tirsdag 21. desember 2010

DEN STORE BULKEDAGEN

Eg greier ikkje å dy meg, eg lyt hengje ut broder Steinar ein liten smule. Ikkje for å hengje han ut, men altså: I kveld hadde dei eit lite innlegg i dagsrevyen om den store bulkedagen, 22. desember, altså i morgon. Det gjer dei rett i. Det er den dagen i året det er registrert mest bulking på bilar. Folk hastar av garde til butikken, glatt er det og ofte laber sikt. Så går det slik det må. Denne åtvaringa frå NRK kan bli dyr for bilverkstadene, men spare bilistane og forsikringsselskapa for store summar.
   For noko slikt som førti år sidan var Steinar heime i Flekke og skulle feire jul. Han lånte bilen til vår bror Arne for å køyre til  Dale og kjøpe ei julegåve til bileigaren og familien hans. På vegen, som her og der var smal og svingete, oppstod det ein situasjon som påførte den lånte bilen ein høveleg bulk. Ikkje verre enn at Steinar'n fekk utretta ærendet og kjøpte ein vase eller noko slikt. Sjølvsagt gjorde han opp med broren sin for tort og svie på bilen. Men seinare når me sat i stova heime hos Arne, sukka Steinar og peikte på vasen: "Ditta e den dyraste julegåva eg noken sinne he kjøpt!"
   I morgon skal eg køyre til Haugesund eit nødvendig ærend. Eg skal  tenkje på NRK, bilen, føret, bror Steinar og vasen til Arne. Men julegåvene har eg allereie kjøpt.
 

2 kommentarer:

  1. Eg sluttar meg til NRK sitt utsagn: Køyr varsamt Reidar

    SvarSlett
  2. Takk for det! Med di og NRK si hjelp gjekk det fint. Kom heim att i beste velgåande, både bilen og eg.

    SvarSlett