Yngsteguten min har påpeikt at det er dårleg balanse mellom no og då i dei tankane eg kunngjer på denne nettstaden. Her er lite om notida og mykje om gamle dagar. Det får så vere. Eg er vel snart tom for stoff frå femti- og sekstitalet, for ikkje å seie førtitalet.
Så var det denne gamle sjuande-sansen-dagboka mi frå 1960 då, som opplyser om lite anna enn bursdagar og høylass. Men i dag for femti år sidan står det at eg tok til på nytt skuleår på realskulen/den linedelte ungdomsskulen. I klasse 9g3b, står det. At det var niande skuleåret er greitt, og at det var ein a- og b-klasse hugsar eg. Men kva tretalet står for, er meg ei gåte. Svaret er kanskje at det var ein treårig realskule. Sikker er eg ikkje. I fjor på denne tida skreiv eg fleire innlegg om det første realskuleåret, så det vert ikkje repetert her. No i andre klasse (eller niande, dei var ikkje konsekvente med nemningane) kom eg i lag med ein del av dei som eg hadde gått i klasse med året før, men det var og ein del frå den andre klassen. Så kom det nokre heilt nye fjes, elevar frå ulike kantar av landet som var innlosjerte på gamle Vevang og var pensjonatskuleelevar.
Denne hausten flytte me inn i det nye, flotte skulebygget til Fjaler linedelte ungdomsskule. Det meiner eg bestemt, sjølv om det på heimesida til skulen står at skulen vart teken i bruk etter jul i 1961. No hugsar eg fint lite av det som hende og ikkje hende hausten 1960. Det var kanskje slik at me flytte inn så småningom tidleg på hausten, men at skulen var fiks ferdig og feira seg sjølv med ein opningsfest etter jul. Eg har eit svakt minne til ei slik høgtid, men eg hugsar slett ikkje kva tid det var.
Den viktigaste endringa eg greier å grave fram or nokre av dei gamle hjernecellene mine langt der bak i skolten, var at me ikkje fekk kaste vekk ein sløydtime med å gå dei bratte bakkane opp til folkeskulen på Dingemoane og ha sløyd i den kritisk tronge kjellaren der oppe. Der måtte du ha griseflaks om du fann att det produktet du var i gang med å lage veka før. No fekk me fine, nye formingsrom, mellom anna med ein ambolt som me dreiv vektløfting med. Her skulle ein få drive med meir enn berre tresløyd.
Ei sak til: Då skulen vart opna som ein av dei første ungdomsskulane i landet, stod det ei overskrift i ei osloavis: "Sogn fikk flott skole" ... Ei overskrift som vekte mykje sinne i bygda og i bladet Firda.
Tykkje da æ kjekt å lese om gamle dagar eg, så høyr heller på fadderbarnet ditt enn yngsteguten... :-)
SvarSlettNeste innlegg vil eg skal handle om hasselneter, nettopp fordi eg veit du kan litt om dette og det var tema på utflukt med pasientar på Hauland idag. Litt om kortid dei skal haustast og prosessen vidare...eller har du skrive om dette før kanskje ? Ser ut som det er ein del neter (er det rett skrive?) i år. Fortsett å skriv du, så kan Tore halde seg til Facebook ;-) Mvh Randi
Takk for det, kjære gudbarn. Til det språklege: Nòt-neter er lovleg klammeform. Hovudforma er dessverre for oss flekkingar nøtt-nøtter. Og busken skal stavast hassel, ikkje hatle, slik me ville seie.
SvarSlettSå får me sjå om eg kan skrive om neter ein vakker dag.
Forresten, lat meg leggje til at det eg skreiv ovanfor, handlar om offisiell rettskriving. Du og eg må gjerne skrive ei nòt, hatlar og hatleneter, iallfall når me ikkje opptrer i rolla som offentlege tenestefolk.
SvarSlett