onsdag 20. januar 2010

PENGAR OG BØKER

No har me snart ikkje plass til fleire bøker i huset. Bokhyller kvar du snur deg. På veggen ovanfor her eg sit og skriv, er det ei lang rekkje med barnebøker. Og det er ikkje den einaste hylla med slike bøker. Mesteparten av dei er ungane sine. Men ein bra slump har eg frakta med meg heimanfrå.
   Det kom ikkje berre blod og sveitte ut av vedsaginga på Flekke skule. Når årsoppgjeret kom, sat eg der med ein formue på hundre kroner. Papen overrekte den raude pengesetelen og nemnde i forbifarten at det var han som laut skatte av han. Eg nytta pengane på beste vis: Kandissukker og bøker. Mest det siste, vågar eg å tru. Og litevetta hamna nok på ei raud postsparebankbok. Inger Hustveit limte sirleg inn inskotsmerke, skreiv tekst, signerte og stempla.
   Men ein bra slump gjekk til boktinging frå Norsk Barneblads forlag. Eg fylte ut postgiroblankett, skreiv opp kva bøker eg ville ha, gjekk i posten, betalte og gjekk heim og venta. Viss eg tinga for minst førti kroner, fekk eg 25 % rabatt og bøkene portofritt tilsende.
   Det var nesten julehøgtid den dagen pakken kom, bøkene utpakka og klare til å slukast. Dei handla om alt mogeleg, frå ville ferder i Sibir, maktkamp i svensk seinmellomalder, ungar i norske skogsbygder og fiskevær, riddarar og røvarar i England og rampungar ved Mississippi. Somme av bøkene las eg om att og om att, og dei vandra på utlån hos andre gutlarvar i Flekke. Det kom mykje varme ut av vedsaginga.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar