tirsdag 14. oktober 2014

AMERIKATUREN 22: BERMUDASHORTS OG KVITE SOKKAR

Eldstebror Arne påstod at det første han la merke til då eg kom heim att frå seks veker i Amerika i 1964, var at eg gjekk med kvite sokkar. Javel. Eg har eit minne frå svært tidleg barndom - kanskje eg var i tre-fireårsalderen då - at eg hadde eit par kvite sokkar på den tida. Bortsett frå det var det slett ikkje vanleg at karfolk gjekk med denslags på våre kantar.
   Men i Amerika, you know, der gjekk alle med kvite bomullssokkar. Så då eg var nedom butikkane i River Falls og dressa meg opp litt, kjøpte eg mellom anna bermudashorts og kvite sokkar. Fleire par sokkar. Begge delar vekte ein smule åtgaum i Flekke.  Kortbukse som rakk ned til knea, var heller ikkje vanleg flekkemote på sekstitalet. Men tillaupa til erting beit ikkje på meg. Dei som prøvde å erte, hadde ikkje vore i Junaiten, veit du.
   Mange år seinare var syster Liv Elisabeth på vitjing hos kjærasten sin i California. Då ho trefte han, braut ho ut i lått og peikte på sokkane. "Kva er gale med dei, alle går jo i kvite sokkar her," sa han ein smule fornærma. Og Liv måtte unnskylde seg og fortelje om broren som fekk så mange kommentarar om fottyet sitt.
   Same hausten kjøpte eg meg svart fløyelsjakke og lys bukse med pepitamønster. Slike plagg var heller ikkje komne på moten i våre krinsar. Bror Arne såg granskande på innkjøpet mitt då eg kledde meg opp og synte meg fram. "Men er det ikkje fint, synest du?" spurde eg. "Jau, fint er det. Men torer du gå med det?" svarte han.
   Mamma har fortalt at far hennar, altså den bestefaren min som var nesten ti år i Amerika, pla gå i dei lyse bestkleda sine om sundagane. Kleda han hadde med heim frå Amerika. Då var han så staseleg, tykte mamma. Noko heilt anna enn dei mørke vadmålskleda hine karfolka gjekk med.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar