onsdag 27. april 2011

TESTOSTERON

Eg trur eg har for lite testosteron i kroppen. Det har synt seg som tydelege resultat av sjølvgransking.
   I går fortalde ei kone på jobben om kor mykje arbeid, omtanke, sjel og innsikt mannen hennar la i arbeidet med å skifte hjul på bilen deira. Ho uttrykte ekte glede ved at ho slapp unna dette tidkrevjande og slitsame arbeidet. Då måtte eg tenkje på kor glad eg var då Tore skifte hjul på bilen vår påskeafta, og at eg slapp. Tore har forresten meir hår på brystet enn papen sin.
   Der er fire utslag av høgt testosteroninnhald i blodet: Du elskar bilar, du elskar å sjå fotballkampar, du elskar øl, og du elskar kvinner. I denne rekkjefølgje. Har du litt testosteron, likar du damer, har du litt meir, drikk du  øl, har du mykje, er du fotballgalen, og har du svært mykje, er du ofseleg oppteken av bilen.
   Eg for min del likar kvinner og øl, følgjer litt med på fotball, men med måte. Når det gjeld bilar, slit eg meir. Eg synest dei  er nyttige når eg skal forflytte meg frå A til B, som me sa i militæret, men vask, stell, beundring av dei nyaste og dyraste modellane, fiksing og smørjing kan andre ta seg av. Ikkje spør meg kva bilmerke grannane eller kollegaene mine har. Ein bil er ein bil for meg. Eg ser forresten at dei kan ha ulike fargar.
   Når eg skal snakke med Stensletten om stell av bilen neste gong, skal eg dessutan spørje om han kan måle testosteroninnhaldet mitt med det same. Det må ein bilverkstad kunne ordne.

tirsdag 26. april 2011

ATOMTRUGSMÅLET

Det er tjuefem år sidan Tsjernobyl-katastrofen i dag. 27. april 1986 hende det, men det gjekk dagar og veker før alvoret sokk inn i oss her oppe i det fredelege Norden. Me fekk ein alvorleg støkk, og minne frå dei første par tiåra etter krigen dukka opp att. Då var det eit vanvittig kappløp mellom amerikanarar og sovjetarar om kven som kunne fyre av den frekkaste og sterkaste atombomba. Me som har felles grense med det tidlegare Sovjet, var mest opptekne av deira bomber oppe i nord ved Novaja Zemblja. Og det var ikkje småting: For femti år sidan small det ei sovjetisk gigantbombe på 50 megatonn. Talet sa oss lite, men me hadde sett bilete og lese skildringar av katastrofen Hiroshima, då byen vart utsletta av ei bombe på "berre" om lag 15 kilotonn. Og både amerikanarar og russarar leika seg med prøvesmell i atmosfæren heilt til dei begynte å skjemmast og avtalte å avgrense seg til underjordiske prøvesmell, kva no det er for noko.
   I mellomtida var det norske politikarar langt inn i Arbeidarpartiet som meinte at når russarane hadde våpen, måtte me stå saman med amerikanarane og tillate atomvåpen på norsk jord og. Det vart det ikkje noko av, heldigvis. Andre har ivra sterkt for atomkraftutbyging. Det er slett ikkje det same som våpen, men i aller verste fall kan resultatet av uhell minne om bomba. Stakkars japanarane, dei einaste som har vorte ramma av atomvåpen i krig, fekk seg meir enn ein støkk etter jordskjelvet og tsunamien.  Atomkraftverka lek. Det er ikkje berre ein storsmell som er farleg. I Japan dukkar det framleis opp offer for strålinga etter bombene i 1945. Nær Tsjernobyl vert framleis folk helselause på grunn av hendingane våren 1986. Men då me var i Paris i vår, tenkte eg mens eg stod i dusjen at no nyt du godt av varme frå atomkraft, Reidar!
   Norske forståsegpåarar for tjuefem år sidan gav råd som sprikte i alle retningar. Helsedirektør Mork sa eine dagen at me kunne slappe heilt av. Få dagar etter viste målingar somme stader i landet radioaktive verdiar som låg høgt over faregrensa. I Japan var ekspertane svært tilbakehaldne med åtvaringar no i vår.
   Men no strålar sola dag etter dag over ein annan eksplosjon: Vårblomane, struttande grøn plen, den skinande blå fjorden like nedanfor huset vårt, morell- og plommeblomane, den nye rabarbraen som me smakte på i dag. Best å ikkje tenkje på dei usynlege strålane ein kan verte utsett for.

mandag 25. april 2011

2. PÅSKEDAG

No har eg følgt ein son til bussen, hin sonen for av garde i føremiddag, eldste sonen har ikkje vore heime i helga, Anne og eg er åleine i huset att, og det meste tyder på at Molde slår Brann på stadion. Livet fell inn i vanlege former.
   I ungdommen gjorde eg som dei fleste andre unge (og enkelte eldre) i bygda: Me gjekk til fjells. På ski, viss det var mogleg. Me sleit oss opp stølsvegen, kvilte ei stund i ein solvegg ved eitt av sela,

 Påska 1968 på Flekkestølen. Frå venste: Reidar, Arne og Anne Kyrkjebø (sistnemnde heitte den gongen Ness). Skjeggebusen ved hjørnet: Jostein Obrestad. Ståande bak hjørnet: Knut David Hustveit. Foto: Steinar Kyrkjebø.

sleit oss opp bakkane og over til Longevatna der me hadde ei ny pause med appelsiner og kvikklunsj, og så sette me ned unnabakkane, ned Strupen, ned att til stølen og vidare ned den kronglete og ikkje heilt ufarlege stølsvegen. Utstyret var Åsnes turlangrennski og bambusstavar. Kanskje ein liten ryggsekk med appelsina og sjokoladen og ein ekstra genser.
   Somme vårar var det så lite snø at me laut bere skiene nesten heilt til støls og ned att. Den våren eg var raudruss, var det knapt eit snøfnugg på dei høgaste toppane eingong. Men vêret var innbydande, og me kompenserte med mange og lange fotturar. Dei var mykje meir sosiale enn skiturane. Då kunne me lettare gå jamsides og preike drit, anten det var i unna- eller motbakke. Og det var ikkje så nøye med utstyret.
   Ei av dei vakraste påskehelgene eg kan hugse, var for førtifem år sidan. Bror Steinar, som eg kjem i skade for å nemne av og til i mimrebloggane mine, var heime frå eksisen og prøvde lukka på ski. Men den aller første dagen vrikka han foten så pass at han laut gå og humpe på krykkje heile påskehelga mens me hadde dei lekraste skiturane i dei solbada påskefjella. Ein kveld var me i påskeselskap nede hos Hustveit-folket (- var det ein bursdag, skal tru? Mange flekkejenter hadde bursdag i påskehelga). Men då me skulle gå, forbarma Knut David seg over han, henta traktoren og køyrde han heim.
   Året før var det dritvêr heile påska. Me sat vel mykje kringom i stovene og spelte kort, tippar eg. Andre påskedag om kvelden kom eg tilbake til Bergen og skulle vidare til Radøy, der eg var erstatningslærar det året. På vegen skein det opp, og det var godvêr heilt til sommarferien begynte.
   Vêret i år har vore strålande, men me har altså knapt rikka oss frå eigedommen. Det verste er at eg har ikkje sakna skiene, ikkje snøen og ikkje fjellet. Og tida har gått altfor fort. I morgon sist eg på kateteret att.

søndag 24. april 2011

PÅSKEDAG

Først tenkte eg at denne bloggen ikkje skal vere noka dagbok om trivielle gjeremål og opplevingar som stort sett er uinteressante for andre enn den som skriv og kanskje dei nærmaste i familien. Så spør eg meg om kva eg skreiv om i fjor og året før på påskedagen. Sanneleg har eg nytte av bloggarkivet mitt; der fann eg tekstar frå dei to føregåande påskedagane. Og kva inneheldt dei? Nettopp! Ei lita oppsummering av trivielle gjeremål og opplevingar som stort sett er uinteressante for andre enn den som skriv og kanskje dei nærmaste i familien. Difor har eg funne ut at det ikkje er noka større skam i år enn i fjor og året før å skrive om trivielle gjeremål og opplevingar som stort sett er uinteressante.
   Eg har allereie røpa at me var i Paris i veka før påske, at me drog til Bekkjarvik og heim att derifrå måndag. Sidan det har me kun pusla kring hus og heim; fått skuta Sofie Karoline på sjøen med nysnikra treverk, pusla litt i hagen, frakta opp i garasjen all veden som låg i lad ved husveggen, ete, løyst kryssord, sett påskekrimmane på fjernsyn, kosa oss og erta på dei to yngste sønene og stort sett vore unyttige. Eg nemnde at me har ete, og det har vore ein høgt prioritert aktivitet. Me har til dømes ete påskelammet tre gonger, først i form av pinnekjøt fredags kveld, så i form av spekekjøt attåt rømmegrauten i går kveld, og sist men ikkje minst mors lammesteik i dag. Eg skal vente nokre dagar før eg stig oppå badevekta.
   Men fjellet då? Vel, det lyt vente til ein annan gong. Hagen vår er smikkfull av påskeliljer, eg har ikkje sett så mange påskeliljer på ein stad sidan eg såg filmen Doktor Zhivago. Me kan ikkje forlate dei no, dei må skodast på, dei og tulipanane som no driv og sprett ut, det same gjer det japanske kirsebærtreet.
   Då ønskjer eg deg ei vel overstått påske så langt!

lørdag 23. april 2011

PÅ SKAFTA

Bror Steinar briljerte med ei gåte i påskehelgene, spesielt dagen før påskedag: "Kæ da så æ på skafta enn gång i åre?"  "???" "Jau dæ påskafta!"
   Var det ikkje løye, tykte du? Nei, det tykkjer ikkje eg heller. Jau litt, forresten. No er påskeafta nesten over for i år. Og me slepp vente eit heilt år til neste gong. Det vert påskeaft allereie den 7. april neste år.
   Gled deg!

fredag 22. april 2011

BASTILLEN

Eg skreiv i går at me hadde tenkt ut to programpostar i Paris, men no har eg talt ein gong til og funne ut at det var tre. Utanom kanalturen var me på to museum som me ikkje har vitja tidlegare. Eg skal ikkje skrive om dei, men om noko me ikkje såg. Det vart nemleg rive for 222 år sidan.
    Andre dagen om føremiddagen rusla me roleg av garde i det vakre vårvêret, såg på blomar og kenguruar  (heilt sant; i ein park gjekk det nokre kenguruar og beitte), kryssa Seinen og sette oss med ein god kopp kaffi på Bastilleplassen. Her stod det ei kongeleg borg, ei drusteleg mellomalderfestning (une bastille)  som Ludvigane mellom anna brukte til fengsel for prominente poitiske fangar. Revolusjonen i 1789 var i emning, men noko særleg fart i sakene vart det ikkje før utpå sommaren. Midt i juli gjekk ein opphissa folkeflokk laus  på den gamle festninga og gav seg ikkje før kommandanten og forsvararane av Bastillen overgav seg. Det roa ikkje gemytta, kommandanten vart eit hovud kortare. Slik gjekk det òg med borgarmeisteren i byen, og begge troféa vart tredde på stakar og førte i triumfprosesjon gjennom byen.
   Det var smått med politiske fangar i  borga denne sommardagen. Dei sju fangane som sat der, fekk kome ut i sola og varmen, både dei fire falskmyntnarane og svindlarane, dei to sinnsforvirra gubbane og greven som var skulda for utukt. Den eine galningen kunne nesten gå for å vere ein politisk  fange; han påstod at han var Julius Caesar, og den karen hadde erobra Gallia før!
   No var det ikkje dei innesperra fangane bygeriljaen i Paris ønskte å hjelpe. Dei var ute etter våpen- og ammunisjonslageret, og dei ville svekke den kongelege kontrollen av byen. Det greidde dei. Og dei gjorde det grundig. Den digre byfestninga vart forvandla til ein steinhaug, og det er sagt at mykje av steinen vart seld som suvenirar, nett som  Berlinmuren to hundre år seinare.  Og revolusjonen i Frankrike heldt fram.
   Kong Ludvig den 16. førte dagbok. Om kvelden den 14. juli 1789 skreiv han berre eitt ord i dagboka si: Ingenting. Han var ikkje blant dei mest politisk medvitne franskmenn på den tida, derimot elska han å gå på jakt i skogane der ute ved Versailles. Den dagen hadde han vore av garde utan å få felt noko vilt. Dagen var eit vonbrot, med andre ord. Det som skjedde inne i hovudstaden, brydde han seg mindre om. Enn så lenge. Etter kvart fekk han anna å vite.
   Den 11. april 2011 var det mykje fredelegare på Bastilleplassen enn den 14. juli 1789.

torsdag 21. april 2011

I BYENS MULM OG MØRKE


Paristuren som me avslutta for ei veke sidan, var roleg og udramatisk. Du skal ikkje få noka reiseskildring, men eit par punkt vil eg nemne. Me var på båttur gjennom halve byen, delvis oppe i dagen, delvis under jorda.  Kanaltur var ein av to programpostar som me hadde planlagt. Me tok oss fram til Villetteparken, fann ut kvar me skulle gå om bord, kjøpte seniorbillettar (i Frankrike vert folk gamle når dei fyller seksti!) og sette oss godt til rette på øvre dekk. Sola skein, temperaturen var sommarleg, og byen smilte til oss i vårdrakta si.
   Tre timar tok turen, ein halv time lenger enn planlagt på grunn av noko tull med ei av dei fem slusene me passerte. Siste stykket var ned langs Seinen.
   Byfolket sette tydelegvis pris på at me tok turen. Langs slusene og gangbruene over kanalen høgt over hovuda på oss stod det rader av skuelystne og bisna. Me vinka, og dei vinka tilbake.
   Men det som mest vekte tankane mine, var dei stubbane me passerte under jorda. Om lag to kilometer av turen var gjennom ei underjordisk verd, trolsk og mørk. Med faste mellomrom skein dagen ned til oss gjennom gitterdekte runde hol. Eg såg på dei pent oppmurte vegg- og takkvelvingane og tenkte på dei flittige murarane som la stein på stein, kitta med mørtel og gjorde det mogleg å leggje gater og hus over denne stubben av kanalen. Grunnen som Paris kviler på, er gjennomhola av allslags gangar og gap. Metroen susar i kryss og krok under den pulserande byen, milevis av kloakkar fiksar all den driten me ikkje vil sjå, det finst digre katakomber, nokre med dødningebein som er dei jordiske restane av millionar lik, og det kryr av ymse underjordiske hemmelege rom som gøymer seg i djupet. Dei kan ikkje utan vidare byggje høghus i delar av byen, då ville undergrunnen svikte.
   Så kom me brått fram att i lyset i båthamna i Paris, eit basseng mellom Bastilleplassen og Seinen. Resten var elvecruise langs nokre av dei kjende bymonumenta før me steig i land ved Musée d'Orsay, den gamle jernbanestasjonen som no er eit flott museum.
  Me vart solbrende i ansikta våre etter denne turen, men det var han verdt

onsdag 20. april 2011

EI OPPSUMMERING

Sonen Tore kom heim på påskeferie i går. Han klagar over at det har vore daudt på bloggen altfor lenge, endå så mykje eg har opplevd dei siste par vekene. Han har sjølvsagt rett som vanleg, så her kjem ei oppsummering:
   Vårt første besøk i lag på Brann stadion gjekk av stabelen laurdag den 9. april. Anne, eg og Tore stilte opp med raude skjerf, heldigvis for det, det vart litt kaldt, og me såg lite som gav varme. Den niande april er symbol på nederlag, og slik vart det, Fredrikstad fekk det einaste målet i kampen. Aldri meir niande april, seier me då. Forresten var eg saman med bror og komande svigerinne og såg Brann slå Rosenborg hausten 1965.
   Dagen etter drog Anne og eg til Paris, til sol og sommar. Viss eg hadde hatt lett tilgang til datamaskin der sør, kunne eg saktens ha produsert eit par bloggar for dagen. Torsdag kom me tilbake til gamlelandet til kuling, regn og ti-tolv grader lågare temperatur enn der me kom frå.
   Me drog rett frå Flesland til Bekkjarvik der det var kome nytt tak på huset vårt sidan sist. No er det stålpanner som liknar på raude teglpanner. Dei er heller ikkje ulike dei gamle eternittskiferflisene, som òg var rustraude, men akk så mosegrodde.Tore kom dagen etter. Me stelte rundt huset, felte nokre bjørker, saga, kløyvde og lødde, og tenkte på vinterkulden som kjem neste år.
   Og så kom me heim til vakkert vårvêr måndag. Eit hovudprosjekt har vore å få båten Sofie Karoline på sjøen, som no ligg nysmurd og med nytt treverk og duvar stille ved moloen. I dag har me dessutan fått ut or kjellaren og teke i bruk terrassemøblane og grillen.
  Det å ha eit loggarkiv har sine føremoner. Her kan eg samanlikne med datoar for tilsvarande aktivitetar i fjor. Då kom ikkje båten på sjøen før 15. mai og grillen kom ut den 11. april. Så me ligg både før og etter fjorårsskjemaet.
   Då er eg ajour med bloggen, og Tore kan halde kjeft.

søndag 3. april 2011

MUNTERT GJENSYN

Me var og feira ein sekstiårsdag i går. Helge Mikal, kollega og livskunstnar, jubilerte med om lag eit kvart hundre festdeltakarar heime i Månedalen. Merk deg namnet.  Månedalen. Faren til Helge Mikal var ein ivrig lesar og beundrar av Jack London, som skreiv om den vidløftige eventyraren som endeleg roa seg i ein landleg idyll med nett det namnet. Difor døypte Elias'n  eigedommen for Månedalen.  Det stod ei hytte der før Tone og Helge Mikal bygde huset sitt. Den har dei innreidd til pub, som sjølvsagt heiter Jack London Pub.
   Dei som var med på festen i går, har vore på fest der tidlegare. Til dømes var mange av oss der ein kveld i julehelga for om lag tjuefem år sidan. Det fekk me ei kraftig påminning om. Den gongen hadde vertsfolket nyleg fått seg videokamera, som vart utprøvd på oss festdeltakarar. I går fekk me sjå opptaket. Kvar gong eit ungdommeleg fjes frå åttiåra kom på skjermen, jubla og kneggja me. Var det slik me såg ut?
   Akk ja, tida har gjort noko med oss.