torsdag 23. oktober 2014

AMERIKATUREN 26: PÅ UTSTILLING


Så var dagen opprunnen då eg laut ta farvel og forlate Wisconsin. Flyet gjekk om morgonen, og grytidleg den dagen vart eg skyssa til Minneapolis, kom meg på flyet og gjennomførte den første etappen. Til Kennedy Airport i New York.
   No var det inga sak å kome dit; det var lyse dagen, eg hadde vore der før, og eg tok meg lett fram til den internasjonale terminalen. Der fann eg disken til Icelandair og la fram to ønskemål: Kunne eg få utsett avreisa til dagen etter? Og kunne eg få endre reisemålet og gå av flyet i Stavanger, dersom det landa der òg,  i staden for Fornebu, som stod på billetten? Begge delar let seg gjere utan særleg om og men.
   Grunnen til at eg ville reise ein dag seinare, var at eg ville innom verdsutstillinga i byen, sidan eg no likevel var i New York. Så då fekk eg låst sakene mine inn i ein boks, fann bussen som gjekk til utstillingsplassen og lét det stå til.
   Der vandra eg rundt på den eine utstillinga meir spektakulær enn den andre. Vårt kjære fedreland hadde ingen eigen stand, berre ein slags souvenirbutikk attmed den svenske paviljongen. Nokre bunadskledde jenter stod og marknadsførte landet sitt, og selde varer med norsk design.
   Eg vart svolten og fann ein kiosk der dei selde mat og drikke. Kva eg ville ha i magen, hugsar eg ikkje. Men eg trudde det var sjølvbetjening og begynte å forsyne meg. Det skulle eg ikkje ha gjort, for ei illsint dunse kom og tok sakene ifrå meg med tydelege signal om kva ho tykte om åtferda mi, sjølv om eg prøvde å forklare mistaket. Og ein yngre fyr kom og snerra: ”So you kind’a help yourself, you!”


Utpå kvelden hadde eg fått nok av utstillinga, fann bussen og kom meg tilbake til flyplassen. No stod det att å vente ein heil kveld og ei lang natt før eg kunne kome meg vidare. Vakenetter var eg ikkje heilt ukjend med, så det gjekk på eit vis. Det var jo mange rare folk å sjå på, og greie nok benker å kvelve seg nedpå. Om eg duppa av litt, kan eg ikkje hugse. Men tida gjekk.
   Og så trefte eg Jesse James. Ein ung fyr, ikkje mykje eldre enn meg sjølv, fomla og balte med låsen til bagasjeboksen sin og trudde at det lét seg gjere å låse opp og att utan å ha på meir pengar. Eg kom i preik med fyren, og såg på kofferten kva han heitte. Så eg spurde jo om han var i slekt med den store revolvermannen med same namnet. Det spørsmålet hadde nok Jesse høyrt før, og noko svar fekk eg ikkje. Men ein hyggjeleg kar var han, og han lurte på om eg var frå Island. Det var eit underleg spørsmål, tykte eg. Korleis kunne han vite at dei første islendingane kom frå Sunnfjord? Nei, forklaringa var at han tykte eg snakka så likt islendingane, for han hadde vore stasjonert som soldat på Keflavik. Så det han høyrde, var nok det same som gubben på flyet til Minneapolis, som eg fortalde om her ein gong: Engelsken min røpa at eg ikkje var oppvaksen der i nærleiken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar