onsdag 9. februar 2011

CORNELIS

Han var ikkje frå Fresvik utanfor Vik i Sogn, sjølv om han var galen nok til å kunne ha vore sogning. Nei, Cornelis Vreeswijk var frå Ijmuiden i Nederland og kom til Sverige som tolvåring. Når eg høyrer han syngje, kjem eg nesten i feriestemning, for me har ei plate med eit utval av visene hans som me stappar inn i spelaren og høyrer på når me køyrer på sommartur. Dessutan har me med oss nokre plater med ei herleg blanding av gamle og nye svisker som me set på og kanskje trallar med når me krusar gjennom sommarlandet på veg til det europeiske kontinentet.
   Men altså: I kveld var me og såg filmen om Cornelis. Det var ei sterk og fengslande stund. Hans-Erik Dyvik Husby ("Hank von Helvete") er nifst lik rollefiguren sin, har same stemma og same figuren, og livsstilen hans ein lang periode har nok fellestrekk med livet til Cornelis.
   Me besteborgarar som har levd eit passeleg afireliv, har godt av å lytte litt til Cornelis. Og trass alt går eg òg stundom med trasiga skor. 

   

2 kommentarer:

  1. Juss, eg skulle vore heime nå forstår eg.
    Den skulle eg gjerne hatt med meg. Kan du be Fonneland setja opp ei ekstraførestelling?

    SvarSlett
  2. Eg tenkjer du angrar på heile kanarituren no ...

    SvarSlett