mandag 8. april 2013

LEIGESOLDATAR

Då krigar vart førte i eldre tid her i Europa, kunne soldatane kome kvar som helst ifrå. Dei forsvarte ikkje landet sitt, dei slost for pengar eller det pure livsopphald. Dei kunne gjerne skifte krigsherre dersom dei fekk betre vilkår hos fienden. Her til lands var det ikkje vanleg, her var det tvangsutskriving av soldatar frå eigne rekkjer. Også i våre dagar finst det flust opp av leigesoldatar i til dømes borgarkrigar i Afrika. Enkelte nordmenn har vore med på leiken.
   Nei forresten, på eitt område er bruk av leigesoldatar det vanlege også i Noreg. Elitefotball. På laget til Brann sende dei ut i striden åtte utlendingar og tre bergensarar ved kampstart no i helga. Med andre ord eit høgt tal lokale stjerner; det hender ofte at det er ein eller null. Brann er ikkje noko særsyn. Fotballspelarar vert kjøpte og selde, dei spelar stolleiken frå eitt lag til hitt. Det same gjer trenarane. Dei er sikkert lojale mot arbeidskontrakten, men der stansar lojaliteten. Ikkje alle publikumarar skjønar dette, så stakkars Jan Gunnar Solli vart råka av dei eklaste injuriar då han møtte sin barndoms klubb som spelar på eit heilt anna lag. Me kan nok skjøne at tilhengjarane heiar på "vårt" lag, den lokale klubben. Men det er altså drakta, ikkje personen innanfor drakta, dei heiar på.
I gamle dagar var det gjerne slik at ein av fordelane leigesoldatane fekk, var å "skattleggje", det vil seie plyndre dei områda der dei opererte. Det gjorde dei ofte til gagns. I trettiårskrigens Tyskland vart enkelte byar plyndra både fem og ti gonger. Landområde vart så å seie folketomme i lange tider.
   Nei, så gale er det ikkje med fotballen.

søndag 7. april 2013

HEI, SOM DET GÅR!

Eg har inga orsaking for ei uvanleg lang bloggpause. Dei fleste eg har kontakt med, veit at eg går berre og sleng no for tida, forlét yrkeslivet for snart ti månader sidan, og som kjent er lediggang rota til alt vondt. Til dømes at eg gong på gong har skuffa blogglesarane mine når dei sugne på nytt lesestoff berre kjem tilbake til det eg skreiv for godt over ein månad sidan. No angrar eg, og har bestemt meg for å ta tak i problemet. Spørsmålet er om det vert slik at eg skriv berre for å skrive. Tidlegare har eg nemnt det rådet eg ofte gav elevane når dei ikkje kom i gang med stilen sin: Berre begynn å skrive ukritisk eitt eller anna. Ikkje tenk på om det har noko særleg med oppgåva å gjere. Då kjem du i gang, ideane kjem dettande, tankane klårnar, og du får til ein heilt grei stil. Så kan du rett og slett stryke dei første linjene du skreiv, viss du ikkje var så heldig at dei kan brukast likevel. Med andre ord: Vegen vert til mens du går, båten vert bygd mens du seglar. Som kloke folk har sagt. Du må altså kome i gang, ta dei første famlande stega eller dei første åretaka før seglet fer til vêrs.
   Då er eg i gang att. Og viss eg ikkje får andre gode idear, skal eg skrive om leigesoldatar i morgon.