torsdag 30. oktober 2014

AMERIKATUREN 30: SISTE ETAPPE

Eg skal ikkje gløyme kvelden, augustikvelden du veit... Nei, det var ikkje den kvelden då Gud heldt fest i Fjaler. Men eg hadde kome meg heilskinna tilbake til kjende trakter frå Amerika og Stavanger og hadde ein mykje betre kveld enn kvelden før, då eg vart akterutsegla. No smilte lukka til meg. Eg gjekk strake vegen til fylkesbåtkaia og rakk akkurat å kome meg med nordfjordbåten som skulle innom Askvoll utpå natta. Og då var det berre å vente på sunnfjordbåten. Tidlegare var det ei båtrute til Førdefjorden og ei til Dalsfjorden. No var dei slegne i hop. Så den båten eg venta på, kom ut Førdefjorden, var innom Askvoll og deretter skulle han inn Dalsfjorden og vende i Bygstad, og så ut att og til Bergen by. På vegen inn Dalsfjorden skulle han altså inn Flekkefjorden til Flekke ein tur. Tidleg på føremiddagen skulle eg vere heime.
   I Askvoll gjekk alt etter planen. I land frå ein båt og om bord i den neste etter ei stund. No kjende eg meg så ovanpå at eg la meg trygt og godt ned på ein benk og sovna. Det hadde ikkje vore for mykje svevn dei siste nettene. Ikkje natta før eg forlét Wisconsin og stod opp grytidleg for å nå flyet i Minneapolis. Ikkje natta på Kennedy-flyplassen, ikkje natta i flyet til Icelandair, ikkje natta i Stavanger. 
   Så no gjekk eg glipp av å vere vitne til ein av dei fagraste båtturane du kan tenkje deg: inn Dalsfjorden, inn Flekkefjorden med soloppgang ein krystallklar grytidleg seinsommardag.
   ZZZZZZZZZZZZZZZ
Eg bråvakna og skjønte at båten låg i ro. Kva var det for noko? Ein smule omtåka kom eg meg opp or salongen og såg at me låg ved bryggja ... i Flekke! Eit blikk på klokka avslørte at me sikkert hadde lege der i snart ein time, og at båten var klar til å leggje frå kai. Så då var det berre å kome seg i land. Så ringla dei med bjella i båten og gjorde vendereis.
   No hadde det vore meir flautt enn farleg å verte med eit stykke til. Eg hadde vel hamna i Dale eller i Bygstad, så då hadde eg nok kome meg heim den dagen. Men no var det berre å spasere den siste biten heim. På vegen møtte eg eldstebror Arne, som skulle til Dale på jobb og begynne litt seint den dagen. Det første han la merke til, var at eg hadde kvite sokkar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar