tirsdag 5. november 2013

SJÅ DEG I SPEGELEN!

Det med alder er eit underleg fenomen. Du skal ikkje vere mykje over tjue før småungane ser på deg som gammal. På den andre sida er nok den "gamle" gubben eller hurpa på nær tretti tilbøyeleg til å sjå på tenåringane som obsternasige småungar.
   Då me hadde drive på ei stund i den nye jobben vår hausten 1973, trefte me foreldra. Rektor Døssland skipa til ein av sine fortreffelege og legendariske elevkveldar med allsong, folkedans og andre lødige innslag. Denne gongen var foreldra innbedne og fekk høve til å treffe desse ungstyvingane til lærarar. Ein far, ein akta og æra mann i bygda, mønstra oss kritisk og uttalte: "Eg tykkjer at de lærarar ser like unge ut som elevane!"
   Eg var frå første stunda klassestyrar for den nye engelsklinjeklassen som fekk sin faste base i klasserom nummer 5 etter at me flytte i brakka.Etter tre år sa me pent farvel. Ti år deretter heldt dei jubileumsfest. Eg fekk lov å delta, og eg sa nokre ord til dei. Eg minte dei om at dei no var eldre enn eg var då dei begynte i første klasse. Dette kom som eit sjokk på dei. Var dei verkeleg vortne så hauggamle?
   Då rektor Leiv Døssland kom til Kvinnherad og starta opp med gymnasklassane, var han 57 år, og fru Eldbjørg var eit par år yngre. Me lærarane som fekk den gleda å stå under hans kommando, tykte nok at han stundom var litt for gammaldags, men det plaga oss ikkje. Døssland var ein uformell og humørfylt kollega som gjekk i busserull og sykla til og frå skulen. Han fortalde frekke historier frå bygda, og han viste oss stor tillit.
   Elevane såg nok på han med større skepsis, og somme tykte at han var fælande gammal og gammaldags. Men dei hadde ikkje vore borti andre gymnasrektorar. Og viss du som begynte i ein av dei to gymnasklassane hausten 1972 les dette: Sjå deg i spegelen både godt og lenge! No er du minst like gammal som Døssland var då du begynte!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar