mandag 31. januar 2011

NATTARBEID

Mange av bloggane mine har eg skrive seint på kvelden når eg burde ha vore komen under dyna. Men det er sjeldan at eg sit oppe og putlar med mitt til klokka eitt-to-tre. Det gjorde eg ofte før i tida. Når stilebunken låg der og peikte nase til meg, sette eg meg godt til rette i sofaen og arbeidde til langt på natt. Då var det fred i huset, dårleg sikt ut glaset og slutt på fjernsynsprogram. Alle hadde gått til sengs, og eg fekk både ytre og indre arbeidsro til det eg måtte få unna. Hadde eg i tillegg lova elevane å dele ut stilane dagen etter, var dét eit treffsikkert våpen i tillegg til alle dei andre. Og når siste stilen var retta, kunne eg daudtrøytt, men lukkeleg gå til sengs og vakne neste morgon, nesten like trøytt, men framleis lukkeleg med tanke på at arbeidet var gjort for denne gongen, og at eg skulle unne meg ei dugeleg middagskvild seinare på dagen.  Den viktigaste innvendinga mot tiltaket var det Anne som kom med når eg velte meg opp i senga så ho vakna, same kor stille eg prøvde å vere.
   På gymnaset hadde eg ein døgnrytme som skilde seg ut frå vanane til dei to flittige førdianarane eg var nabo til der i huset i Bukta. Dei sette seg ned og gjorde lekser etter skuletid. På den tida kvilte eg middag. Når dei var ferdige med matematikken og fysikken sin (begge gjekk på reallinja), kom dei og banka på døra mi og ville ha meg med på eit slag kort eller jentebesøk (eit par jenter budde i nabohuset), kanskje eit slag kort med jentene. Og når hine to karane gjekk til sengs, var det tid for meg til å fare over dei viktigaste leksene. 
   Høyr kor stille det er i og kring huset no! Ein svak dur frå datamaskinen, om lag som eit vindsus med flau vind. Ingen ting å sjå ute, anna enn nokre lys på Halsnøy. Synd at eg må på skulen i morgon, elles kunne eg ha sete ei stund til. Men no sit eg sjeldan og rotar til eitt-to-tre om natta.
   God natt!
   

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar