onsdag 22. oktober 2014

AMERIKATUREN 25: WILD, WILD WEST

Eg har visst nemnt at Jim tok meg med på telttur ut i South Dakota. Der ute krydde det av indianarar, revolvarmenn og cowboyar. Vel, eg må tilstå at det ikkje var så mange att i 1964 då me var der. Men nitti år før vårt besøk fann dei gull i Black Hills, og då vart det liv, kan du tru. Der det finst gull, finst det kjeltringar. Her ute herja dei vilt, ho Calamity Jane og han Wild Bill Hickok.
   Indianarane, som  åtte landområdet, hadde minimale sjansar til å hevde sine avtalefesta rettar då  bandittane, gullgravarane og andre eventyrarar og investorar dukka opp i store flokkar. No stod det ein og annan og stilte seg ut i bunadene sine så turistane kunne fotografere. Det same gjorde oldtimeren nedanfor, som ikkje eingong hadde hest, men måtte nøye seg med eit muldyr. Etter fotoseansen rette dei fram handa og sa: "We ask for donations."
Ein retteleg stor attraksjon var Mount Rushmore med dei fire presidenthovuda hogne ut i fjellet. Eg fekk sjå Deadwood og skjønte kvifor namnet passa på området. Elles var det svært så naturskjønt og dramatisk ulikt dei austlege delane av staten.
   Men før me kom til Black Hills, og etter visitten der ute, kryssa me dei endelause slettene i Sør-Dakota. Jim og eg låg i telt tre-fire netter. Eg fekk oppleve kor flat prærien faktisk er. Eg såg ekte bisonar, eller bøflar, som dei feilaktig vert kalla i indianarbøkene. Bøffel er i grunnen eit anna dyr. Tja, ekte og ekte... Dei eg såg, verka ikkje så fyrige og ville som i cowboyfilmane. Men dei var freda og hadde ikkje flokkar av hylande indianarar eller lystskyttarar i forbipasserande jernbanetog å passe seg for.
   Well - det beste med turen var trass alt dei lange og gode samtalane eg hadde med reisefelagen min, James Rupert.

 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar