søndag 30. januar 2011

DET SPØRS OG TRIVIAL

Til jul i år - nei, i fjor må eg vel seie no - kjøpte me oss eit Trivial Pursuit-spel til hyggje og glede for oss og dei sønene som kom heim. Me sat i timevis og vreid hovuda vår over alle dei ekle spørsmåla. Nei, me storkosa oss. Denne helga var Tore heime, og me opna framdøra på den store omnen vår og laga peis, sette oss ved salongbordet med Trivial-spelet og dreiv på til langt over midnatt. Då gav me oss utan å kåre nokon vinnar.
   For meir enn tjue år sidan kom eg heim frå eit ærend i Oslo med eit liknande spel: Geni. Foreldre og søner slo i hel mang ei kveldsstund med spørsmål av alle slag. Den yngste, Tore, var ikkje alltid like begeistra. Når du trilla og flytte deg på brettet, var det ikkje alltid du fekk spørsmål. Normalt var det ei ulempe, for det var eit hefte i konkurransen. Men Tore tykte det var godt: "Å, der slapp eg spørsmål!" ropte han med glad røyst når han kom på dei felta. No ser han annleis på det.
   Quiz-feberen har teke seg opp dei siste åra. Det er etter mitt syn ei bra utvikling. (Men har me ikkje eit betre ord på norsk?) Kunnskap er lett å bere, det kan lett verte for lite og sjeldan for mykje kunnskap inne i eit hovud. Seier læraren som sit og skriv dette.
   For om lag seksti år sidan greidde NRK å samle Noreg til eitt rike med laurdagsunderhaldninga på radioen. Leif Rustad med Rundtomkring i Store studio og ikkje minst Rolf Kirkvaag med Det spørs-programmet sitt var det ingen som ville gå glipp av. Me sat klistra til radioapparatet, store og små. Kirkvaag lanserte ein enkel og grei spørjeleik innpakka i litt koseprat. Deltakarane fekk velje mellom ulike emne, til dømes sport, geografi, musikk og lett blanding. Det revolusjonerande med programmet var at det var pengar å tene. Du kunne hoppe av undervegs, doble og vinne meir, eller tape heile gevinsten: ti kroner etter eitt rett svar, deretter tjue, førti og åtti, som var toppgevinst. Kringkastingssjefen var svært skeptisk til denslags pengespel og heldt på å stanse heile opplegget.
   Men Kirkvaag fekk trumfa det gjennom, og mønsteret var lagt for tallause spørjeleikar både i heimen og i guteflokken i Flekke. Utan pengepremiane, naturlegvis. Eg for min del likte best geografispørsmåla og pugga land, elvar og hovudstader. Litt av det heng att framleis.
   Og takk for det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar