onsdag 1. oktober 2014

AMERIKATUREN 13: VASKERIARBEIDAREN

Bestefaren min var ti år ”over there”, og lengta nok litt tilbake stundom. Ein periode arbeidde han i byggjebransjen i Chicago. Han tykte det var stas at dottersonen drog til Amerika, ”men han sku ha teikje seg arbei,” ikkje berre reist på tur, meinte han.
   No hadde det seg slik at eg tok meg arbeid. Heilt ulovleg, sjølvsagt, eg hadde jo ikkje arbeidsløyve, berre turistvisum. Men vertsfolket mitt dreiv vaskeri, og dei kunne ikkje berre stengje det fordi dei fekk vitjing frå Noreg. Både far Cliff, mor Thora og junior David var der og sytte for drifta. No tok dei seg nok litt fri når det høvde, men faktisk var pågangen med skite ty så stort at dei ein periode mens eg var der, laut utvide med eit ekstra ettermiddagsskift. Og så tok dei inn ein ulovleg lausarbeidar frå Flekke. Eg var med dei enkelte dagar og jobba. Mitt arbeid var å vinde opp handklerullar, slike du sikkert har tørka nevane dine i på ymse offentlege toalett. Du kan ikkje hive ein slik rull inn i vaskemaskinen sånn utan vidare. Han må vindast ut og lagast til ei slags hespe. Dei hadde ein liten maskin som gjorde mesteparten av jobben, men eg måtte hjelpe til. Betalinga var ein dollar i timen. Altså sju kroner og femten øre. Til samanlikning kan eg nemne at Mathias Flekke i den første jobben sin i Amerika fekk ein og ein halv dollar for dagen, noko som i 1890 svarte til kroner 5,50. Då arbeidde han på ei linmølle. Ein ung kollega på vaskeriet kommenterte jobben min: ”Reidar har sikkert høyrt at amerikanarane har plenty of everything. Men når han kjem heim, fortel han vel at det einaste dei hadde plenty av, var handklerullar.”
   Temperaturen ute låg på over tretti grader i skuggen dei fleste dagane eg var der, ein gong opp i 37. Inne i vaskeriet var det mykje varmare. Men eg var van med å arbeide under svært varme tilhøve; du skulle ha vore med og stappa turrhøy inn under bølgjeblekktaket i gamleløa vår i Flekke på heite sommardagar.
   I vaskeriet fekk eg treffe det arbeidande amerikanske folk. Somme snakka jamvel litt norsk, ein arv dei var stolte av: ”Det er godt og varmt her!”


   Mens eg var i River Falls, tok familien Evenson rett og slett og selde vaskeriet sitt til eit konsern! Tru kva som har skjedd med det sidan?


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar