torsdag 27. januar 2011

DYR STRAUM

Dei kranglar framleis om den dyre straumen. Me fekk og eit par halvfeite rekningar, ei her og ei for det andre huset, det i Bekkjarvik, som ho mor i huset eig i lag med sønene sine. Der har me vore nøydde å ha på ein lunk både høgt og lågt så vatnet ikkje skal fryse, og slik at det skal vere buandes når me tek oss ei helg der vinters tid. I fjor på dene tida kom me ut der i sprengkulden. Det gjekk nesten eit døgn før me fekk opp temperaturen slik at me tykte me kunne nyte livet. Lukka var betre ennn åtferda: Vatnet var ikkje frose då me kom, anna enn i springen og badekaret oppe på badet. Hadde ikkje sisterna på dassen til badet oppe hatt ein liten lekkasje, hadde stoda truleg vore mykje verre.
   På fjernsynet i kveld krangla dei for n-te gong. Somme vil fjerne el-avgifta. Det er ein fascinerande tanke, særleg for storsløsarane som har oppvarma basseng og kablar i innkjørsla til hyttepalassa dei har i fjellet. Her kan dei spare store summar, så dei kan skru opp tempen endå meir. Viss det ikkje er firmaet som betaler.
   I gamle dagar, altså nokre få tiår sidan, hadde me to prisar på straumen. Først ein fast, låg pris på eit abonnement på til dømes tre kilowatt. Deretter ein høg pris på overforbruket. Målarane hadde to hjul, eitt som surra og gjekk stort sett heile tida, og eitt som sette seg i sving viss me brukte meir enn det faste abonnementet. Me passa på å skru av omnane viss me skulle setje på fleire kokeplater. Me slo gjerne av varmtvasstanken mens me vaska klede. På den måten prøvde me å unngå for mykje overforbruk, og produsentane slapp slike toppar som elles ville oppstå. Trudde me, for me rekna med at folk flest var fornuftige og sparsame. Så kom det ein dag at kraftlaga fann ut at dei ville selje meir og meir,  så då var det ut med denne ordninga og inn med einprissystemet. Om me brukte ti tusen watt eller fem hundre watt, var prisen per kilowattime den same.
   No vil dei skaffe oss nye målarar (som me skal betale sjølve, sjølvsagt.) Dei rapporterer inn forbruket vårt minutt for minutt til skiftande marknadsprisar. Det har ein svak likskap med det gamle systemet. Viss me passar på, kan me skru av når straumen er dyr og pøse på når han er billeg. Det er kanskje ikkje så dumt.
   Men dei første åra i livet mitt hadde me vippe. Er det nokon som hugsar denne innretninga? Vippa var ein streng herre. Hadde heimen eit abonnement tre kilowatt, var det plent uråd å bruke meir. Då mørkla vippa heile huset, og det nytta ikkje å slå ho på att før me hadde slått av ein omn eller ei kokeplate.
   På den første hybelen min i  Bergen var det ei endå strengare regulering: sikringar på seks ampère. Enklel hovudrekning (volt ganga med ampère = watt)  tilseier at dei tolte om lag 1500 watt. Då kunne dei finne på å ryke mens eg speilte meg egg og flesk. Det gjorde eg både tidt og ofte, og sikringane rauk tidt og ofte. Hadde eg ikkje reservesikringar i huset då, vart både varmeomnen og kokeplata kalde til dess eg fekk fat i nye. Dermed sparte eg mykje straum, men sikringane var ikkje gratis!

6 kommentarer:

  1. 3 kw vippe var vel ikkje vanleg - tru om ikkje me hadde berre 1 kw då du var lite knøtt????

    SvarSlett
  2. Nett det hugsar eg ikkje. Men me kunne no ha på litt meir enn ei halvsterk kokeplate? To kw, kanskje ...?

    SvarSlett
  3. Kanskje 1500 w? Trur nok at kokeplata var 800 watt. Tolde nokre lyspærer i tillegg. Og straumen i uthusa gjekk utanom vippa, meiner eg.....??

    SvarSlett
  4. Gjer merksam på at det du omtalar som vippe, var det me omtala som "tapp". Tappen kunne slåast på at når me hadde skrudd ned diverse forbruk. Vippe var ei innretning som gjorde at lyset (og anna utstyr) fekk pulserande straumtilførsel noko som fekk lyset i huset til å blinke (vippe). Når ein skrudde ned på forbruket slutta vippinga automatisk. Slik hugsar eg det etter ei raudvinsflaske i Puerto Rico. Men du veit...

    SvarSlett
  5. Godt at de der nede ved Afrika-kysten har klårsyn framleis. Du har sikkert rett, men me kalla det vippe. Eg meiner å hugse at lyset vårt forsvann heilt, så det kan ha vore ein tapp. Kanskje bror Steinar kan hjelpe oss? Men pass deg for flaskene så det ikkje svartnar for deg og, Gunnar!

    SvarSlett
  6. Me kalla det vippe, lyset blinka på/av/på/av......, det vippa til 'svartna' ikkje for nokon - kanskje med unntak av 'likkjebror' Reidar!

    SvarSlett