tirsdag 5. oktober 2010

LÆRARDAGEN

Dette visse eg ikkje då eg gjekk på arbeid i dag og skulle ha sju undervisningstimar; fem i mine eigne fag og to vikartimar for ein kollega. Men då eg var innom direktoratet no i kveld, fann eg dette:
  
   Gratulerer med dagen, lærere! 5. oktober er Verdens lærerdag, og vi feirer alle nåværende,     
   forhenværende og kommende lærere!
   Send et e-kort til læreren i ditt liv!
 
Men her sit eg og har ikkje fått eit einaste e-kort, kva no det er for slags kort. Eg får kanskje gå tilbake og trykkje på koplinga og sende eitt til meg sjølv, slik gubben Sindre Piltingsrud på gamleheimen i Aukrusts Flåklypa gjorde kvar jul. Nei, då var det ikkje e-kort, men julekort, sikkert med ein nisse, ein kjelke med juletre og full snøvinter. Eller englar og sauer. Ja, skal tru korleis desse e-korta ser ut? Vent litt ...
   Mens me ventar på at kortet skal kome fram til rette vedkomande, kan eg skrive litt til. Læraren i mitt liv?  Favorittlæraren min? Det var eit vanskeleg spørsmål. Grannekona Sigrunn i Flekke kunne gjerne nemnast. Ho tente som blottande ung frøken på Flekke skule eit år lenge før ho og Oddgeir'n flytte til Flekke og overtok nabobruket. Ho hadde ansvaret for småskulen då eg gjekk i tredje. Ho var kjekk og grei, ho, og me lærte det me skulle og vel så det. Men eg hugsar fint lite frå det året, kanskje fordi det var eit heilt greitt skuleår. Dei andre seks åra på Flekke skule hadde me sjølvsagt Sigurd Årøy. Me lærte mykje rekning og norsk rettskriving med han. Han skal ha ros for at han sleppte Peter Kåre og meg laus i ymse rekneverk på eiga hand når me kjeda oss i reknetimane. Realskulen? Gymnaset? Universitetet? Bevares, eg har hatt mange bra lærarar, og sjølv har eg nok lånt ein og annan idé frå mange av dei. Og lånt idear frå somme om kva eg ikkje skal gjere som lærar. I staden ar eg utvikla mine eigne uvanar, som eg ikkje kjenner eller forstår, men som elevane mine kan sladre om når eg ikkje er til stades. Kanskje. Men eg trur ikkje eg skal peike ut nokon som "læraren i mitt liv". Det måtte i så fall vere mamma og papen. Og Anne. Kanskje sønene mine. Storebrørne var gode lærarar. Likkjesysta òg.

   Og så dette kortet, då. Slik ser det ut, og i tillegg er det plass til påskrift.



Men det endelege kortet med helsing frå meg til meg er ikkje kome fram enno, to timar etter at eg prøvde å sende det. Fattar ikkje kva epostbodet tullar med. Då får eg nøye meg med å vise sjølve illustrasjonen og kanskje kome tilbake til saka ein annan dag.

4 kommentarer:

  1. Synd for deg dette, at du ikkje har fått noko kort. Eg sender deg eit som du kan bruka som plaster på sjelesåret

    SvarSlett
  2. Takk, Gunnar! Kortet ditt kom fram, men det som eg prøvde å sende til meg sjølv, kom aldri fram. Har epsotbodet underslått det, tru?

    SvarSlett
  3. Du er nok gjennomskua. Knepet med å sende helsingskort til seg sjølv er oppbrukt og funkar ikkje lenger. Sindre Piltingsrud kom deg i forkjøpet der. Sorry.
    Men godt å ha meg som ven då :-)

    SvarSlett
  4. Ja. Gode grannar, kollegaer og vener har vore svært verdfulle lærarar for meg dei siste 36 åra.

    SvarSlett