tirsdag 18. januar 2011

BERRE SKRIV I VEG DU

Det seier eg ofte til elevar som har problem med å kome i gang med ei  skriveoppgåve. Berre begynn å skrive noko, ver ukritisk, det er ikkje så nøye kva du skriv i starten. Tankane kjem etter kvart som du skriv, ein laus idé avlar ein klårare tanke, og før du veit ordet av, har du skrive eit langt stykke. Då kan du gå tilbake og stryke, redigere eller rette på det du har skrive. Ja, kanskje du rett og slett veit med deg sjølv kva du burde ha skrive, slik at du stryk heile greia og rablar ned ein ny tekst. Som folk har sagt til det vart ein klisjé: Vegen vert til mens du går, båten vert til mens du seglar.
   Den norsklæraren som skriv dette, er ikkje einig med dei som seier at du skal begynne med ein flott disposisjon før du formar ut teksten. Eg har andre erfaringar. Eg skreiv likt og ulikt ei lang stund før eg sette opp disposisjonen. Så skreiv eg det endelege arbeidet, og det vart nokså ulikt kladden.
   No skal eg tilstå at eg ikkje alltid fekk så flotte karakterar på arbeida mine i gymnastida. Men stundom glimta eg til. Det same skjedde seinare i livet. Såleis er ikkje denne oppskrifta ein sikker vinnar. Men eg røpar henne stadig for elevar som sit og slit med dei første linjene. Innleiinga til eit arbeid bør forresten skrivast heilt til slutt.
   Dataskriving er ikkje så eigna for denne metoden som den gamle måten med blyant (eller grøn kulepenn, som eg har brukt ein god del) og papir. Då laut me skrive to gonger viss me ikkje tok sjansen på å levere ein råkladd. No skriv ikkje elevane to gonger. Dei fiklar og flikkar på førsteutkastet. Det same gjer eg når eg skriv noko (blogggar, til dømes). Då vert ikkje formuleringane så finpussa og gjennomprøvde som når du skriv for andre (eller tredje) gong.
    Jaja, så vart det ein tekst i kveld og. Då eg begynte, ante eg ikkje kva det skulle verte, om eg i det heile fekk lirt av meg nokre linjer. Men eg skreiv i veg, eg, og før eg sluttar, må eg nett sjå korleis eg opna denne teksten.

3 kommentarer:

  1. Eit godt råd du gir her. Denne måten å jobba på, har eg og sansen for. Då kjem ein iallfall igang.
    Men stundom kan det vera greitt å ha ei arbeidsteikning så ein kan vera trygg på at båten ber.

    SvarSlett
  2. At vegen blir til med (?mens?) du går (spor i snøen), er vel greitt, man at båten blir til med du seglar er vel noko drygt å påstå.... ?

    SvarSlett
  3. Eg lurer på om det var Gudmund Hernes som laga formuleringa då skulereforma Reform -94 vart innført. Men det kan ha vore ein parodi som nokon fann på for å hengje han ut av di han gong på gong forsvarte reforma med den tankegangen at ho skulle få si endelege form etter at me gjennom ein periode skulle prøve, feile, lære og lukkast.

    SvarSlett