lørdag 11. oktober 2014

AMERIKATUREN 19: EIN UTFLYTT FLEKKING

På Vellene i Flekke kom det til verda elleve born i åra 1908 til 1929. Alle var gutar. Faren i huset jobba på fabrikk i Dale, og så hadde dei småbruket sitt.
   Hausten 1929 drog eldsteguten, Albert, til Amerika. Han hadde litt flaks, for same hausten råka børskrakket i New York landet som ein farang og førte med seg den velkjende og ille berykta depresjonen og verdskrisa i trettiåra. Ikkje lenge etter at Albert var komen til landet, vart det innført strenge restriksjonar på immigrasjonen, og arbeidsløysa steig og steig med skremmande fart.
   På sett og vis vart eg ein utsending frå heimetrakene mine denne sommaren i 1964, og fleire enn familien til Albert nemnde på at eg kunne jo prøve å snuse opp slektningane deira der borte. Det var grenser for kva eg kunne ta på meg av slike ærend, men for Løseth-familien var det annleis. Eg kjende jo godt fleire av brørne til Albert. Dei yngste kunne ikkje hugse eldstebroren; Anton var nett fødd då han forlét heimen for godt. Og både mamma og papen kjende fyren i gamle dagar.
   Ein dag mens eg var der borte, tok eg telefonen og ringde eit nummer i Minneapolis. Jau, det var Albert Loseth, no utan tødlar i etternamnet. Eg fekk presentert meg og bore fram ærendet mitt. Om det var mogeleg å treffe han? Jau, eg måtte berre kome innom sundag, då var han heime og ikkje på jobb. Eg prøvde å slå over til norsk flekkemål i samtalen vår, men då oppfatta han ikkje kva eg sa. Så då eg la på røyret og skulle fortelje Dave kva som hadde kome ut av praten, var eg ein smule språkforvirra og snakka like godt norsk til han òg. Han såg på meg med eit lurt flir og sa ingen ting før eg skjønte kva mål eg dreiv og prata med.
   Jau, eg innfann meg i heimen til Albert og frua i Minneapolis og hadde ei triveleg stund. Han var godt nøgd med livet og gav ikkje uttrykk for noka form for heimlengt. Om han hadde hatt problem med å få arbeid i krisetida på trettitalet? Å nei, han fekk alltid arbeid, han. Løsethkarane heime var forresten store kraftkarar og flittige arbeidsfolk. Og Albert ruva svært godt, han òg. Det var nok mange arbeidgjevarar som hadde bruk for han. "Jau, det var mange som gjekk arbeidslause i trettiåra. Men så vart Roosevelt president, og då vart det jobb til alle," meinte han.
   Tanta til Albert, ho Gudrun, budde i lag med mannen sin eit stykke utanfor byen. Henne hadde eg sett før, ein gong ho vitja gamle trakter. No tok Albert og kona hans meg med på ein biltur opp til henne. Mens Albert var ein sindig kar, var tante Gudrun impulsiv og full av liv og lått. Då ho fekk høyre kven eg var, og kva folk eg var av, vart ho hylande begeistra og tok ein runddans med meg på tunet. No fekk eg snakke litt norsk, for mens Albert og kona hans heldt seg til engelsken, preika Gudrun og mannen norsk seg imellom. Han var visstnok frå Bergen, om eg hugsar rett.
   No leid det mot kvelden, og fru og herr Loseth køyrde meg heim til River Falls før dei vende tilbake til Minneapolis.
   Albert kom aldri heim att til gamlelandet. Han døydde få år etter dette. Men kona hans og dottera vitja skyldfolket i Flekke seinare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar