tirsdag 12. oktober 2010

KVIT SKJORTE OG SLIPS

Eg putla med nokre gamel bilete og møtte meg sjølv som skulemeister og nittenåring på Nordanger skule på Radøy. Eg legg merke til at eg faktisk har kvit skjorte og slips på meg under den fine jakka som mamma har spøta.
   Nei, kvit skjorte og slips har aldri vore arbeidshabitten min. Langt ut på syttitalet og sikkert endå lenger var det ein heil del lærarar på vidaregåande skular som dressa seg svært opp når dei gjekk på jobb. Iallfall på det som før i tida heitte gymnas. Dei var jo lektorar eller til nød (slik som eg) adjunktar. Dei var med i Embedsmennenes landsforbund. Dei var embetsmenn. På sett og vis er eg ein av dei siste embetsmennene, om vi set godviljen til. Etter tre år som lærar eitt år i slengen var det departementet som i 1976 tilsette meg som adjunkt på Kvinnherad gymnas. Men det trur eg var siste året at departementet hadde det endelege ordet. Sidan den tid har fylka fiksa denslags sjølve. Og no er det fleire år sidan me vart utelukka frå statleg tariffoppgjer og flytte over til KS.
   Men kvit skjorte og slips vart ikkje uniforma vår på Kvinnherad gymnas. Rektor Leiv Døssland gjekk støtt i blå busserull, og dei fleste av oss andre gjekk nokså halvkvardagsleg kledde. Slik har me halde fram. Skulen miste forresten den akademiske dominansen etter få år. Det vart ein kombinert vidaregåande skule med eit breitt spekter av både lærarar og elevar. Også i klesvegen. Dressar ser me lite til.
   Men kvifor går den unge jyplingelæraren på Nordanger med kvit skjorte og slips? Sanninga er at biletet er arrangert. Bror Steinar besøkte meg denne helga, og no er det sundag. Det er berre oss to i klasserommet. Det med kleskodane på femti- og tidleg sekstital fortener nokre ord. Me stasa oss opp med kvit skjorte og slips både laurdags kvelden viss me skulle på dans, og om sundagane. Det var helg. Helg var noko anna enn kvardag. Til og med me unggutane dressa oss litt opp då.
   Men eg gjekk trass i alt med strikkejakke denne sundagen.

3 kommentarer:

  1. Så flott kledd som dette, har eg aldri sett deg før på arbeid. Det næraste eg kan huska til denne flottheita må vera dei gongene du kledde deg som ein franskmann, då du skulle til fransktime.

    SvarSlett
  2. Det la du merke til. Tør eg nemne profilbiletet mitt på feisbukk?

    SvarSlett
  3. Ja, det har jo pynta opp heile feisbukka i lang tid

    SvarSlett