mandag 31. januar 2011

NATTARBEID

Mange av bloggane mine har eg skrive seint på kvelden når eg burde ha vore komen under dyna. Men det er sjeldan at eg sit oppe og putlar med mitt til klokka eitt-to-tre. Det gjorde eg ofte før i tida. Når stilebunken låg der og peikte nase til meg, sette eg meg godt til rette i sofaen og arbeidde til langt på natt. Då var det fred i huset, dårleg sikt ut glaset og slutt på fjernsynsprogram. Alle hadde gått til sengs, og eg fekk både ytre og indre arbeidsro til det eg måtte få unna. Hadde eg i tillegg lova elevane å dele ut stilane dagen etter, var dét eit treffsikkert våpen i tillegg til alle dei andre. Og når siste stilen var retta, kunne eg daudtrøytt, men lukkeleg gå til sengs og vakne neste morgon, nesten like trøytt, men framleis lukkeleg med tanke på at arbeidet var gjort for denne gongen, og at eg skulle unne meg ei dugeleg middagskvild seinare på dagen.  Den viktigaste innvendinga mot tiltaket var det Anne som kom med når eg velte meg opp i senga så ho vakna, same kor stille eg prøvde å vere.
   På gymnaset hadde eg ein døgnrytme som skilde seg ut frå vanane til dei to flittige førdianarane eg var nabo til der i huset i Bukta. Dei sette seg ned og gjorde lekser etter skuletid. På den tida kvilte eg middag. Når dei var ferdige med matematikken og fysikken sin (begge gjekk på reallinja), kom dei og banka på døra mi og ville ha meg med på eit slag kort eller jentebesøk (eit par jenter budde i nabohuset), kanskje eit slag kort med jentene. Og når hine to karane gjekk til sengs, var det tid for meg til å fare over dei viktigaste leksene. 
   Høyr kor stille det er i og kring huset no! Ein svak dur frå datamaskinen, om lag som eit vindsus med flau vind. Ingen ting å sjå ute, anna enn nokre lys på Halsnøy. Synd at eg må på skulen i morgon, elles kunne eg ha sete ei stund til. Men no sit eg sjeldan og rotar til eitt-to-tre om natta.
   God natt!
   

søndag 30. januar 2011

DET SPØRS OG TRIVIAL

Til jul i år - nei, i fjor må eg vel seie no - kjøpte me oss eit Trivial Pursuit-spel til hyggje og glede for oss og dei sønene som kom heim. Me sat i timevis og vreid hovuda vår over alle dei ekle spørsmåla. Nei, me storkosa oss. Denne helga var Tore heime, og me opna framdøra på den store omnen vår og laga peis, sette oss ved salongbordet med Trivial-spelet og dreiv på til langt over midnatt. Då gav me oss utan å kåre nokon vinnar.
   For meir enn tjue år sidan kom eg heim frå eit ærend i Oslo med eit liknande spel: Geni. Foreldre og søner slo i hel mang ei kveldsstund med spørsmål av alle slag. Den yngste, Tore, var ikkje alltid like begeistra. Når du trilla og flytte deg på brettet, var det ikkje alltid du fekk spørsmål. Normalt var det ei ulempe, for det var eit hefte i konkurransen. Men Tore tykte det var godt: "Å, der slapp eg spørsmål!" ropte han med glad røyst når han kom på dei felta. No ser han annleis på det.
   Quiz-feberen har teke seg opp dei siste åra. Det er etter mitt syn ei bra utvikling. (Men har me ikkje eit betre ord på norsk?) Kunnskap er lett å bere, det kan lett verte for lite og sjeldan for mykje kunnskap inne i eit hovud. Seier læraren som sit og skriv dette.
   For om lag seksti år sidan greidde NRK å samle Noreg til eitt rike med laurdagsunderhaldninga på radioen. Leif Rustad med Rundtomkring i Store studio og ikkje minst Rolf Kirkvaag med Det spørs-programmet sitt var det ingen som ville gå glipp av. Me sat klistra til radioapparatet, store og små. Kirkvaag lanserte ein enkel og grei spørjeleik innpakka i litt koseprat. Deltakarane fekk velje mellom ulike emne, til dømes sport, geografi, musikk og lett blanding. Det revolusjonerande med programmet var at det var pengar å tene. Du kunne hoppe av undervegs, doble og vinne meir, eller tape heile gevinsten: ti kroner etter eitt rett svar, deretter tjue, førti og åtti, som var toppgevinst. Kringkastingssjefen var svært skeptisk til denslags pengespel og heldt på å stanse heile opplegget.
   Men Kirkvaag fekk trumfa det gjennom, og mønsteret var lagt for tallause spørjeleikar både i heimen og i guteflokken i Flekke. Utan pengepremiane, naturlegvis. Eg for min del likte best geografispørsmåla og pugga land, elvar og hovudstader. Litt av det heng att framleis.
   Og takk for det.

torsdag 27. januar 2011

DYR STRAUM

Dei kranglar framleis om den dyre straumen. Me fekk og eit par halvfeite rekningar, ei her og ei for det andre huset, det i Bekkjarvik, som ho mor i huset eig i lag med sønene sine. Der har me vore nøydde å ha på ein lunk både høgt og lågt så vatnet ikkje skal fryse, og slik at det skal vere buandes når me tek oss ei helg der vinters tid. I fjor på dene tida kom me ut der i sprengkulden. Det gjekk nesten eit døgn før me fekk opp temperaturen slik at me tykte me kunne nyte livet. Lukka var betre ennn åtferda: Vatnet var ikkje frose då me kom, anna enn i springen og badekaret oppe på badet. Hadde ikkje sisterna på dassen til badet oppe hatt ein liten lekkasje, hadde stoda truleg vore mykje verre.
   På fjernsynet i kveld krangla dei for n-te gong. Somme vil fjerne el-avgifta. Det er ein fascinerande tanke, særleg for storsløsarane som har oppvarma basseng og kablar i innkjørsla til hyttepalassa dei har i fjellet. Her kan dei spare store summar, så dei kan skru opp tempen endå meir. Viss det ikkje er firmaet som betaler.
   I gamle dagar, altså nokre få tiår sidan, hadde me to prisar på straumen. Først ein fast, låg pris på eit abonnement på til dømes tre kilowatt. Deretter ein høg pris på overforbruket. Målarane hadde to hjul, eitt som surra og gjekk stort sett heile tida, og eitt som sette seg i sving viss me brukte meir enn det faste abonnementet. Me passa på å skru av omnane viss me skulle setje på fleire kokeplater. Me slo gjerne av varmtvasstanken mens me vaska klede. På den måten prøvde me å unngå for mykje overforbruk, og produsentane slapp slike toppar som elles ville oppstå. Trudde me, for me rekna med at folk flest var fornuftige og sparsame. Så kom det ein dag at kraftlaga fann ut at dei ville selje meir og meir,  så då var det ut med denne ordninga og inn med einprissystemet. Om me brukte ti tusen watt eller fem hundre watt, var prisen per kilowattime den same.
   No vil dei skaffe oss nye målarar (som me skal betale sjølve, sjølvsagt.) Dei rapporterer inn forbruket vårt minutt for minutt til skiftande marknadsprisar. Det har ein svak likskap med det gamle systemet. Viss me passar på, kan me skru av når straumen er dyr og pøse på når han er billeg. Det er kanskje ikkje så dumt.
   Men dei første åra i livet mitt hadde me vippe. Er det nokon som hugsar denne innretninga? Vippa var ein streng herre. Hadde heimen eit abonnement tre kilowatt, var det plent uråd å bruke meir. Då mørkla vippa heile huset, og det nytta ikkje å slå ho på att før me hadde slått av ein omn eller ei kokeplate.
   På den første hybelen min i  Bergen var det ei endå strengare regulering: sikringar på seks ampère. Enklel hovudrekning (volt ganga med ampère = watt)  tilseier at dei tolte om lag 1500 watt. Då kunne dei finne på å ryke mens eg speilte meg egg og flesk. Det gjorde eg både tidt og ofte, og sikringane rauk tidt og ofte. Hadde eg ikkje reservesikringar i huset då, vart både varmeomnen og kokeplata kalde til dess eg fekk fat i nye. Dermed sparte eg mykje straum, men sikringane var ikkje gratis!

onsdag 19. januar 2011

RISENGRYNSGRAUT

For eit par dagar sidan nemnde eg at eg var heime nokre dagar frå gymnaset og gjorde gagns arbeid. Eg var ikkje heilt framand for matlaging, men nett å koke risengrynsgraut haddde eg vore lite borti. Ein dag hadde me planlagt nett den retten, syster Liv, mamma og eg. Kanskje kom ønsket frå ein av oss to yngste. Mamma laga til høvelege mengder med ingrediensar og sette prosjektet i gang. Så måtte ho utføre eit anna ærend, kanskje kalvane skulle matast, kanskje noko heilt anna. Eg fekk i oppdrag å passe grauten.
   Eg rørte om med faste mellommrom og passa på så det ikkje kokte over. Men kunne dette verte graut? For meg såg det ut som ei tunn suppe. Her måtte det i meir gryn! Tenkte eg. Og fann grynposen, tømde oppi ein slump så til begynne med og rørte om i gryta.
   Men skulle du  ha sett? Etter ei  stund var det slett ikkje suppe, og knapt nok graut heller - det vart meir som halvstivna betong. Mamma dukka opp og tok kontrollen. Ho lo og skjente om einannan, spedde på med meir mjølk - myyykje mjølk - og graut vart det etter kvart. Myyykje graut!
   Me åt oss gode og mette både den dagen og neste dag, og endå vart det rikeleg til riskrem den tredje dagen. Og kanskje ein kremrest til kvelds. Såleis var det eit lukketreff for den ukyndige kokkelærlingen. Riskrem er godt! Me har det som regel i jula. Me kokar rikeleg med risengrynsgraut julafta tidleg om dagen, og set av ein slump til dessert etter den salta torsken andre juledag.
   Før hadde me ofte risengrynsgraut om laurdagane. No for tida går det mest på havregrynsgraut. Eg har omsider lært å koke begge sortane. Så verda går framover i visdom og vokster på visse område. Trass alt.

tirsdag 18. januar 2011

BERRE SKRIV I VEG DU

Det seier eg ofte til elevar som har problem med å kome i gang med ei  skriveoppgåve. Berre begynn å skrive noko, ver ukritisk, det er ikkje så nøye kva du skriv i starten. Tankane kjem etter kvart som du skriv, ein laus idé avlar ein klårare tanke, og før du veit ordet av, har du skrive eit langt stykke. Då kan du gå tilbake og stryke, redigere eller rette på det du har skrive. Ja, kanskje du rett og slett veit med deg sjølv kva du burde ha skrive, slik at du stryk heile greia og rablar ned ein ny tekst. Som folk har sagt til det vart ein klisjé: Vegen vert til mens du går, båten vert til mens du seglar.
   Den norsklæraren som skriv dette, er ikkje einig med dei som seier at du skal begynne med ein flott disposisjon før du formar ut teksten. Eg har andre erfaringar. Eg skreiv likt og ulikt ei lang stund før eg sette opp disposisjonen. Så skreiv eg det endelege arbeidet, og det vart nokså ulikt kladden.
   No skal eg tilstå at eg ikkje alltid fekk så flotte karakterar på arbeida mine i gymnastida. Men stundom glimta eg til. Det same skjedde seinare i livet. Såleis er ikkje denne oppskrifta ein sikker vinnar. Men eg røpar henne stadig for elevar som sit og slit med dei første linjene. Innleiinga til eit arbeid bør forresten skrivast heilt til slutt.
   Dataskriving er ikkje så eigna for denne metoden som den gamle måten med blyant (eller grøn kulepenn, som eg har brukt ein god del) og papir. Då laut me skrive to gonger viss me ikkje tok sjansen på å levere ein råkladd. No skriv ikkje elevane to gonger. Dei fiklar og flikkar på førsteutkastet. Det same gjer eg når eg skriv noko (blogggar, til dømes). Då vert ikkje formuleringane så finpussa og gjennomprøvde som når du skriv for andre (eller tredje) gong.
    Jaja, så vart det ein tekst i kveld og. Då eg begynte, ante eg ikkje kva det skulle verte, om eg i det heile fekk lirt av meg nokre linjer. Men eg skreiv i veg, eg, og før eg sluttar, må eg nett sjå korleis eg opna denne teksten.

