tirsdag 25. september 2012

EIT FØRTIÅRSMINNE: 25. SEPTEMBER

Me budde på Studentbyen Natland. Eg dreiv på med mellomfaget mitt i norsk. Anne hadde meir enn nok med den livsglade sonen vår på tre år. Me var unge, glade og optimistiske. Men me var nokså skeptiske til den påemna medlemskapen i EEC - eller EF - eller EU, som det heiter no. Nærsagt alle med makt og posisjonar i landet talte varmt for at me skulle melde oss inn. Bratteli-regjeringa til Arbeidarpartiet, leiarskapen i LO, NHO (eller NAF, som det heitte då), tunge finansinstitusjonar og kapitalinteresser, nesten alle dagsaviser utanom Dagbladet, og jamvel eit overveldande fleirtal av våre folkevalde på Stortinget. For ordens skuld hadde tinget opna for ei rådgjevande folkerøysting. Det skulle dei ikkje ha gjort, viste det seg. Mange angra på at dei lét uansvarlege kvensomhelstarar røyste i ei så alvorleg sak.
   Anne og eg rusla i Sædalen denne fine haustdagen med småguten vår mellom oss, røysta NEI og tasla oss heim att. Me trassa råda frå det veletablerte Noreg, me tok ein sjanse, men me var nokså sikre på at me hadde valt rett. Stemninga på Studentbyen var i overveldande grad på vår side.
   Om kvelden sette me oss ved radioen og høyrde på oppteljinga. Litt før klokka tolv var NRK-folka bra sikre i si sak: Då viste dei opptalde røystene eit klart ja-fleirtal. Fleire storbyar hadde røysta for. I Oslo var om lag 2/3 av røystene ja-røyster. Den svært konservative hovudstadsavisa Morgenbladet tok sjansen på at resultatet skulle halde seg og slo gledestrålande opp over heile framsida: Det ble ja-flertall! Avisa måtte vere klar på trykkeriet ved midnatt.
   Så kom resultata frå distrikts-Noreg tikkande inn. Eit rungande NEI, NEI, NEI ljoma frå alle fylke frå og med Sogn og Fjordane og nordover. Det same skjedde med Rogaland og Hordaland utanom Stavanger og Bergen. Nokre austlandsfylke slo òg følgje med nei-bølgja. Somme kommunar nordpå hadde nesten nitti prosent nei-røyster.
   Dagen etter trefte eg mange medstudentar nede på Sydneshaugen som var svært trøytte etter vakenatta (og kanskje litt feiring), men lukkeleg gjekk og gratulerte kvarandre med 53,5 % nei til norsk medlemskap i EF.
   Me står framleis utanfor EU saman med stormaktene Island, Liechtenstein og Sveits som dei einaste stabukkane i Vest-Europa. Ja til EU har dårlege vilkår i dette søkkrike landet. Men det er knapt noko medlemsland som er meir servile overfor EU-regelverk og forordningar. Det framtids-Noreg som nei-folka drøymde om, vart det truleg lite av. Men slik er no denne hersens freamtida, ho lèt seg ikkje styre. Ikkje eingong av folkerøystingar.
                                         
 
 
 
 

1 kommentar:

  1. Reidar
    Eg var med i EF-redaksjonen i NRK radio og 25. sept. rapporterte eg frå Ja til EF-hovudkvarteret. Der fall stemninga gradvis utover kvelden. Resultatet var ikkje så overraskande den gongen. Meir overraskande i 1994. Norge kjem neppe med før det blir økonomisk krise her i landet, og med all oljen vi finn må det utruleg dugløyse til i statsstyringa dersom det skal skje i vår levetid.
    Harald K

    SvarSlett