mandag 6. oktober 2014

AMERIKATUREN 16: "YOU'RE FROM WAY DOWN SOUTH"

Ja, kva dreiv eg på med dei seks vekene i Junaiten? Truleg gjekk no dagane utan dei store eventyra. Og bra var det. Kanskje det var det aller viktigaste med turen: Få vere ein nesten naturleg familiemedlem i ein nesten vanleg heim i ein vanleg småby i Midt-Vesten.
   Berre førti mil unna låg Minneapolis-St. Paul, "Twin Cities", som til saman var ein millionby. Du må vere lokalkjend for å skjøne kva tid du forlèt den eine av dei og kjem inn i den andre. Familien tok meg med på fleire besøk inn dit. Ein gong var me der og såg ein baseballkamp, utan at eg forstod så mykje av det.
   Så ein dag foreslo Dave at eg kunne ta ein tur til Minneapolis på eiga hand om eg ville. Eg kunne ta bussen inn om føremiddagen og heim att seinare på dagen. Det var ein god idé for oss begge: Eg fekk eit lite prosjekt å løyse, og han slapp å tenkje på kva me skulle finne på. Forresten var han sikkert på vaskeriet og stod i med sitt.
   Eg tok bussen, og susa av garde på dei breie vegane der det stod oppstilt det eine reklameskiltet meir prangande enn det andre langs sidene. På ein stopp kom det ein raudmosen kar og sette seg attmed meg i setet. Det lukta øl av han, elles var han både blid og hyggjeleg. Og pratsam. Han høyrde snart på engelsken min at eg ikkje var nett derifrå, så han prøvde denne: "Du er frå "way down south", det kan eg høyre når du snakkar!" Nei, eg er ikkje frå way down south, eg er frå way up north, frå Norway, sa eg. "No bløffar du, du er frå way down south, you speak too much English til å vere frå Noreg," meinte han. Så eg vart jo smigra, og eg veit ikkje om eg greidde å overtyde han.
   Kva eg gjorde i Minneapolis på eiga hand? Tja, eg rusla jo gatelangs, var innom eit bibliotek og såg på bøker, slappa av i ein park og tok bilete av Ole Bull, som stod der og spelte nett slik han gjer på Ole Bulls plass i Bergen. Og fann bussen som førte meg trygt tilbake over grensa til Wisconsin og heim att til River Falls

Ole Bull spelar fele i Minneapolis

2 kommentarer:

  1. I dag kom eg til Miami etter lang flyreise. Om 14 dagar er eg heime att, Var forresten i Washington og New York i 10 dagar for 3månader sidan, Har neppe så mykje å fortelje som Reidar, Flott - heng i Reidar - og så attpå til 50 år i ettertid!!!

    Svar

    SvarSlett
  2. Ikkje vent så lenge, du...

    SvarSlett