fredag 31. oktober 2014

torsdag 30. oktober 2014

AMERIKATUREN 30: SISTE ETAPPE

Eg skal ikkje gløyme kvelden, augustikvelden du veit... Nei, det var ikkje den kvelden då Gud heldt fest i Fjaler. Men eg hadde kome meg heilskinna tilbake til kjende trakter frå Amerika og Stavanger og hadde ein mykje betre kveld enn kvelden før, då eg vart akterutsegla. No smilte lukka til meg. Eg gjekk strake vegen til fylkesbåtkaia og rakk akkurat å kome meg med nordfjordbåten som skulle innom Askvoll utpå natta. Og då var det berre å vente på sunnfjordbåten. Tidlegare var det ei båtrute til Førdefjorden og ei til Dalsfjorden. No var dei slegne i hop. Så den båten eg venta på, kom ut Førdefjorden, var innom Askvoll og deretter skulle han inn Dalsfjorden og vende i Bygstad, og så ut att og til Bergen by. På vegen inn Dalsfjorden skulle han altså inn Flekkefjorden til Flekke ein tur. Tidleg på føremiddagen skulle eg vere heime.
   I Askvoll gjekk alt etter planen. I land frå ein båt og om bord i den neste etter ei stund. No kjende eg meg så ovanpå at eg la meg trygt og godt ned på ein benk og sovna. Det hadde ikkje vore for mykje svevn dei siste nettene. Ikkje natta før eg forlét Wisconsin og stod opp grytidleg for å nå flyet i Minneapolis. Ikkje natta på Kennedy-flyplassen, ikkje natta i flyet til Icelandair, ikkje natta i Stavanger. 
   Så no gjekk eg glipp av å vere vitne til ein av dei fagraste båtturane du kan tenkje deg: inn Dalsfjorden, inn Flekkefjorden med soloppgang ein krystallklar grytidleg seinsommardag.
   ZZZZZZZZZZZZZZZ
Eg bråvakna og skjønte at båten låg i ro. Kva var det for noko? Ein smule omtåka kom eg meg opp or salongen og såg at me låg ved bryggja ... i Flekke! Eit blikk på klokka avslørte at me sikkert hadde lege der i snart ein time, og at båten var klar til å leggje frå kai. Så då var det berre å kome seg i land. Så ringla dei med bjella i båten og gjorde vendereis.
   No hadde det vore meir flautt enn farleg å verte med eit stykke til. Eg hadde vel hamna i Dale eller i Bygstad, så då hadde eg nok kome meg heim den dagen. Men no var det berre å spasere den siste biten heim. På vegen møtte eg eldstebror Arne, som skulle til Dale på jobb og begynne litt seint den dagen. Det første han la merke til, var at eg hadde kvite sokkar.

onsdag 29. oktober 2014

AMERIKATUREN 29: NÅR NAUDA ER STØRST ...

Klokka nærma seg ti, det mørkna og var hustre i vêret. Men dette var før Stavanger by var ein av dei dyraste byane i verda. August 1964 var lenge før oljå. Eg rusla opp i byen og snubla over eit lite pensjonat der eg fekk meg eit rom for natta utan å blakke meg. I lommeboka var der nokre dollars og litt norsk valuta. Takka vere svart arbeid på eit vaskeri i Wisconsin var eg ikkje heilt snau etter seks veker over there.
   No vart det ikkje så fredeleg og god svevn den natta som eg skulle ønskje. Tanken på bagasjen som var på veg til Bergen, uroa meg, likeeins utsiktene til å kome seg nordover neste dag.
   Dagen etter synte det seg at stoda ikkje var så ille. Eg kom meg ned på kaia, og der kunne dei fortelje at eg fekk ta snøggbåten til Bergen og bruke billetten eg gjekk med i lomma, med litt tillegg ettersom denne båten var litt dyrare. Men dessverre var morgonruta innstilt på grunn av dårleg vêr. Eg laut vente nokre timar til ettermiddagsbåten skulle gå, men då ville eg kome meg til Bergen før kvelden.
   Her var det snakk om dei nokså ferske hydrofoilbåtane, som etter kvart vart eit kjent fenomen på kysten. Me kalla dei stundom for hydrofeilar, for det feila dei ofte noko slik at dei var ute av drift. Denne føremiddagen var det vêret som var feil.
   No var eg noko lettare til sinns, sjølv om det regna og bles og var så surt at eg gjekk og kjøpte meg ein burgunderfarga v-genser og ein paraply. Den garderoben som eg ikkje stod og gjekk i, låg vonlegvis ved kaia i Bergen, pent nedpakka i ein brun koffert.
   Utpå dagen sessa eg meg i den flotte hydrofoilen, Sleipner eller Vingtor, måtte det vel vere. Turen til Bergen gjekk i ei snøggvende, i brott og bram. Båten heiv seg til sides og i djerve byks framover. Men fram kom me. Utpå kvelden la me til kai i Bergen attmed nattruta. Eg spaserte om bord, og bagasjen min låg pent og pynteleg der eg hadde lagt han.
   Så då var det berre å runde Vågen og ut til fylkesbåtkaia og sjå om eg kunne kome vidare.

tirsdag 28. oktober 2014

AMERIKATUREN 28: NO KJEM PROBLEMA

Vel og vakkert framme i gamlelandet gjekk eg i Stavanger by og småsmilte med meg sjølv. Det var som om eg var heime blant kjære og kjende, jamvel om eg aldri hadde vore i den byen før. Noko av det første eg gjorde, var å finne kaia og kontora til Stavangerske Dampskibsselskap og kjøpe billett til nattruta til Bergen. Eg spurde om kva tid båten skulle gå, og eg høyrde ikkje heilt om han sa ni eller ti om kvelden. Men det hadde eg god tid til å finn ut av. Det var berre ettermiddagen enno. Båten låg der, så eg lempa bagasjen min om bord og gjekk lett og glad derifrå.
   På veg opp att i byen trefte eg forsyne meg ein kar eg kjende. Han var russ i lag med meg på Firda gymnas, og no tente han  kongen på Madla som marinegast. Me hadde knapt hatt kontakt i gymnastida, men no var det som å treffe ein nær ven. Det var heile tre månader sidan me hadde forlate Sandane og gymnaset, ein stad me hadde svært gode minne frå, begge to. Me sette oss på ein kafé og tok ein kopp kaffi og lét praten gå. Jau, han visste kva tid nattruta skulle gå. Det var klokka ti om kvelden. Han hadde teke båten frå Bergen og sørover.
   Timane gjekk, me sa farvel og gjekk kvar vår veg. Klokka var berre halv ti då eg kom ned til kaia. Men der var det ingen båt å sjå! Ikkje folk heller, så å seie, og dei fleste lys var sløkte. Ein fyr dukka opp, og han kunne fortelje at båten gjekk klokka ni. Ni frå Stavanger og ti frå Bergen. Den gode marinegasten frå Hornindal var nok i god tru; han rekna vel med at dei brukte den same klokka i Bergen som i Stavanger.
   Det var seine kvelden. Bagasjen var på veg til Bergen, og eg stod att på kaia og småfraus i ein mørk og framand by, heimlaus, frendelaus og lite kjend, og lika på leiken ille.

fredag 24. oktober 2014

AMERIKATUREN 27: PÅ VEG HEIMOVER

Kalenderen viste at me var komne eit godt stykke ut i august i 1964, og eg sat i flyet som letta frå Kennedy-flyplassen. No var det heimferda som stod for tur. I rekkja vår sat ein amerikanar som skulle til Keflavik, ein nordmann busett i USA og eg.
   Denne turen gjekk utan komplikasjonar av noko slag. Me hadde ei mellomlanding i Nord-Canada denne gongen òg. Den eine vegen var det i Goose Bay på Labradorhalvøya, den andre vegen i Gander på Newfoundland. Men kva som var kva på turen mot vest og turen mot aust, hugsar eg ikkje. Det spelte lita rolle, me var der berre ein halvtime eller noko slikt. Men eg var innom terminalen i Gander, trur eg, og såg biletet av dronninga deira, Elizabeth. Me var ei lita stund i det tidlegare Britiske samveldet, som ikkje lenger var britisk, berre Samveldet av nasjonar.

   Eg hugsar fint lite av den sytten timars lange ferda mot aust. Truleg fekk eg litt velfortent svevn etter vakenatta i New York. Karane ved sida av meg prata litt politikk; amerikanaren meinte at Goldwater hadde mange gode poeng. Eg torde nok ikkje blande meg så mykje inn i den diskusjonen.
   I Keflavik hadde me lang nok pause til at amerikanaren bad oss opp der han budde, så me kunne få oss ein dusj. Det gjorde me med glede, sa farvel til han og kom oss vidare.
   Me passerte den nye tilveksten til staten Island: Surtsey. Eg klemde meg inn til flyvindauga og fotograferte:


                          
  Nokre timar seinare kryssa me vårt kjære heimland, landa på Fornebu, gjorde vendereis og rusla ut på Sola flyplass. No kjende eg meg ovanpå, prøvde å snakke norsk, men hadde ein tendens til å innleie førespurnader om t.d. bussar til byen med eit "Excuse me..."
   Og etter kvart tårna problema seg opp. Etter seks veker i ukjende farvatn.
 


torsdag 23. oktober 2014

AMERIKATUREN 26: PÅ UTSTILLING


Så var dagen opprunnen då eg laut ta farvel og forlate Wisconsin. Flyet gjekk om morgonen, og grytidleg den dagen vart eg skyssa til Minneapolis, kom meg på flyet og gjennomførte den første etappen. Til Kennedy Airport i New York.
   No var det inga sak å kome dit; det var lyse dagen, eg hadde vore der før, og eg tok meg lett fram til den internasjonale terminalen. Der fann eg disken til Icelandair og la fram to ønskemål: Kunne eg få utsett avreisa til dagen etter? Og kunne eg få endre reisemålet og gå av flyet i Stavanger, dersom det landa der òg,  i staden for Fornebu, som stod på billetten? Begge delar let seg gjere utan særleg om og men.
   Grunnen til at eg ville reise ein dag seinare, var at eg ville innom verdsutstillinga i byen, sidan eg no likevel var i New York. Så då fekk eg låst sakene mine inn i ein boks, fann bussen som gjekk til utstillingsplassen og lét det stå til.
   Der vandra eg rundt på den eine utstillinga meir spektakulær enn den andre. Vårt kjære fedreland hadde ingen eigen stand, berre ein slags souvenirbutikk attmed den svenske paviljongen. Nokre bunadskledde jenter stod og marknadsførte landet sitt, og selde varer med norsk design.
   Eg vart svolten og fann ein kiosk der dei selde mat og drikke. Kva eg ville ha i magen, hugsar eg ikkje. Men eg trudde det var sjølvbetjening og begynte å forsyne meg. Det skulle eg ikkje ha gjort, for ei illsint dunse kom og tok sakene ifrå meg med tydelege signal om kva ho tykte om åtferda mi, sjølv om eg prøvde å forklare mistaket. Og ein yngre fyr kom og snerra: ”So you kind’a help yourself, you!”


Utpå kvelden hadde eg fått nok av utstillinga, fann bussen og kom meg tilbake til flyplassen. No stod det att å vente ein heil kveld og ei lang natt før eg kunne kome meg vidare. Vakenetter var eg ikkje heilt ukjend med, så det gjekk på eit vis. Det var jo mange rare folk å sjå på, og greie nok benker å kvelve seg nedpå. Om eg duppa av litt, kan eg ikkje hugse. Men tida gjekk.
   Og så trefte eg Jesse James. Ein ung fyr, ikkje mykje eldre enn meg sjølv, fomla og balte med låsen til bagasjeboksen sin og trudde at det lét seg gjere å låse opp og att utan å ha på meir pengar. Eg kom i preik med fyren, og såg på kofferten kva han heitte. Så eg spurde jo om han var i slekt med den store revolvermannen med same namnet. Det spørsmålet hadde nok Jesse høyrt før, og noko svar fekk eg ikkje. Men ein hyggjeleg kar var han, og han lurte på om eg var frå Island. Det var eit underleg spørsmål, tykte eg. Korleis kunne han vite at dei første islendingane kom frå Sunnfjord? Nei, forklaringa var at han tykte eg snakka så likt islendingane, for han hadde vore stasjonert som soldat på Keflavik. Så det han høyrde, var nok det same som gubben på flyet til Minneapolis, som eg fortalde om her ein gong: Engelsken min røpa at eg ikkje var oppvaksen der i nærleiken.

onsdag 22. oktober 2014

AMERIKATUREN 25: WILD, WILD WEST

Eg har visst nemnt at Jim tok meg med på telttur ut i South Dakota. Der ute krydde det av indianarar, revolvarmenn og cowboyar. Vel, eg må tilstå at det ikkje var så mange att i 1964 då me var der. Men nitti år før vårt besøk fann dei gull i Black Hills, og då vart det liv, kan du tru. Der det finst gull, finst det kjeltringar. Her ute herja dei vilt, ho Calamity Jane og han Wild Bill Hickok.
   Indianarane, som  åtte landområdet, hadde minimale sjansar til å hevde sine avtalefesta rettar då  bandittane, gullgravarane og andre eventyrarar og investorar dukka opp i store flokkar. No stod det ein og annan og stilte seg ut i bunadene sine så turistane kunne fotografere. Det same gjorde oldtimeren nedanfor, som ikkje eingong hadde hest, men måtte nøye seg med eit muldyr. Etter fotoseansen rette dei fram handa og sa: "We ask for donations."
Ein retteleg stor attraksjon var Mount Rushmore med dei fire presidenthovuda hogne ut i fjellet. Eg fekk sjå Deadwood og skjønte kvifor namnet passa på området. Elles var det svært så naturskjønt og dramatisk ulikt dei austlege delane av staten.
   Men før me kom til Black Hills, og etter visitten der ute, kryssa me dei endelause slettene i Sør-Dakota. Jim og eg låg i telt tre-fire netter. Eg fekk oppleve kor flat prærien faktisk er. Eg såg ekte bisonar, eller bøflar, som dei feilaktig vert kalla i indianarbøkene. Bøffel er i grunnen eit anna dyr. Tja, ekte og ekte... Dei eg såg, verka ikkje så fyrige og ville som i cowboyfilmane. Men dei var freda og hadde ikkje flokkar av hylande indianarar eller lystskyttarar i forbipasserande jernbanetog å passe seg for.
   Well - det beste med turen var trass alt dei lange og gode samtalane eg hadde med reisefelagen min, James Rupert.

 



mandag 20. oktober 2014

AMERIKATUREN 24: FJERNSYNET

Eg hadde ikkje sett mykje fjernsyn i 1964. Ikkje før eg kom til Amerika. Heime hadde me ikkje noko slikt på den tida, og eg sakna det ikkje. Ute hos onkel Anders hadde dei fått det, men eg var ikkje interessert i å vitje dei for å sitje der og sjå på ein skjerm.
   Heime hos familien i River Falls hadde dei sjølvsagt TV, og eg brukte nok ein del timar på titting. Som nemnt sist eg skreiv, var det ein del dramatikk å melde den sommaren frå både USA og frå andre delar av verda. Men bortsett frå nominasjonen av Goldwater er det skam å seie reklamen som har festa seg best av tv-stoffet. Ikkje fordi eg var spesielt interessert i nyhende om filtersigarettar og cornflakes. Men den systematiske dundringa av bodskapane trengde seg langt inn i øyregangane og endå lenger. "Buy Country Cornflakes...!" Eller "How can all that flavor get thru all that charcoal (...) The secret 's in the structure!" gjalla det i fengjande rytmar.
    Og så såg eg såpeseriar, jamvel på føremiddagen. Eg hugsar eit par glimt og tittelen på ein av dei: "Make Room for Daddy", der ein stakkars pappa vart uthengd på det mest skammelege.
   Dave, som var ein særs reflektert yankee, hylla ikkje nett det amerikanske tv-tilbodet. Han fortalde at programmakarane hadde analysert seg fram til at gjennomsnittsprogramma skulle treffe det intellektuelle nivået til ein tolvåring. Då var sjansane størst for å få mange sjåarar.
  I det evensonske huset hadde dei "berre" svart-kvitt fjernsyn, og det var visstnok det vanlegaste blant folk flest. Men hos syster til Cliff hadde dei jamvel fargefjernsyn! Det slo dei av då me kom der på besøk, heldigvis, så det var ikkje mange minutta eg fekk nyte det. Like godt!