mandag 17. januar 2011

DEI SOM IKKJE KAN GJERE NOKO

Eg les for tida ein roman om nokre skrullingar i Paris. Mellom fleire finurlege innslag dukka denne utsegna opp: Folk som kan gjere noko, dei gjer det. Dei som ikkje kan gjere noko, underviser. Dei som ikkje kan undervise, underviser dei som underviser. Dei som ikkje kan undervise dei som underviser, dei er politikarar. Eg kjenner meg råka, men gler meg over at eg verken underviser på lærarhøgskular eller er politikar. Trass i at eg burde verte fornærma, hadde eg ei viss glede av påstanden, endå så urimeleg han er. Sjølv har eg alltid teke politikarar i forsvar og sagt at dei stort sett gjer så godt dei kan. Me er ueinige, men ingen kan gjere alle til lags, og det skal i alle fall ikkje politikarane prøve på. Så dei politikarane som trur dei kan det, bør iallfall ikkje undervise, ikkje eingong dei som underviser.
   Men eg har stundom spurt meg sjølv om eg kan gjere noko - noko anna enn å undervise. Eg kan (eller kunne) renne opp hesjar, hesje i dei, ta or dei høyet når det er turt og plukke dei ned etterpå. Problemet er at det er ein kunnskap eg har lite nytte av, og det ville vere vanskeleg å livnære seg av noko slikt. Då står att å konstatere at eg truleg vil greie å vere pensjonist. No har eg nokre år forsøkt å vere pensjonist eit par dagar i veka, og det går stort sett bra. Måndag er pensjonistdag. Dessverre sprakk eg både i dag og førre måndag. Eg rota meg bort på skulen på nokre møte. Så no må eg skjerpe meg. Viss eg ikkje meistrar å vere pensjonist når eg sluttar som lærar, kva skal eg då finne på? Hesje?

søndag 16. januar 2011

KYR I SPAGAT

Kyrne står til vanleg trygt og turt på båsen sin i det lune fjøset på denne tid av året og slepp å ta seg fram på isete vegar. Men før dyrlækjaren - oksens argaste fiende - begynte å farte rundt og inseminere, laut dei stundom ut ein tur, om det så var høgste vinter. Då eg gjekk i andre klasse på gymnaset, bad eg meg fri nokre dagar for å vere heime som avløysar mens papen var i by'n og vølte eit vondt kne. Eg kunne ha skrive mykje om dette oppdraget, men det får i så fall kome stykkevis og delt når det høver. Mamma, seksårgamle syster Liv og eg styrte heim, fjøs og lade etter beste evne.
   Ein dag var det ei kyr* som løypte. Det vil seie at ho gjerne ville vitje aksjeoksen, som stod trygt og turt på båsen sin i Hustveit-floren. Eg la ei grime på henne, løyste henne frå båsen og drog av  garde. Kyra følgde meg villig og forventningsfullt. Det var berre det at me hadde hatt ein snørik vinter som no hadde slege over til mildvêr. Dermed var alle vegar like glatte som skeisebana i Karuizawa, der Kupperen nett hadde mista to verdsrekordar og tapt for Jonny Nilsson i VM den helga. Men eg og kyra visste råd. Me tok oss fram over bøar og bakkar og prøvde så godt me kunne å unngå hålkete vegar.
  Tvers gjennom tjukkaste Flekke renn det ei lita elv, og me skulle over til den andre sida. Til vanleg er ikkje det noko problem, det er fleire bruer å velje mellom. Kyra og eg tok peiling på Finnbrua, som låg nærast. Problemet var at der var det glattpolert is etter alt regnet som hadde kome dei siste par dagane. Nett slik som vegane her på Valen har vore fleire gonger i vinter. Og der kunne me ikkje gå ved sida av vegen. Ei elv er ei elv om ho er lita og puslete, me laut gå over brua, som kanskje er ti-femten meter lang. Kyra likte det ikkje, men ho gav ikkje opp. Aksjeoksen var på hi sida, og no nærma det seg.
   Men midt på brua gjekk kyra ned i spagat. Fire kubein gleid ut i kvar si retning, og kyra sklei på magen ein meter eller to.  Heile denne turen skulle ha vore filma, for eg hugsar lite av detaljane, men eitt bilete sit godt festa i minnet. Kyra i spagat midt på Finn-brua. Eit syn for gudar.
   Mirakuløst nok kom me oss over og ned i Hustveit-tunet. Aksjeoksen var meir enn glad for å få eit oppdrag og sleppe ut or den trygge, turre floren ei kort stund. Og kyra fekk løn for den heltemodige innsatsen. Korleis me kom oss heim, hugsar eg ikkje. Kanskje me gjekk den andre vegen, ned i vegeskiftet, opp Gòta og Tunbakken og heim.
   Skal tru kva kyra fortalde romveninnene sine etter at ho var komen vel og vakkert på båsen att? Dei trudde sikkert at ho bløffa.

*Eg bryt norma og skriv kyr i eintal i denne teksten. Slik me seier det på dei kantar av landet. 

lørdag 15. januar 2011

PÅ GLATTISEN

Denne vinteren har me trent opp balansenervane og ekvilibrismen i kroppane våre. Fleire gonger har den hardstappa snøen på vegane forvandla seg til klinkande is. Brekka frå postkassane og ned til huset vårt er ein av dei  skumlaste strekningane i så måte. Og det er ikkje alle stader at salt og sand har gjort føret særleg tillokkande for fotgjengarar. Anne har fått seg broddar, eller rettare sagt solar med eit slags grovt sandpapir som ho trer på støvlettane. Det hjelper litt. Eg stolar på balanseevna mi. Snart får eg vel ein trykk i tynet som eg aldri gløymer, viss han då ikkje vert så hard at eg gløymer han med ein gong.
   I går kveld forserte me oss frå Valen Sjukehus (der me parkerte bilen) og ned til den gamle nyrestaurerte bua på Valekaia. Der var dei ei samkome me var inviterte på. Det var eit vågestykke å balansere seg ned brekka. Me hadde ei festleg stund, det var feiring av vår tidlegare gode granne Reidar Handeland, som har fått kulturprisen i Kvinnherad for framifrå innsats for kulturminne i bygda, og som blant mykje, mykje meir har vore ei drivande kraft for å få restaurert sjøbua me sat i. Då me skulle heim att, var det kuling og horisontalt regn.  Me hadde utstyrt oss til spasertur heim, hadde med lommelykter og regndressar, men heldigvis fekk me haik  heim att. Difor er me heile og utan blåflekker i dag.
   Utpå føremiddagen i dag  spaserte me til Valen og henta bilen, og det var ikkje mindre utfordrande. Gang- og sykkelstien var framleis delvis iskledd, men me meistra føret enno ein gong! I kveld skal me og gå tur på islagd veg, men no er me så veltrente at me kanskje gløymer å stiltre oss fram. Viss eg ikkje bloggar i morgon, er det truleg dette som har hendt.

fredag 14. januar 2011

NY BLOGGTØRKE, PRESTASJONSANGST OG PRIMTAL

Nei, alt står vel til. Eg er frisk, Anne er rimeleg oppegåande, og helger og kvardagar renn ut mellom fingrane våre som før. Eg har inga god forklaring på denne fjorten dagars bloggtørken. Det eg kan seie, er at eg ved nyårsskiftet gjekk og tenkte på om det var råd å skrive nokre djupe tankar om det gamle eller det nye året. Då køyrde eg meg fast. Eg greidde ikkje å kome på noko glupt, eller glupt nok til å formidle den kresne lesarskaren min. Ikkje kom eg på noko tankepirrande frå barne- og ungdomsåra heller, bortsett frå slikt som eg har skrive før. Som då Steinar og eg gjekk julebukk i varmtvasskartongen.
   Og det nye året? Seier dette talet meg noko? 2011? Har me nokre gode jubileum i år som ein historielærar kan fortelje om? Hundreårsminne? Tusenårsminnne? Smått med det. Roald Amundsen og gjengen gjekk til Sydpolen i 1911, og det vert nok omtalt i år. Det same gjeld det Kongelige Frederiks Universitet i Christiania, oppretta for to hundre år sidan, midt i krisetida under napoleonskrigane. Kalmarkrigen begynte i 1611, men den krigen er det få som går rundt og tenkjer på. Frå 1563 till 1718 var me (Noreg og Danmark) i krig med svenskane så å seie uavladeleg. Var det fleire hundreårsminne? Sikkert for nokon, ein eller annan stad i verda. Me lèt jubileumssporet liggje.
   2011 er primtal. Det hadde vore fascinerande viss eg hadde vore realist. Matematikarar er frå seg av begeistring for primtal og konkurrerer om å finne flest mogleg av dei i talrekkja.  Ved nærmare ettersyn viser det seg at det ikkje er så storveges at årstalet i år tilhøyrer denne eksklusive talkategorien.  Det er for mange primtal i talrekkja til det, og det er ikkje så mange år  mellom kvart.
   Har me noko stort i vente i 2011? Det veit me ikkje, det vil vise seg. Me har verken store jubileum, viktige vendingar i livet eller vidløftige planar å sjå fram til i år. Eg tenkjer det vert eit heilt greitt år. Kanskje det beste på lenge? Kanskje eg framleis skriv ein og annan blogg ved neste nyårsleite, slik at eg kan kome tilbake til saka.