fredag 21. mars 2014

FLEKKEMÅL 6: SPRÅKFORVIRRING?

Her kjem den siste forelesinga om flekkemålet i denne omgangen. Det er som eit etterord å kalle.
   I meir enn femti år har eg budd andre stader enn i Flekke. Difor vonar eg at folk vil tilgje meg for ei viss utvatning av det originale talemålet. Det begynte med tre år på Sandane i Nordfjord. Så kom det fleire år i Bergen med alskens folk i ymse omgangskrinsar. Ikkje minst med gode vener frå Nordfjord som studiekameratar. Og sommarjobbar i Gloppen. Alt dette gjekk ikkje upåverka hen. Når eg var heime på ferie, påstod dei at eg hadde pådrege meg nordfjordtonefall. Eg merka det ikkje sjølv og hadde vanskeleg for å tru det. Ein gong fortalde to jenter frå heimetraktene mine at dei hadde treft på ein kar med eit tonefall i pratet som verka kjent. "Han snakkar jo nesten slik som Reidar'n,"  sa dei seg imellom. Karen ville vite kven dei snakka om og fortalde det. "Men håno kjennje eg!" sa han. Han var frå Sandane i Nordfjord.
   Seinare vart det eit par mannsaldrar i Sunnhordland. Her har det ikkje vore mange fjordingar å snakke med. 
   Eg har ikkje vore flink til å tvihalde på alle dialekttrekka eg har omtalt dei siste dagane. I lærarjobben har eg ikkje hatt lyst til stadig å forsvare dativbruk og svarabhaktivokalar. Eg har heller ikkje slengt om meg med "kate" og "kjøle". Men ein del av målarven heng att. Og det gleder meg når språkkunnige ein sjeldan gong skryter av at eg snakkar så pent sunnfjordmål.
   Endå det nesten ikkje er fortent.

2 kommentarer:

  1. Gildt å sjå at du er på banen att, Reidar!
    Flekkemålet kan vel seiast å vere ein avart av Sunnfjordmålet, og her gjerne andre målmerke enn dei som presiserte at dei var frå 'selve Dale', og Hovlandsdølane hadde sin eigen svip over talemålet.
    Flekkemålet var vel heller ikkje eintydig. Hustveitfolket kom frå Voss og hadde andre talemåtar enn Ovahògsfolket som stamma frå Viksdalen og som gjerne brukte ord og vendingar som kunne vere annleis enn dei som var infødde Flekkingar.
    Etterkvart blandar ein nok høveleg saman etter som tida går - det er vel slik språket utviklar seg. Og me lyt nok finne oss i at når me kjem heim til Flekke, så snakkar me noko annleis enn dagens Flekkingar....!

    SvarSlett
  2. Ja, du peikar på nokre av problema med å gje ein talemålsvariant eit geografisk nemne. "Sunnfjordmål" er upresist. Me i Flekke sa 'me' og rulla på r-ane i vår barndom, men i "selve Dale" sa dei 'vi' og skarra. Talemålsskiljet mellom Sunnfjord og Ytre Sogn er uskarpt, sameleis mellom nørdre Sunnfjord og Nordfjord. Og som du nemner: me snakka litevetta ulikt frå gard til gard, frå generasjon til generasjon i Flekke.

    SvarSlett