mandag 17. januar 2011

DEI SOM IKKJE KAN GJERE NOKO

Eg les for tida ein roman om nokre skrullingar i Paris. Mellom fleire finurlege innslag dukka denne utsegna opp: Folk som kan gjere noko, dei gjer det. Dei som ikkje kan gjere noko, underviser. Dei som ikkje kan undervise, underviser dei som underviser. Dei som ikkje kan undervise dei som underviser, dei er politikarar. Eg kjenner meg råka, men gler meg over at eg verken underviser på lærarhøgskular eller er politikar. Trass i at eg burde verte fornærma, hadde eg ei viss glede av påstanden, endå så urimeleg han er. Sjølv har eg alltid teke politikarar i forsvar og sagt at dei stort sett gjer så godt dei kan. Me er ueinige, men ingen kan gjere alle til lags, og det skal i alle fall ikkje politikarane prøve på. Så dei politikarane som trur dei kan det, bør iallfall ikkje undervise, ikkje eingong dei som underviser.
   Men eg har stundom spurt meg sjølv om eg kan gjere noko - noko anna enn å undervise. Eg kan (eller kunne) renne opp hesjar, hesje i dei, ta or dei høyet når det er turt og plukke dei ned etterpå. Problemet er at det er ein kunnskap eg har lite nytte av, og det ville vere vanskeleg å livnære seg av noko slikt. Då står att å konstatere at eg truleg vil greie å vere pensjonist. No har eg nokre år forsøkt å vere pensjonist eit par dagar i veka, og det går stort sett bra. Måndag er pensjonistdag. Dessverre sprakk eg både i dag og førre måndag. Eg rota meg bort på skulen på nokre møte. Så no må eg skjerpe meg. Viss eg ikkje meistrar å vere pensjonist når eg sluttar som lærar, kva skal eg då finne på? Hesje?

1 kommentar:

  1. Du reiser i sanning eit eksistensielt spørsmål ovanfor. Å meistre den fridomen som pensjonisttilværet opnar for, er ikkje alle gitt. På mange vis er ein attende til det livet ein hadde som student. Rett nok er økonomien annleis og barskåpet fyllt med edlare dråpar, men nå som då kan ein gjera som ein vil. Og så er det greitt at det ikkje er eksamen som truar i det fjerne.
    Og om du blir gammal og ingen vil ha deg, så sett deg på taket og la kråka ta deg

    SvarSlett