onsdag 29. oktober 2014

AMERIKATUREN 29: NÅR NAUDA ER STØRST ...

Klokka nærma seg ti, det mørkna og var hustre i vêret. Men dette var før Stavanger by var ein av dei dyraste byane i verda. August 1964 var lenge før oljå. Eg rusla opp i byen og snubla over eit lite pensjonat der eg fekk meg eit rom for natta utan å blakke meg. I lommeboka var der nokre dollars og litt norsk valuta. Takka vere svart arbeid på eit vaskeri i Wisconsin var eg ikkje heilt snau etter seks veker over there.
   No vart det ikkje så fredeleg og god svevn den natta som eg skulle ønskje. Tanken på bagasjen som var på veg til Bergen, uroa meg, likeeins utsiktene til å kome seg nordover neste dag.
   Dagen etter synte det seg at stoda ikkje var så ille. Eg kom meg ned på kaia, og der kunne dei fortelje at eg fekk ta snøggbåten til Bergen og bruke billetten eg gjekk med i lomma, med litt tillegg ettersom denne båten var litt dyrare. Men dessverre var morgonruta innstilt på grunn av dårleg vêr. Eg laut vente nokre timar til ettermiddagsbåten skulle gå, men då ville eg kome meg til Bergen før kvelden.
   Her var det snakk om dei nokså ferske hydrofoilbåtane, som etter kvart vart eit kjent fenomen på kysten. Me kalla dei stundom for hydrofeilar, for det feila dei ofte noko slik at dei var ute av drift. Denne føremiddagen var det vêret som var feil.
   No var eg noko lettare til sinns, sjølv om det regna og bles og var så surt at eg gjekk og kjøpte meg ein burgunderfarga v-genser og ein paraply. Den garderoben som eg ikkje stod og gjekk i, låg vonlegvis ved kaia i Bergen, pent nedpakka i ein brun koffert.
   Utpå dagen sessa eg meg i den flotte hydrofoilen, Sleipner eller Vingtor, måtte det vel vere. Turen til Bergen gjekk i ei snøggvende, i brott og bram. Båten heiv seg til sides og i djerve byks framover. Men fram kom me. Utpå kvelden la me til kai i Bergen attmed nattruta. Eg spaserte om bord, og bagasjen min låg pent og pynteleg der eg hadde lagt han.
   Så då var det berre å runde Vågen og ut til fylkesbåtkaia og sjå om eg kunne kome vidare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar