I dag har det vore ein grapsen, grå innedag. Då kan det passe med ein inneleik. Leiken høver godt i eit juleselskap med besteforeldre, onklar, tanter, syskenborn og kanskje endå fleire i tillegg til kjernefamilien. Det er ein grei leik på det viset at dei fleste kan sitje i ro i sofaen og knaske neter eller skrelle ei appelsin mens leiken pågår. Eg var på ekskursjon til Oslo denne veka i lag med ein liten flokk elevar som fekk vitje Storting, NRK og meire til. Allereie då me steig av flytoget og kom inn i hallen på Oslo S, møtte blikket vårt eit vakkert pynta juletre. Eg var forferda over all den julestasen som allereie var å sjå i byen. Det var ei alvorleg påminning om at helga nærmar seg med stormskritt, og at me bør øve på juleleikar. Du kan godt få med deg store og små og prøvekøyre denne leiken i morgon på farsdagen, om de er mange nok til stades. Eg meiner det bør vere minst fire, helst fleire, men teknisk sett er det mogeleg med berre tre.
Det må vere to som går og kviskrar mens dei andre sit i ro. Det er og råd å bruke fire stykke til denne jobben, noko som er ei grei løysing dersom det er eit stort selskap. Me ser for oss at alle skal fortelje om ei reise dei har gjort, og om det dei har opplevd på den reisa. Den første som går og kviskrar, fortel kvar den enkelte har vore. Den neste fortel kven me møtte der. Den tredje fortel at den reisande fekk eitkvart av den ho møtte. Den fjerde fortel kva gåva vart brukt til. Viss det er berre to som går og kviskrar, kjem den første med opplysning ein og tre, den andre med opplysning to og fire. Me bør ha fire viktige reglar i hugen: 1: Dei som kviskrar, skal ikkje samarbeide, dei skal ikkje røpe for kvarandre kva dei seier. 2: Dei som får opplysningane, må ikkje gjenta høgt det dei høyrer. 3: Kviskrarane skal bruke fantasien så frodig dei berre vinn. På det viset vert det skapt historier som skal få oss til å le høgt og lenge. 4: Dei som sit i ro og får informasjon, må skjerpe seg og hugse kva som vert kviskra.
Når kviskringa er over og alle har fått sine fire ord i øyro, fortel ein og ein om ferda si. Då kan det verte til dømes slik: "Eg kleiv opp på stabburstaket. Der møtte eg dronning Sonja. Ho gav meg ein grisehale, og den brukte eg til å pusse tennene med." No bør alle le, og så går turen til neste som fortel om sin tur. Og når alle er ferdige, har me høyrt om allslags utrulege eller trulege reisemål: Folk har klatra opp i lyktestolpar eller krope ned i lomma til bestefar, vore i Moskva eller rett og slett gått og lagt seg i si eiga seng. Den same variasjonen er lovleg når det gjeld personar frå samtid og fortid, frå dikting eller kvardagslivet, ja, kanskje både dyr og skrømt.
Får håpe at folk ikkje er så utskjemde med allslags reiser i våre dagar at dei ikkje finn hugnad i å leike Fire ord i øyro.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar