Denne leiken er så merkverdig at eg lurer på om det var me ungane heime i Flekke som dikta han opp. Først vart ein av oss utnemnd eller vald til slengje. Det gjekk ut på at ein skulle slengje dei andre i tur og orden slik at dei datt om koll. Den som slengde, skulle gå rundt og evaluere dei som låg på bakken, og peike ut den som låg styggast eller finast, alt etter kva me hadde vorte samde om før slenginga. Det var kjekkast å bruke varianten med å dette stygt, og den som då låg mest forkrøpla, hadde vunne og skulle få slengje neste gong.
Me kom som regel heim til mammene våre med nokså skitne klede når me hadde leikt slengje.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar