Eg snakka med Steinarbror på telefonen i dag, og me kunne ikkje unngå å nemne det hissige regnvêret som gjesta både Valen og Bergen i natt og i dag tidleg. Steinar'n klaga over den øyredøyvande tromminga frå regnet. Eg meinte likevel at det kunne vere ein godlyd, å høyre kor haustregnet piska når ein sjølv kunne prise seg lukkeleg for å vere inne i ei lun og tett stove. Då laut Steinar nemne kor regnet kunne tromme så ofseleg på bølgjeblekktaket i gamleløa heime i Flekke. Dette hadde han kome i hug i dag då uvêret velte over Åsane. "Ja, men det var ofte ei herleg stund å kjenne seg turr og trygg nede i turrhøyet når me høyrde korleis regnet herja på låvetaket," meinte eg. Då la Steinar til: "Ja, men det å høyre merra i stallen tyggje og knuspre i seg turrhøy, var ikkje det ein vakker og trygg godlyd?" Ja, sjølvsagt var eg einig. Og så minte eg om lyden av lukkelege svaleungar oppe i reira på takbjelkane når foreldra kom heim med nebbet fullt av fluger og mygg til kveldsmat.
Lydane sit fast i øyro våre etter dei femti åra som har gått sidan me slutta å ha turrhøy i gamleløa, og lukta av turrhøy kjem og kitlar i nòsa når me tenkjer på dette.
Forresten har eg brukt emnet i eit gammalt blogginnlegg som du finn her!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar