onsdag 16. februar 2011

TØFFE PENSJONISTDAGAR

For tjueåtte år sidan bygde me oss hus. Me stod på, tidleg og seint, både mora, faren og dei tre ungane våre, ein stor, ein liten og ein midt imellom. Dei tre gutane gjekk på skule, i barnehage og på lut (faxelut?) og kaldt vatn mens mamma og pappa skjøtta sine jobbar om dagen og dreiv på i det som skulle verte nytt hus om ettermiddagen og kvelden. Me sparkla og måla, tapetserte og snikkerte, pussa og spikra. Her vart mykje trekvitt, og det skulle få vere trekvitt etter den tids mote. Treverket fekk ein omgang med grønsåpe og faxelut. Veggene av trefiberplater fekk for det meste strie eller vanleg tapet.
   Gjennom åra har det skjedd litt her, litt der med det opphavlege. Men mykje er som det var for tjueåtte år sidan. Til dømes er alle vindauge i heile huset og dørene i første etasje framleis ubehandla furu, som rett nok ein gong i tida fekk litt lut på seg. Dessutan panelte me det som før var soverommet i første etasje med vakker, brei  liggjande furupanel og opna opp rommet mot stova.
   No meiner kvinna i huset at det er på tide å friske opp ein del av dette treverket. Kvitt skal det verte, rettare sagt: magnolia. Magnolia er ein vakker eksotisk blome, ikkje heilt kvit, men mange sortar er noko i den duren. No må det seiast at veggene i den indre delen av stova allereie har fått magnoliafarge, av ferdigmåla huntonittplater som me har spikra opp for eit par år sidan, og som gjev oss eit falskt inntrykk av ståande panel. Skorsteinen og brannmuren har fått den same fargen, det same har dørene på kjøkkenskåpa.
   Så no går pensjonistdagane mine (måndagar og onsdagar) til pussing, flikking og måling.  Det er eit pirkearbeid som sikkert passar for pensjonistar. Døra og vindaugskarmane i karnappet er allereie i hamskiftet. Meir skal det verte. Her er fleire vindauge, og så skal  veggene i spisestova til pers, har eg skjønt.
   Men i morgon er eg ikkje pensjonist.  Då er det meir eller mindre lærevillige tenåringar, fransk, historie og samfunnskunnskap som står på programmet.  

3 kommentarer:

  1. kor går det med snorkinga? det blir vel mildare lyd med kvite omgjevnader?

    SvarSlett
  2. Ja det er greitt med dei objekta som me kan fornya og "sjaina opp".
    Det er verre med subjekta våre. Der har tida sett permanente spor, som ikkje kan dekkast over korkje med kvistlakk eller maling.
    Ein skin ikkje lenger som før, og kanskje er bukèen redusert.
    Men likevel: God gammal årgang, med duft av morkent treverk og haustlauv, er kanskje heller ikkje ueffent.

    SvarSlett
  3. Sant nok, Steinar, eg snorkar lite nede i stova, som er i ferd med å verte endå kvitare enn ho var. Men soverommet er grønt, og der snorkar eg. Når det gjeld subjektet, Gunnar, var eg i Haugesund fredag og vart behandla. Meir om det i neste blogg.

    SvarSlett