Eplehausten i år er så som så, og på biletet ovanfor ser du heile avlinga. Håkonsapalen er på full fart opp att etter at han for to år sidan vart skoren ned nesten til bakkenivå. Den halvmeter høge stuven har skote mange nye renningar, og kvar av dei har produsert mange nye skot. Trass i omhyggjeleg beskjering i vår er han tett og frodig. Men det kom ikkje ein einaste blome på han i vår, og såleis er det ikkje å undrast at han ikkje ber frukt
Den vesle nyplanta discoveryapalen produserte tre vakre og gode eple i fjor, første året me hadde han. Då skreiv eg i bloggen at det vert nok fleire i åra som kjem. I vår blomstra han pent, og det laga seg til nokre knytingar. Men ein sein julidag bles det opp til stiv kuling. Apalen stod og stritta imot lenge, så sleppte han det eine eplet etter det andre før vindròsene tok slutt. Att heng det eitt einsleg eple, og eg fryktar at det attpå til er makkete. Men det heng der no. Så me lyt berre vente til neste haust. Kanskje det vert eit kronår for begge aplane?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar