mandag 13. oktober 2014

AMERIKATUREN 21: LØER I WISCONSIN OG PÅ IGELKJØN



Her har eg stole eit bilete frå nettet med teksten "Wisconsin Barns". Dei løene eg fekk sjå der borte, hadde nok eit meir moderne snitt, men takprofilen var mykje i same stilen. Mange av løene hadde eit avrunda tak som sikkert kvilte på stålbøylar. Somme hadde ein liknande knekk som desse to. Me snakkar då om mansardtak. Det var sjeldsynt å sjå eit vanleg norsk beint saltak.
   Morfaren min, Pitter'n Ilkjen, kom heim frå Amerika etter nær ti år, gifte seg med bestemora og overtok farsgarden. Han hadde hatt ein tur heimom eit par år tidlegare, Kanskje han fridde, kanskje han ordna med overdraging av bruket. Ikkje veit eg. Eg spurde han ein gong om kvifor han ikkje vart verande der borte når han var så godt i gang. Då skulda han på at faren gnålte og maste om at han måtte kome heim og overta.
   I alle fall gjorde han så. Etter nokre år bygde han ny løe. Og korleis såg ho ut (og ser delvis ut slik den dag i dag)? Jau, slik:

Då eg kom tilbake frå USA, påpeikte eg at han måtte ha fått ideen frå Wisconsin då han bygde løa. Men han bles av det. Han laut gjere det slik, for han hadde ikkje sperrebjelkar som var lange og sterke nok viss han skulle strekkje dei beint. 
      Men eg lurer no på om ilkjensløa hadde sett ut som ho gjer, viss bestefar ikkje hadde sett løene i Wisconsin og snusa på teknikken med noko så unorsk som mansardtak.

2 kommentarer:

  1. Peter hadde eit syskenbarn i Amerika med same namn, nemleg Peter Jarstad. I nekrologen etter svigersonen hans, Lyle Jessie finn ein faktisk bilete av ei liknande løe.

    https://www.geni.com/people/Lyle-Jessie/6000000052735689935

    SvarSlett
  2. Peter og Elisa var så vidt eg veit kjærastar før han drog i 1905, så det var nok heilt sikkert slik at ho venta på han og lurte på om ikkje dinna amerikafararen hennar snart skulle komme heim og slå seg til ro slik at dei kunne gifte seg og stifte familie.

    SvarSlett