No har eg følgt ein son til bussen, hin sonen for av garde i føremiddag, eldste sonen har ikkje vore heime i helga, Anne og eg er åleine i huset att, og det meste tyder på at Molde slår Brann på stadion. Livet fell inn i vanlege former.
I ungdommen gjorde eg som dei fleste andre unge (og enkelte eldre) i bygda: Me gjekk til fjells. På ski, viss det var mogleg. Me sleit oss opp stølsvegen, kvilte ei stund i ein solvegg ved eitt av sela,
Påska 1968 på Flekkestølen. Frå venste: Reidar, Arne og Anne Kyrkjebø (sistnemnde heitte den gongen Ness). Skjeggebusen ved hjørnet: Jostein Obrestad. Ståande bak hjørnet: Knut David Hustveit. Foto: Steinar Kyrkjebø.
sleit oss opp bakkane og over til Longevatna der me hadde ei ny pause med appelsiner og kvikklunsj, og så sette me ned unnabakkane, ned Strupen, ned att til stølen og vidare ned den kronglete og ikkje heilt ufarlege stølsvegen. Utstyret var Åsnes turlangrennski og bambusstavar. Kanskje ein liten ryggsekk med appelsina og sjokoladen og ein ekstra genser.
Somme vårar var det så lite snø at me laut bere skiene nesten heilt til støls og ned att. Den våren eg var raudruss, var det knapt eit snøfnugg på dei høgaste toppane eingong. Men vêret var innbydande, og me kompenserte med mange og lange fotturar. Dei var mykje meir sosiale enn skiturane. Då kunne me lettare gå jamsides og preike drit, anten det var i unna- eller motbakke. Og det var ikkje så nøye med utstyret.
Ei av dei vakraste påskehelgene eg kan hugse, var for førtifem år sidan. Bror Steinar, som eg kjem i skade for å nemne av og til i mimrebloggane mine, var heime frå eksisen og prøvde lukka på ski. Men den aller første dagen vrikka han foten så pass at han laut gå og humpe på krykkje heile påskehelga mens me hadde dei lekraste skiturane i dei solbada påskefjella. Ein kveld var me i påskeselskap nede hos Hustveit-folket (- var det ein bursdag, skal tru? Mange flekkejenter hadde bursdag i påskehelga). Men då me skulle gå, forbarma Knut David seg over han, henta traktoren og køyrde han heim.
Året før var det dritvêr heile påska. Me sat vel mykje kringom i stovene og spelte kort, tippar eg. Andre påskedag om kvelden kom eg tilbake til Bergen og skulle vidare til Radøy, der eg var erstatningslærar det året. På vegen skein det opp, og det var godvêr heilt til sommarferien begynte.
Vêret i år har vore strålande, men me har altså knapt rikka oss frå eigedommen. Det verste er at eg har ikkje sakna skiene, ikkje snøen og ikkje fjellet. Og tida har gått altfor fort. I morgon sist eg på kateteret att.
"....knapt eit snøfnugg på dei høgaste toppane ...". Lenge sidan du var til fjells ved påsketider, Reidar? Du burde vel hugse såpass som at der det først vert tøya nettopp er på toppane, det er ikkje der snøfennene finst... Men det var nok ikkje berre i -64 det var mangel på påskesnø, og som innbaud til fine fotturar til støls og til fjells....
SvarSlettDu bror har så rett, så rett. Snøen ligg lenger i søkk og skugge enn på toppane. Nei, det har sikkert vore snøfattige vårar etter 64 og, men du veit, eg hugsar berre påskehelgene frå min ungdoms fagraste vår...
SvarSlett...og før 64...
SvarSlettHar td bilete frå fjellturar i påsken både i 57 og i 59 utan å sjå eit snøfnugg....