søndag 24. oktober 2010

SPENNE PINNEN

Dette er ei slags vidareføring av gøymespel. Her og er det snakk om at ein deltakar skal leite opp folk som har gøymt seg. Men leiken er meir innvikla enn som så. Først må me rigge til to steinar med ein pinne over. Har me to mursteinar, er dei nett passelege, iallfall om me legg dei på sida med ein avstand på tretti-førti centimeter. Oppå der ligg pinnen. Så skal den som står, både vakte pinnen og leite opp folk. Det er ein krevjande jobb. I motsetning til gøymespel er det her nødvendig å sjå minst halve personen. Og gjer du det, må du springe det du vinn og ta pinnen før den du har avslørt, når fram og spenner han langt bort i haugane. Rekk du pinnen først, ritar du mellom steinane og forkynner at vedkomande er teken. Slik held me på til alle er fanga. Men så kan det hende at nokon greier å spenne pinnen. Og då er alle dei som til då er tekne, frie til å gøyme seg på nytt. Det må dei gjere før du rekk tilbake til steinane med pinnen og strekar mens du forkynner namna på dei som ikkje har kome seg i skjul. Greier du så å avsløre alle, kan me ta ei pause, eller den som først vart teken, lyt stå og vakte pinnen neste gong.
   Dette er definitivt ikkje nokon leik som passar innandørs, men det er råd å prøve. Då må iallfall krystallvasane berast ut på kjøkkenet.

2 kommentarer:

  1. Hårlugg var det ein leik ? Meinar eg hugsar det, men ikkje kva den gjekk ut på...

    SvarSlett
  2. Ja, det er ein leik me må prøve å hugse. Me lyt kome tilbake til det, kjære niese.

    SvarSlett