torsdag 31. desember 2009

TAKK FOR DET GAMLE

Nyårsafta går mot kveld, natt og nytt år. I år har det skjedd utan dramatikk så langt, og truleg held den rolege, gode stemninga seg til neste år. I fjor døydde mamma tidleg på nyårsafta. Så då feira eg overgangen til det nye året i lag med syskena mine. Det var forresten ei roleg og god feiring, den kvelden.

I år er me inntil vidare tre. Tore fer nok på rek om ein time eller to, så då er me tosame, Anne og eg. Hannah og Vegard forlet oss måndag. Tore drog til by'n sundag, men kom att i går.

I mange, mange år var det store feiringar denne kvelden og natta. Grannar, vener og ymse andre tok del. Som regel var me hos nokon og åt tidleg på kvelden, viss dei ikkje var hos oss. Og seinare skjedde litt av kvart. Dei siste åra har livet roa seg, også nyårsnatta. Det gode måltidet tidleg på kvelden har vore i familiens skjød. Som regel har me stukke innom eit nabohus etter rakettoppskytingane. Kanskje me gjer det i kveld og, eller kanskje me går heim til oss sjølve, kanskje me ikkje går ut og ser på fyrverkeri heller, spinnkaldt som det er.

For førtifem år sidan sat bror Steinar og eg stappmette av ribbe (= pinnekjøt) nyårskvelden og lurte på kva me skulle ta oss til. Ingen avtalar, ingen planar. Men me kunne vel gå ned til Hustveit-folket og sjå kva ungdommane der i garden hadde føre? Og kvifor ikkje gå julebukk, sjølv om det ikkje var trettandafta? Me hadde nett fått opp ny varmtvasstank heime, og den digre kartongen stod i eit uthus. Den henta me og skar to runde hol i, så han likna på utedobenken vår. Den tok me med oss, samt kamuflasje til hovuda. Utanfor Hustveit-døra kraup me inn i den digre kartongen, skjulte vår identitet og banka på. Så trippa me inn, sitjande på huk slik at høgda vår ikkje kunne røpast. Me dansa litt rundt og grynta julebukkmål, og hustveitane stod berre og måpte. Heilt til far i huset, Audun, las på ein merkelapp: "Ragnvald Kyrkjebø, Flekke i Sunnfjord" ... "Søren og," sa Steinar etterpå, "eg fjerna jo ein merkelapp før me gjekk. Der må ha vore to!" Dei lo godt åt oss, men sidan ungdommane i huset ikkje var heime nett då, skulle me vente og krype på plass i kartongen når dei kom om ei lita stund. Det gjorde me, og denne gongen var det ingen merkelapp som røpa oss. 

1 kommentar:

  1. Kosar meg.Har nett lese bloggen din om julebukk-kostyme.Orginalt vil eg sei,synd at den "fordømrande"namnelappen sku røpe dåke.Hadde 9 julebukkar på besøk,var nok andre kostymer dei hadde,dei minste med god assistanse av Marte.Den eine som juletre,bra likt.Sang vakkert til meg,gjorde dei og

    SvarSlett