onsdag 27. april 2011

TESTOSTERON

Eg trur eg har for lite testosteron i kroppen. Det har synt seg som tydelege resultat av sjølvgransking.
   I går fortalde ei kone på jobben om kor mykje arbeid, omtanke, sjel og innsikt mannen hennar la i arbeidet med å skifte hjul på bilen deira. Ho uttrykte ekte glede ved at ho slapp unna dette tidkrevjande og slitsame arbeidet. Då måtte eg tenkje på kor glad eg var då Tore skifte hjul på bilen vår påskeafta, og at eg slapp. Tore har forresten meir hår på brystet enn papen sin.
   Der er fire utslag av høgt testosteroninnhald i blodet: Du elskar bilar, du elskar å sjå fotballkampar, du elskar øl, og du elskar kvinner. I denne rekkjefølgje. Har du litt testosteron, likar du damer, har du litt meir, drikk du  øl, har du mykje, er du fotballgalen, og har du svært mykje, er du ofseleg oppteken av bilen.
   Eg for min del likar kvinner og øl, følgjer litt med på fotball, men med måte. Når det gjeld bilar, slit eg meir. Eg synest dei  er nyttige når eg skal forflytte meg frå A til B, som me sa i militæret, men vask, stell, beundring av dei nyaste og dyraste modellane, fiksing og smørjing kan andre ta seg av. Ikkje spør meg kva bilmerke grannane eller kollegaene mine har. Ein bil er ein bil for meg. Eg ser forresten at dei kan ha ulike fargar.
   Når eg skal snakke med Stensletten om stell av bilen neste gong, skal eg dessutan spørje om han kan måle testosteroninnhaldet mitt med det same. Det må ein bilverkstad kunne ordne.

2 kommentarer:

  1. Eg vil slå eit slag for anabole steroider. Det er alt for lite påakta, og kan også gi gode autofile opplevingar.

    SvarSlett
  2. Takk for rådet.Trur du Kvinnherad Bil og Teknikk har denslags til sals?

    SvarSlett