søndag 16. januar 2011

KYR I SPAGAT

Kyrne står til vanleg trygt og turt på båsen sin i det lune fjøset på denne tid av året og slepp å ta seg fram på isete vegar. Men før dyrlækjaren - oksens argaste fiende - begynte å farte rundt og inseminere, laut dei stundom ut ein tur, om det så var høgste vinter. Då eg gjekk i andre klasse på gymnaset, bad eg meg fri nokre dagar for å vere heime som avløysar mens papen var i by'n og vølte eit vondt kne. Eg kunne ha skrive mykje om dette oppdraget, men det får i så fall kome stykkevis og delt når det høver. Mamma, seksårgamle syster Liv og eg styrte heim, fjøs og lade etter beste evne.
   Ein dag var det ei kyr* som løypte. Det vil seie at ho gjerne ville vitje aksjeoksen, som stod trygt og turt på båsen sin i Hustveit-floren. Eg la ei grime på henne, løyste henne frå båsen og drog av  garde. Kyra følgde meg villig og forventningsfullt. Det var berre det at me hadde hatt ein snørik vinter som no hadde slege over til mildvêr. Dermed var alle vegar like glatte som skeisebana i Karuizawa, der Kupperen nett hadde mista to verdsrekordar og tapt for Jonny Nilsson i VM den helga. Men eg og kyra visste råd. Me tok oss fram over bøar og bakkar og prøvde så godt me kunne å unngå hålkete vegar.
  Tvers gjennom tjukkaste Flekke renn det ei lita elv, og me skulle over til den andre sida. Til vanleg er ikkje det noko problem, det er fleire bruer å velje mellom. Kyra og eg tok peiling på Finnbrua, som låg nærast. Problemet var at der var det glattpolert is etter alt regnet som hadde kome dei siste par dagane. Nett slik som vegane her på Valen har vore fleire gonger i vinter. Og der kunne me ikkje gå ved sida av vegen. Ei elv er ei elv om ho er lita og puslete, me laut gå over brua, som kanskje er ti-femten meter lang. Kyra likte det ikkje, men ho gav ikkje opp. Aksjeoksen var på hi sida, og no nærma det seg.
   Men midt på brua gjekk kyra ned i spagat. Fire kubein gleid ut i kvar si retning, og kyra sklei på magen ein meter eller to.  Heile denne turen skulle ha vore filma, for eg hugsar lite av detaljane, men eitt bilete sit godt festa i minnet. Kyra i spagat midt på Finn-brua. Eit syn for gudar.
   Mirakuløst nok kom me oss over og ned i Hustveit-tunet. Aksjeoksen var meir enn glad for å få eit oppdrag og sleppe ut or den trygge, turre floren ei kort stund. Og kyra fekk løn for den heltemodige innsatsen. Korleis me kom oss heim, hugsar eg ikkje. Kanskje me gjekk den andre vegen, ned i vegeskiftet, opp Gòta og Tunbakken og heim.
   Skal tru kva kyra fortalde romveninnene sine etter at ho var komen vel og vakkert på båsen att? Dei trudde sikkert at ho bløffa.

*Eg bryt norma og skriv kyr i eintal i denne teksten. Slik me seier det på dei kantar av landet. 

1 kommentar:

  1. Hadde ho blitt liggjande og skreva, kunne det heile enda i misjonærstillinga. Det hadde neppe vore nokon stas.

    SvarSlett