Kjelde: Wikipedia
Eg sat og fikla litevetta med innstillingsfunksjonane for bloggsida mi, og enden på visa var at eg kom borti noko som gjer at overskriftene til alle dei godt fire hundre innlegga mine kjem opp, jamvel med bilete viss det finst. Om dette er noko å leve med, får eg vurdere etter kvart. Ei ulempe (eller kanskje ein fordel?) er at du ikkje kjem rett inn på den nyaste teksten. Viss mine presumptive lesarar har meiningar om denne fornyinga, får dei heller seie frå. Det er ikkje umogeleg at eg går tilbake til den gamle visinga snart.
No er det slik med meg at eg er vorten ein gammal knark som slett ikkje set pris på allslags fornyingar. Dei som følgjer med på bloggen min, har nok ant at eg er litt skeptisk til omlegginga i posten. Noko som eg då ikkje nemnde, men som har irritert meg fælt, er at dei har kasta den gamle logoen sin på skraphaugen. Den nye logoen minner meg om eit halvròte eple. Det vakre posthornet som har følgt etaten i hundrevis av år, er ikkje godt nok lenger. Dette er eitt av fleire døme på at ein overbetalt, men undersysselsett funksjonær har fått gjennomslag for ein fiks ide. Noko skal ein fylle tida med, og noko må gjerast for at omstillingar og (unødvendige?) reformer skal framstå som friske og trendy.
Du har sett fleire slike moderniseringar. Hugsar du den gamle logoen til Televerket? Ser du for deg logoen til Telenor? Og kva med namneskifta? Det staselege Posthuset i Bergen fekk nytt namn då posten vart rasert og det vart eit kjøpesenter. No har det fått eitt av dei mest vanskapte namna som tenkjast kan: Xhibiton eller noko slikt. Eg kvir meg på å gå inn der. Veit du forresten kva Yara er? Namnet Bring har eg forklart tidlegare. No heiter det rett nok at namnet skjemmer ingen. Men gløym ikkje at det er mange som skjemmer namnet.
Av og til er det naturleg og kanskje nødvendig med eit namneskifte. Då det nye skuleslaget kom som skulle kombinere gymnasa med ymse yrkesskular, var det vanskeleg å vidareføre til dømes namnet gymnas. Når ein først skulle samle skuleslaga, ville det vere urimeleg mot yrkesfagfolk at det nye skuleslaget fekk det namnet. Men alternativet vart ein vanskapning, som mange sleit i tiår med å ta i bruk: vidaregåande skule. Nemninga er grei nok som definisjon, men kronglete i kjeften. Spesielt vart det krøklete når me hadde bruk for samansetjingar etter mønster frå gymnaselev/gymnasiast, gymnaspensum, gymnaseksamen, gymnasbygg, gymnaslærar, gymnastida og så bortetter. Prøv å lage slike ord på grunnlag av vidaregåande skule. Hadde eg vore minister den gongen, ville eg nok ha insistert på ordet mellomskule. Skuleslaget mellom grunnskule og lærlingtid, høgskule eller universitet.
Men sidan eg ikkje lenger er vidaregåandeskulelærar (!!!), treng eg ikkje tenkje meir på dette.
Det er ein fornøyelse å sjå innom bloggen til min gamle fransk-lærar. Her finns noko for begge hjerne-halvdelane.
SvarSlettEg må gje deg rett i at du har vorte ein gamal knark (på eit område), men kjekt å lesa likevel. Sjølv er eg ikkje oppteken om det heiter Posten eller Bring eller kva logo dei skiftar til, men set pris på å kunna kjøpa frimerker på "post i butikk" seint på kvelden. Kva eg skal bruka frimerke til, veit eg ikkje.
Syns elles du er litt urettferdig mot Yara, det heng i lufta at det er noko tvilsamt med navnet. På Are Slettan sin blogg fann eg forklaringa på navnet. Yara kjem visst frå runeteiknet jara og tyder "godt år". Det er vel eit flott navn på eit selskap som lagar gjødsel ? Logoen til tidlegare Norsk Hydro burde dei derimot skifta ut til noko meir moderne. Vikingskip og kunstgjødsel heng ikkje saman, eit eple hadde derimot vore fint. Kanskje Yara skulle ha pussa litt på Bring sitt "halvrotne" ?