onsdag 15. oktober 2014

AMERIKATUREN 23: AUH2O

Amerikansk  politikk er underlege greier, i dag som i 1964. For meg som ikkje eingong var van med fjernsyn, vart møtet med ein amerikansk valkamp eit skikkeleg show. Eller sjau, alt etter som. Republikanarane hadde nominasjonsmøtet sitt mens eg var i landet. Det var tøffe tider. Godt og vel eit halvt år tidlegare var president Kennedy skoten. Den kalde krigen gjorde amerikanarane meir utrygge og urolege enn oss nordmenn, som delte grense med den store, stygge Sovjetunionen. Det var mindre enn to år sidan Cuba-krisa. Uroa i Vietnam var i ferd med å ta form som ein verkeleg krig, med amerikansk opptrapping. Raseuroa flamma opp i takt med aukande engasjement for borgarrettar. Allmenta hadde fått augo opp for dei store skilnadene mellom fattig og rik i verdas rikaste stat. Dette siste var ei hjartesak for den nye presidenten, Lyndon B. Johnson, han som overtok då Kennedy vart skoten. Johnson hadde ”War against Poverty” som sitt slagord. Ikkje alle amerikanarar meinte at det var noko å slåst for.
   På det republikanske nominasjonsmøtet oppstod det ei kraftig stemningsbølgje til fordel for han som klarast markerte alternativa til Johnson: Barry Goldwater. Den konservative senatoren frå Arizona stod for ei knallhard linje overfor Sovjet og alt som kunne lukte eller smake av kommunisme, anten det no var i heimlandet eller utanfor USAs grenser. Elles kjenner me att mykje av tankegodset hans i det som den konservative fløyen i det republikanske partiet meiner i dag: mindre stat, meir privat armslag. Mindre sentralmakt, meir fridom for einskildstatane. Mindre makt til fagforeiningane, meir til arbeidsgjevarane. Og så bortetter. (At Goldwater kom frå ein søkkrik familie, gjorde kanskje sitt til å utforme tankane hans.)
  Den meir liberale Nelson Rockefeller (med norsk svigerdotter og endå rikare enn Barry) hadde ikkje sjansar. Ein gong han stod på talarstolen, gaulte og gaulte ein horde av Goldwater-tilhengjane i fleire minutt: ”We want Barry” slik at ingen skulle høyre kva Rockefeller hadde å seie. Ordstyraren dunka og dunka med kølla si, men til lite nytte. Vel, etter ei lang stund stilna sjauen, så talaren fekk snakke.
   Elles var det faner, flagg, konfetti og spetakkel som om det var fotballkamp i Rio. Goldwater vart nominert, og jubelen var endelaus. Og i River Falls sat eg og var vitne til det meste av det som skjedde. På fjernsyn, rett nok.
   Fire månader seinare var det val. Johnson vann ein overlegen siger. Men kampen mot fattigdom drukna i ein annan kamp dei neste fire åra: Vietnamkrigen. I 1968 kasta Lyndon B. Johnson korta og nekta ny nominasjon. Richard Nixon vart vald. Han var republikanar. Tolv år seinare valde dei ein president med mykje av det same programmet og ideane som Barry: Ronald Reagan.

tirsdag 14. oktober 2014

AMERIKATUREN 22: BERMUDASHORTS OG KVITE SOKKAR

Eldstebror Arne påstod at det første han la merke til då eg kom heim att frå seks veker i Amerika i 1964, var at eg gjekk med kvite sokkar. Javel. Eg har eit minne frå svært tidleg barndom - kanskje eg var i tre-fireårsalderen då - at eg hadde eit par kvite sokkar på den tida. Bortsett frå det var det slett ikkje vanleg at karfolk gjekk med denslags på våre kantar.
   Men i Amerika, you know, der gjekk alle med kvite bomullssokkar. Så då eg var nedom butikkane i River Falls og dressa meg opp litt, kjøpte eg mellom anna bermudashorts og kvite sokkar. Fleire par sokkar. Begge delar vekte ein smule åtgaum i Flekke.  Kortbukse som rakk ned til knea, var heller ikkje vanleg flekkemote på sekstitalet. Men tillaupa til erting beit ikkje på meg. Dei som prøvde å erte, hadde ikkje vore i Junaiten, veit du.
   Mange år seinare var syster Liv Elisabeth på vitjing hos kjærasten sin i California. Då ho trefte han, braut ho ut i lått og peikte på sokkane. "Kva er gale med dei, alle går jo i kvite sokkar her," sa han ein smule fornærma. Og Liv måtte unnskylde seg og fortelje om broren som fekk så mange kommentarar om fottyet sitt.
   Same hausten kjøpte eg meg svart fløyelsjakke og lys bukse med pepitamønster. Slike plagg var heller ikkje komne på moten i våre krinsar. Bror Arne såg granskande på innkjøpet mitt då eg kledde meg opp og synte meg fram. "Men er det ikkje fint, synest du?" spurde eg. "Jau, fint er det. Men torer du gå med det?" svarte han.
   Mamma har fortalt at far hennar, altså den bestefaren min som var nesten ti år i Amerika, pla gå i dei lyse bestkleda sine om sundagane. Kleda han hadde med heim frå Amerika. Då var han så staseleg, tykte mamma. Noko heilt anna enn dei mørke vadmålskleda hine karfolka gjekk med.

mandag 13. oktober 2014

AMERIKATUREN 21: LØER I WISCONSIN OG PÅ IGELKJØN



Her har eg stole eit bilete frå nettet med teksten "Wisconsin Barns". Dei løene eg fekk sjå der borte, hadde nok eit meir moderne snitt, men takprofilen var mykje i same stilen. Mange av løene hadde eit avrunda tak som sikkert kvilte på stålbøylar. Somme hadde ein liknande knekk som desse to. Me snakkar då om mansardtak. Det var sjeldsynt å sjå eit vanleg norsk beint saltak.
   Morfaren min, Pitter'n Ilkjen, kom heim frå Amerika etter nær ti år, gifte seg med bestemora og overtok farsgarden. Han hadde hatt ein tur heimom eit par år tidlegare, Kanskje han fridde, kanskje han ordna med overdraging av bruket. Ikkje veit eg. Eg spurde han ein gong om kvifor han ikkje vart verande der borte når han var så godt i gang. Då skulda han på at faren gnålte og maste om at han måtte kome heim og overta.
   I alle fall gjorde han så. Etter nokre år bygde han ny løe. Og korleis såg ho ut (og ser delvis ut slik den dag i dag)? Jau, slik:

Då eg kom tilbake frå USA, påpeikte eg at han måtte ha fått ideen frå Wisconsin då han bygde løa. Men han bles av det. Han laut gjere det slik, for han hadde ikkje sperrebjelkar som var lange og sterke nok viss han skulle strekkje dei beint. 
      Men eg lurer no på om ilkjensløa hadde sett ut som ho gjer, viss bestefar ikkje hadde sett løene i Wisconsin og snusa på teknikken med noko så unorsk som mansardtak.

søndag 12. oktober 2014

AMERIKATUREN 20: IMPROVISERT EKSPEDISJON

Bestefar gjekk på amerikabåten den tiande mai 1905, mens kong Oscar den 2. framleis var konge i landet vårt, fire veker før Stortinget avsette han. Morfar Peter Igelkjøn kom til tanta si i Wisconsin, som saman med mannen sin åtte ein farm. Framleis sat ætta på garden, og då eg drog til Amerika i 1964, ville bestefar gjerne at eg skulle vitje familien, til dømes syskenbarnet hans, Arthur Jarstad.
   Trøyste meg for ein dårleg planlagd ekspedisjon eg var med på. Eg burde jo ha teke kontakt før me drog av stad. Nei, det gjorde me ikkje. Oscar køyrde, og kona hans og Marie var med i bilen.
   Oscar Flekke har eg ikkje skrive mykje om, men det burde eg. Han var eldste sonen til den før omtalte Mathias Flekke, pensjonist og ein blid, kvikk og omgjengeleg gubbe. Og så snakka han norsk når det høvde seg. Men eg trur ikkje kona hans forstod så mykje av det språket, så det gjekk nok helst på engelsk. Dei budde i nabobyen Baldwin, ikkje mange mil frå River Falls.
   Adressa til syskenbarnet åt bestefar viste at me laut køyre eit par timar mot aust i Wisconsin, og me så gjorde. Etter litt spørjing og leiting fann me gardstunet, og eg ringde på. Ut kom ein ung mann som såg mistruisk på den jyplingen som stod på trappa. Eg snakka som ein foss og forklarte stoda. Mannen, som viste seg å heite Mike og var sonen i huset, endra fjes frå nokså bryskt til spørjande, så smilande og drog oss inn i stova. Der dreiv mor hans og stulla. Dessverre var ikkje han far i huset, Arthur, heime. Me sat og prata passeleg lenge, tok avskil og køyrde heim att.
   Eg trur ikkje den omtalte Arthur heilt tilgav meg at eg ikkje varsla og avtalte ankomsten. Det er utruleg kva det har å seie for desse amerikanarane å få kontakt med slekta til forfedrane som ein gong emigrerte. Og bestefar tykte sjølvsagt det var toskje at eg ikkje trefte syskenbarnet hans. Men han likte godt at eg hadde vore på tunet.
   Det vart etablert brevveksling, og fleire i familien deira har vore i Noreg og treft slekt. Og syster Liv med fleire har vore hos dei.



lørdag 11. oktober 2014

AMERIKATUREN 19: EIN UTFLYTT FLEKKING

På Vellene i Flekke kom det til verda elleve born i åra 1908 til 1929. Alle var gutar. Faren i huset jobba på fabrikk i Dale, og så hadde dei småbruket sitt.
   Hausten 1929 drog eldsteguten, Albert, til Amerika. Han hadde litt flaks, for same hausten råka børskrakket i New York landet som ein farang og førte med seg den velkjende og ille berykta depresjonen og verdskrisa i trettiåra. Ikkje lenge etter at Albert var komen til landet, vart det innført strenge restriksjonar på immigrasjonen, og arbeidsløysa steig og steig med skremmande fart.
   På sett og vis vart eg ein utsending frå heimetrakene mine denne sommaren i 1964, og fleire enn familien til Albert nemnde på at eg kunne jo prøve å snuse opp slektningane deira der borte. Det var grenser for kva eg kunne ta på meg av slike ærend, men for Løseth-familien var det annleis. Eg kjende jo godt fleire av brørne til Albert. Dei yngste kunne ikkje hugse eldstebroren; Anton var nett fødd då han forlét heimen for godt. Og både mamma og papen kjende fyren i gamle dagar.
   Ein dag mens eg var der borte, tok eg telefonen og ringde eit nummer i Minneapolis. Jau, det var Albert Loseth, no utan tødlar i etternamnet. Eg fekk presentert meg og bore fram ærendet mitt. Om det var mogeleg å treffe han? Jau, eg måtte berre kome innom sundag, då var han heime og ikkje på jobb. Eg prøvde å slå over til norsk flekkemål i samtalen vår, men då oppfatta han ikkje kva eg sa. Så då eg la på røyret og skulle fortelje Dave kva som hadde kome ut av praten, var eg ein smule språkforvirra og snakka like godt norsk til han òg. Han såg på meg med eit lurt flir og sa ingen ting før eg skjønte kva mål eg dreiv og prata med.
   Jau, eg innfann meg i heimen til Albert og frua i Minneapolis og hadde ei triveleg stund. Han var godt nøgd med livet og gav ikkje uttrykk for noka form for heimlengt. Om han hadde hatt problem med å få arbeid i krisetida på trettitalet? Å nei, han fekk alltid arbeid, han. Løsethkarane heime var forresten store kraftkarar og flittige arbeidsfolk. Og Albert ruva svært godt, han òg. Det var nok mange arbeidgjevarar som hadde bruk for han. "Jau, det var mange som gjekk arbeidslause i trettiåra. Men så vart Roosevelt president, og då vart det jobb til alle," meinte han.
   Tanta til Albert, ho Gudrun, budde i lag med mannen sin eit stykke utanfor byen. Henne hadde eg sett før, ein gong ho vitja gamle trakter. No tok Albert og kona hans meg med på ein biltur opp til henne. Mens Albert var ein sindig kar, var tante Gudrun impulsiv og full av liv og lått. Då ho fekk høyre kven eg var, og kva folk eg var av, vart ho hylande begeistra og tok ein runddans med meg på tunet. No fekk eg snakke litt norsk, for mens Albert og kona hans heldt seg til engelsken, preika Gudrun og mannen norsk seg imellom. Han var visstnok frå Bergen, om eg hugsar rett.
   No leid det mot kvelden, og fru og herr Loseth køyrde meg heim til River Falls før dei vende tilbake til Minneapolis.
   Albert kom aldri heim att til gamlelandet. Han døydde få år etter dette. Men kona hans og dottera vitja skyldfolket i Flekke seinare.

torsdag 9. oktober 2014

AMERIKATUREN 18: JIMMEN

Eg kan ikkje fullføre denne krøniken om amerikaturen 1964 utan å nemne Jimmen. James Rupert var barndomsven til Dave og budde i nabolaget. Men det var sagt at han dreiv ikkje berre og leikte med Dave, han var likså gjerne saman med mamma hans, Thora, for å lære norsk.
   Jim var òg av delvis norsk avstamning, slik folk flest der borte var, meir eller mindre. Og interessa hans for dette lange, kalde landet var umetteleg. Det var såleis ikkje underleg at han vart begeistra då det dukka opp ein vaskeekte nordmann i omgangskrinsen. Utanom familien vart det Jimmen eg fekk best kontakt med. Mellom anna tok han meg med på telttur ut i Sør-Dakota nokre dagar. Eg kjem til det òg i denne mimrerunden. Biletet er frå den turen.
   Jim var ein svært impulsiv, pratsam og godmodig kar. At han var tolv-tretten år eldre enn meg, var lite til hinder for eit flott venskap, tykte eg.
   Jim  hadde gjort språkinteressene sine til yrke og underviste i tysk, fransk og spansk. Eg var jamvel med han i språklab ein dag han hadde sommarkurs i tysk for nokre studentar. Det var første gongen eg opplevde eit språklaboratorium. Seinare underviste han meir og meir i norsk. Alt i alt var han ti gonger i Noreg.
   Tre gonger på syttitalet besøkte han oss på Husnes, ein gong åleine, ein gong med frue og tre born, og siste gongen i lag med dottera Anne. Første gongen var i 1973, rett etter at me hadde flytta til Husnes. Om dagane jobba eg på Sør-Al, men Jim og Anne (altså fru Kyrkjebø, ikkje Anne Rupert) gjekk heime i Furuvegen og snakka om laust og fast. Jim noterte stadig nye ord i notisboka si: Kva det heitte på norsk, korleis det vart sagt på strilemålet til Anne, og kva det tydde på engelsk.
   Amerikaturen min hadde ikkje vorte den same utan Jimmen. Mine omtalar av fyren gjorde sitt til at syster Liv besøkte han på ein av sine mange amerikaturar.
   James Rupert døydde for fem år sidan. Dei hadde ein grei nekrolog i ei lokalavis i River Falls.


onsdag 8. oktober 2014

AMERIKATUREN 17: ALKOHOLPOLITIKK

Eg var med Dave på omvising på eit stort bryggjeri i Minneapolis, viss det ikkje var i St. Paul, då. Der var det osande kjempekar med ølsats, uendelege rekkjer med ståltankar og eit hurlumhei av klirrande flasker som gjekk på band og fekk sitt påfyll. Etter omvisinga vart me inviterte ned i smakerommet. Men eg fekk ikkje smake ølet. Eg fekk eit krus brus istaden. Eg var altfor ung. Nitten år var ikkje nok for å få kjøpt eller servert øl i staten Minnesota. Aldersgrensa var tjue eller kanskje tjueein.
   Denne norskaste av alle statar i USA hadde òg den strengste alkohollovgjevinga, slik eg oppfatta det. Ikkje usannsynleg at dei har arva litt av den svensk-norske skrekken for rusande drikk. Om sundagane var det strenge reglar for alkoholservering i staten, skal tru om det var fullt skjenkjeforbod. Då gjekk det ein straum av tyrste minnesotingar over grensa til Wisconsin, som hadde litt meir liberale reglar, vart det fortalt.
   No skal me ikkje berre flire av fenomenet. Midt på attenhundretalet var det så godt som ingen restriksjonar på produksjon og omsetnad av øl og brennevin i Noreg. Etter kvart som den økonomiske liberalismen slo gjennom på alle område i samfunnet, følgde rusdrykken med på lasset. Konsekvensane vart fatale. Misbruket vart så omfattande at det var knapt å fatte. Forbruket omrekna til rein alkohol per innbyggjar var minst dobbelt så stort som i dag.
   Så kom reaksjonane, og måtehald, fråhald og restriksjonar vart ei vinnarsak, jamvel for politikarane. Truleg var utvandrarane frå Noreg og Sverige påverka av dette.
   I Evensonfamilien vart det likevel stundom opna ein ølboks, også for nittenåringen frå Noreg. Men ikkje mange!

mandag 6. oktober 2014

AMERIKATUREN 16: "YOU'RE FROM WAY DOWN SOUTH"

Ja, kva dreiv eg på med dei seks vekene i Junaiten? Truleg gjekk no dagane utan dei store eventyra. Og bra var det. Kanskje det var det aller viktigaste med turen: Få vere ein nesten naturleg familiemedlem i ein nesten vanleg heim i ein vanleg småby i Midt-Vesten.
   Berre førti mil unna låg Minneapolis-St. Paul, "Twin Cities", som til saman var ein millionby. Du må vere lokalkjend for å skjøne kva tid du forlèt den eine av dei og kjem inn i den andre. Familien tok meg med på fleire besøk inn dit. Ein gong var me der og såg ein baseballkamp, utan at eg forstod så mykje av det.
   Så ein dag foreslo Dave at eg kunne ta ein tur til Minneapolis på eiga hand om eg ville. Eg kunne ta bussen inn om føremiddagen og heim att seinare på dagen. Det var ein god idé for oss begge: Eg fekk eit lite prosjekt å løyse, og han slapp å tenkje på kva me skulle finne på. Forresten var han sikkert på vaskeriet og stod i med sitt.
   Eg tok bussen, og susa av garde på dei breie vegane der det stod oppstilt det eine reklameskiltet meir prangande enn det andre langs sidene. På ein stopp kom det ein raudmosen kar og sette seg attmed meg i setet. Det lukta øl av han, elles var han både blid og hyggjeleg. Og pratsam. Han høyrde snart på engelsken min at eg ikkje var nett derifrå, så han prøvde denne: "Du er frå "way down south", det kan eg høyre når du snakkar!" Nei, eg er ikkje frå way down south, eg er frå way up north, frå Norway, sa eg. "No bløffar du, du er frå way down south, you speak too much English til å vere frå Noreg," meinte han. Så eg vart jo smigra, og eg veit ikkje om eg greidde å overtyde han.
   Kva eg gjorde i Minneapolis på eiga hand? Tja, eg rusla jo gatelangs, var innom eit bibliotek og såg på bøker, slappa av i ein park og tok bilete av Ole Bull, som stod der og spelte nett slik han gjer på Ole Bulls plass i Bergen. Og fann bussen som førte meg trygt tilbake over grensa til Wisconsin og heim att til River Falls

Ole Bull spelar fele i Minneapolis

søndag 5. oktober 2014

AMERIKATUREN 15: SJØLIV


Tja... , sjøliv og sjøliv. Eg var ein god del både i og på vatnet over there. Men det var ferskvatn. Nord-Amerika har ein stor del av ferskvatnet på jorda. Eg tenkjer på Dei store sjøane og ein del mindre sjøar, og så elvekomplekset Mississippi med alle sine sidearmar. Der er det mykje vatn, kan du tru.
  Me var og bada i St. Croix-elva både tidt og ofte, og det hende seg at me var i sjølvaste Ol' Man River også. Det var ingen grunn til å klage over badetemperaturen, han var nesten like bra som i Flekkefjorden på varme sommarkveldar.
   Dave hadde ein god ven som heitte Robert - populært kalla Bob. Dei to karane hadde snikra ein flåte som kvilte på nokre oljefat. Kring kantane hadde dei sytt for eit solid gjerde slik at ingen skulle trø utfor, fare med elvestraumane og hamne i Mexicogolfen. "The pontoon" hadde ein solid påhengs i ene enden, og slik kunne ein reke både opp og ned elva, eller på tvers. Tom hadde med Shirley og dottera Anniken (som Dave var gudfar til), og Dave hadde med meg. Så der  sat me i gode fluktstolar, med litt forfriskningar i kjølebagen og lét elvebrisen svale oss i den steikjande sommarsola.
   I gamlelandet hadde sommaren vore sur og fuktig, og betre vart han visstnok ikkje av at eg drog mot vest. Eg hadde såleis dårleg med brunfarge å byggje på då eg kledde av meg ved St. Croix River. Resultatet vart ein raudsvidd og flassande lekam. No gjekk dette fort over, og brunfargen tok overhand.

lørdag 4. oktober 2014

AMERIKATUREN 14: TIL BORDS

Eg la visst på meg dei vekene eg var i Statane. Maten var god, og eg hadde nokså rolege dagar. Eg stifta kjennskap til nye retter, somme hadde eg høyrt om, andre var heilt ukjende. Til dømes fekk eg servert noko dei kalla pizza, ein rett av italiensk opphav, men som den siste tida var vorten så populær i Amerika. Det var ikkje så aller verst, men ikkje det beste eg fekk. Tykte eg då. Noko som eg sette stor pris på i varmen, var vassmelon. Melonar hadde eg høyrt om, men knapt sett før eg kom til Amerika.
   Eg visste ein del om amerikansk historie og samfunnsliv før eg kom, takka vere eit krevjande engelskpensum på gymnaset og ein del halvgod amerikansk litteratur som eg hadde fortært opp gjennom barne- og ungdomsåra. Men korleis ein skulle te seg ved eit amerikansk måltid, visste eg lite om. Kva skulle ein gjere med den og den retten? Kva skal ein begynne med, kor mykje skal du ta oppå tallerken, og kva passar i hop med kva? Det er eit særs stort problem når du er gjest og lyt forsyne deg først. "Ja, det går fint å ha det på der òg," sa Thora venleg då eg hadde salatdressing på kjøtstykket. Og gjorde meg diskret merksam på kva som var den mest vanlege bruken.
   Så kunne eg forresten lære meg av med den innterpa norske skikken med å ha gaffelen i venstre handa og kniven i den høgre når ein skulle ete fint. Dei gjorde det enkelt og praktisk, dei trakterte gaffelen med høgre handa når maten var passeleg sundknurva. Flott!
   Eit problem for både dei og meg var kva eg skulle seie når eg gjekk frå bordet. Takk for maten eksisterer ikkje på engelsk. Tjaaaa, eg kunne jo seie "Thank you for the meal..." Eller noko slikt. Dei visste ikkje heilt kva dei skulle foreslå. Seinare lærte Dave meg eit amerikansk triks. Etter bordsetet fiksar du ein diskret passiar på tomannshand med vertinna og skryter av maten.
   Engelskmenn og amerikanarar kan ikkje ha slite like mykje som me nordmenn med å skaffe seg det daglege brød.  Dei takkar ikkje for maten, og dei har ikkje eingong eit ord for å vere mett. Eldste bror til Thora, Oscar, var den i syskenflokken som kunne mest norsk, og han heiv seg mang ein gong frampå med heilt greie utsegner på det språket. Men det hende seg at han bomma litt. Til dømes avslutta han eit måltid med å klappe seg på magen og utbasunerte: "Å, jeg er så full!"
   Det minner meg om ein kamerat av meg som i eit bordsete med engelsktalande vertskap avslo påfyll med "No, thanks, I am fed up!"

onsdag 1. oktober 2014

AMERIKATUREN 13: VASKERIARBEIDAREN

Bestefaren min var ti år ”over there”, og lengta nok litt tilbake stundom. Ein periode arbeidde han i byggjebransjen i Chicago. Han tykte det var stas at dottersonen drog til Amerika, ”men han sku ha teikje seg arbei,” ikkje berre reist på tur, meinte han.
   No hadde det seg slik at eg tok meg arbeid. Heilt ulovleg, sjølvsagt, eg hadde jo ikkje arbeidsløyve, berre turistvisum. Men vertsfolket mitt dreiv vaskeri, og dei kunne ikkje berre stengje det fordi dei fekk vitjing frå Noreg. Både far Cliff, mor Thora og junior David var der og sytte for drifta. No tok dei seg nok litt fri når det høvde, men faktisk var pågangen med skite ty så stort at dei ein periode mens eg var der, laut utvide med eit ekstra ettermiddagsskift. Og så tok dei inn ein ulovleg lausarbeidar frå Flekke. Eg var med dei enkelte dagar og jobba. Mitt arbeid var å vinde opp handklerullar, slike du sikkert har tørka nevane dine i på ymse offentlege toalett. Du kan ikkje hive ein slik rull inn i vaskemaskinen sånn utan vidare. Han må vindast ut og lagast til ei slags hespe. Dei hadde ein liten maskin som gjorde mesteparten av jobben, men eg måtte hjelpe til. Betalinga var ein dollar i timen. Altså sju kroner og femten øre. Til samanlikning kan eg nemne at Mathias Flekke i den første jobben sin i Amerika fekk ein og ein halv dollar for dagen, noko som i 1890 svarte til kroner 5,50. Då arbeidde han på ei linmølle. Ein ung kollega på vaskeriet kommenterte jobben min: ”Reidar har sikkert høyrt at amerikanarane har plenty of everything. Men når han kjem heim, fortel han vel at det einaste dei hadde plenty av, var handklerullar.”
   Temperaturen ute låg på over tretti grader i skuggen dei fleste dagane eg var der, ein gong opp i 37. Inne i vaskeriet var det mykje varmare. Men eg var van med å arbeide under svært varme tilhøve; du skulle ha vore med og stappa turrhøy inn under bølgjeblekktaket i gamleløa vår i Flekke på heite sommardagar.
   I vaskeriet fekk eg treffe det arbeidande amerikanske folk. Somme snakka jamvel litt norsk, ein arv dei var stolte av: ”Det er godt og varmt her!”


   Mens eg var i River Falls, tok familien Evenson rett og slett og selde vaskeriet sitt til eit konsern! Tru kva som har skjedd med det sidan?