragnar hang att, påskriven med store blokkbokstavar: HOVLAND. I mange og lange år hang han der, til åte for rev og ramn, som eigaren nyleg uttrykte det i eit  avisinnlegg om saka.
   Åra gjekk, og eg la merke til at postkassen etter kvart var smikkfull av reklame, hadde fått stygge bulkar og hang lite grann skeivt. Difor varsla  eg eigaren om den vanskjøtta postkassen og åtvara mot Posttjuven. Han som herja i Todalen på femtitalet, vart sett bak lås og slå med god hjelp frå Vangsgutane etter at han prøvde å stele ein hest på marknad i Trondheim, men som sikkert har sona straffa og kanskje er på frifot att.
   For om lag fem år sidan var Ragnar og kompani i Kvinnherad på turne med Vestlandsrevyen   (ikkje NRK sin, men ein ekte vaserevy med fem lystige vestlendingar). Ragnar gaida dei rundt i bygda, og sjølvsagt var dei på Eikelandsberget, såg  huset som Ragnar bygde i sine velmaktsdagar, og hadde ei stille stund med fotografering ved postkassen hans, som framleis hang på postkassestativet. På scena i kulturhuset same kvelden handla eitt av nummera om det grøne klenodiet, som ifølgje Halvor Folgerø no var kome inn på Unescos verdsarvliste.
   Så langt, så bra. Men ikkje lenge etter var kassen vekke. Ikkje å sjå. Eg varsla Ragnar per elektronisk  brev, og han tok det sjølvsagt tungt. To gonger har han teke opp saka i Innside-spaltene sine i Dag og Tid, siste gongen jamvel med bilete (DoT nr. 4, 27.1.2012). Det var såleis ikkje å undrast at han i spent forventning og blank i blikket spurde meg om eg hadde funne ut meir. Eg sa som sant var, at eg var på sporet.
   Sidan det har eg ikkje lege på latsida. Og no veit eg korleis det gjekk med postkassen til Sabine og Ragnar.  Nei, det var ikkje Posttjuven frå Nordmøre.

fredag 3. februar 2012

KJÆRE TANTE MÅLFRID: TIL LUKKE MED DAGEN!

 1964: Onkel Anders og tante Målfrid kjem heim til oss i juleselskap 


I dag fyller ho nitti år. Denne tanta som eg ikkje er i slekt med reint biologisk, men som gifte seg med onkel Anders det året  eg vart fødd.
   Ein gong sa eg til henne at ho hadde vore minst like mykje tante for meg som systrene til pappa og mamma.
"Ja, eg sku vel meine da!" sa ho.. "Eg he vaska doke i ræva alle i hop, både deg og  syskena dine!" I den flotte heimen din har eg vore høgt og lågt og gjort mykje ugagn opp gjennom åra. Viss eg ikkje har  uttrykt mi takksemd for tantegjerninga di før, gjer eg det no!
   Til lukke med dagen, tante Målfrid!



onsdag 1. februar 2012

ULOVLEG SKIPSLAST

Dette skal òg handle om livet på bryggja i Flekke, men om noko som skilde seg litt ut. På realskulen til Oddleif Fagerheim i Dale kom det elevar frå alle kantar av landet, i alle fall frå dei større byane. Der gjekk dei under strengt oppsyn, og respekten for "Liffen" - kjælenamnet dei  hadde på skuleeigaren - var sterk og ekte. På si side hadde Oddleifen og fru Thora klare og greie reglar og rutinar. Ei av ordningane var at jentene og gutane ikkje skulle reise i lag når dei drog på ferie. For mange av dei byrja ferien med ein tur til Bergen, anten fordi dei kom frå by'n, eller fordi dei skulle vidare derifrå. Så denne gongen eg no skal utdjupe, skulle jentene ta bussen til Leirvik eller Lavik og sognebåten derifrå til Bergen, mens gutane vart sende med dalsfjordbåten.
   Dermed kom dampen sigande til kai i Flekke ein vakker sundag fullasta med vevangelevar som skulle på ferie. Eg undrast på om det kunne vere påskeferie eller sommarferie. Nok om det, her kom det i land både gutar og jenter som hadde gått på båten i Dale! Dei var blide og omgjengelege, helste på flekkingane, fekk ei rask orientering om bygda, ein tur på Flekke kafé og ein prat med skulekameratar frå Flekke. Blant dei var eldste bror min, Arne, som no fekk høve til å presentere minstebroren sin for klassevenene sine.
   Brått kom det ein bil trillande, og ut skreid sjølvaste Oddleif Fagerheim! "Hjelp! Liffen kommer!" skreik dei, og jentene (trur eg) som etter opplegget frå skulestyraren ikkje skulle vere med båten, fauk over landgangen og gøymde seg om bord. Men eit par stykke vart for seine, eg tippar dei sat på kafeen. Dei gøymde seg i busk og kratt ovanfor kaia. Stoda var håplaus. Ikkje kunne dei gå om bord utan å verte oppdaga, og ikkje kunne dei verte att i bygda.
   Oddleif prata jovialt med guteelevane og med bygdefolket, og tykte nok at opplegget hans funka flott. Bak i buskane var det derimot full krise. Men eit par av gutane som hadde mest omsorg for dei ulukkelege jentene, klekka ut ein idé. Dei vende seg til bror min, som var lommekjend både på og kring kaia.  "Du Arne, du må knabbe en båt og ro jentene over på utsiden av rutebåten."  Bror Arne, vel oppseda og rettskaffen, vreid seg: "Eg ha'kje lyst å knabbe noken båt," kvinka han. Men etter eit par rundar med seg sjølv fann han ei råd. Ein robåt vart løyst, jentene kom seg om bord og la seg flate på tiljene i trygg avstand frå utsikta frå bryggja, og båten lurte seg rundt og til hi sida av dampen der hjelpsame gutehender drog jentene om bord.
   Alle var nøgde; ferien var der, dampen fekk ei røys med passasjerar, vevangelevane fekk kose seg i lag utan strenge lærarblikk, Oddleifen kunne dra heim og skryte av opplegget, Arne  fekk båten pent på plass og var dagens helt, og me som var vitne til spelet, vart ei oppleving rikare.